Kunst
Ikoniske bilete
Ingen sypressar her, knapt ei fjellbjørk: nakne fjell, sletter, vidder og hav og atter hav. Einsame, fattige, men sterkt herda menneske og hus vert tydelege i dette landskapet.
«Hav» (1962), 1985
Foto: Kåre Kivijärvi
Kåre Kivijärvi, ein kven (som stammar frå finske immigrantar i Finnmark) frå Hammerfest, var ein fotokunstnar som levde ut mange mytar om både kunstnarar og finnmarkingar. Han vart fødd i 1938, og alt i 1970, berre 32 år gamal, var han utbrend som kunstnar. Han slutta å ta bilete, sjølv om han heldt fram med å vidareutvikla tidlegare bilete i mørkerommet. Han hevda at han hadde mist den guddommelege gneisten, og hadde vorte menneskeleg. (Kan hende hadde det gått troll i ord: Han sa òg at kameraet er det beste instrumentet om ein vil avsløra den som brukar det.) Kivijärvi døydde i 1991, 53 år gamal, av strupekreft, etter eit fritt, men hardt bohemliv, med ein god del alkohol og mykje røyking, det siste i samsvar med gjeldande mytar for finnmarkingar generelt.
Det Kivijärvi har etterlate seg, skal ifølgje han sjølv kunne få plass i ei skoeske. Men då må han meine negativa. Omsett til positive kopiar, mange av dei i store format, vert det imponerande mykje, samanhalde med den korte tida han var aktiv. Bileta er dessutan av høg kvalitet.
Profesjonelt fekk han utdanning ved ein kunst- og handverksskule i Tyskland på slutten av 1950-talet, før han kom attende i 1960 for å livnæra seg som fotograf i norske og finske aviser og biletblad, for så, etter fleire utstillingar, endeleg å verta anerkjend som kunstnar ved å få stilla ut, som første fotograf, på Statens haustutstilling i 1971. Seinare vart han teken hand om av Per Hovdenakk ved Henie Onstad Kunstsenter. Hovdenakk inspirerte Kivijärvi til å arbeida vidare med biletmaterialet, og laga utstillingar av det. I 1988 fekk han statleg kunstnarløn, og vart i det heile hylla av alle, men altså i siste liten og altfor seint før han døydde.
Det er særleg to utforskande perspektiv ein kan bruka på Kivijärvi: For det første kan ein spørje seg om fotografia hans er kunst. I Noreg vart fotografi sett på som eit dokumentasjons- og informasjonsmedium, med liten verdi ut over augeblikket. Men lenge før Kivijärvi var det anerkjent i andre land at foto også kunne ha såkalla ikoniske kvalitetar, som kom av estetisk komposisjon og bruk av lys og skugge. Tenk på biletet av soldatar som reiser opp det amerikanske flagget over Iwo Jima: I eit ikonisk stillbilete vert mange rørsler og mykje meining konsentrert og halde fast. Dette er den eine måten å definera kunst på.
For det andre er spørsmålet når eit bilete vert akseptert av ein kunstinstitusjon. Slik sett var det først etter 1971 at Kivijärvi laga kunst. Før det laga han biletreportasjar for aviser og biletblad, men altså ikkje kunst? Men seinare kunne han plukka ut bilete frå reportasjane og stilla dei ut i kunstgalleri, og då vart dei likevel kunst.
I dag ser vi at reportasjebileta Kivijärvi laga på oppdrag frå Findus på slutten av 50-talet, om trålfisket på dei store bankane, oppfyller alle krav til kunst i den første tydinga, og difor har dei no vorte kunst i den andre tydinga. Ja, eigentleg meir enn videokunstinstallasjonane som i dag går på tomgang i kunstmusea.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.