JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Sanning
frå sola

Ein av dei største tankane eit menneske har skapt, kan berre bli til sanning når naturen gjer det mogleg. Det ordnar seg i São Tomé og Príncipe onsdag 29. mai 1919.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KOPI. Den totale solformørkinga i 1919 var den lengste på over 500 år. Dei originale glasplatene med foto forsvann, men kopiar var tekne.

Foto: European Southern Observatory

3824
20191115

Forteljingar frå 1900-talet

Ottar Grepstad er tett på folk som forma vår tid.

Teorien er jordisk, men stadfestinga kjem frå sola. Albert Einstein formulerte den generelle relativitetsteorien i 1915. Ei total solformørking er det som må til om ein skal få stadfesta eller avsanna teorien, og med den lengste solformørkinga på over 500 år er tida inne.

På øya Principe utanfor vestkysten av Afrika er formørkinga total frå 14.13 til 14.18. Der fotograferer to engelskmenn, fysikaren Arthur Eddington og astronomen Frank Watson Dyson, stjerner i stjernehopen Hyadane, om lag 153 lysår frå sola. Då dei jamfører desse med fotografi tekne tidlegare same året, blir det tydeleg at sola har bøygt lysbølgjene. Alt Isaac Newton peikte på at lyset blir bøygt, men relativitetsteorien innebar at lyset blir bøygt mykje meir enn Newton hevda. At det er slik, meinte Einstein ein kunne måle under ei solformørking, for då kunne ein studere lyset frå stjerner bak sola.

Frå London organiserer Royal Society og Royal Astronomical Society eksperiment på to stader under solformørkinga – på Principe og i brasilianske Sobral. Sine eintydige konklusjonar legg Eddington fram i Royal Society i London 6. november same året, og saman med Dyson publiserer han den avgjerande artikkelen om saka i 1920.

Utviklingsoptimismen verkar endelaus. Telegram kan sendast trådlaust, skip som kan søkkje og kome opp att, blir bygde, fly kan sveve over land og sjø, levande lysbilete flimrar, frå vitskap kjem kunnskap om både øydeleggjande våpen og korleis menneske kan overleve pestar og epidemiar og styre meir av si eiga ettertid. Like sidan 1882 har elektriske lamper lyst på Hamn i Senja, sjølv gåter i universet kan få sine svar. Meir sanning kjem for ein dag, men konsekvensane er ukjende.

Overfor eit meir allment publikum blir eksperimentet utanfor Afrika gjennombrotet for Einstein. Formelen E = mc2 er alt anna enn beinkløyvd og intuitiv kunnskap, sjølv om Einstein forenklar det heile i éi setning: «Tid og rom og gravitasjon eksisterer ikkje uavhengig av materie.»

Enkelt sagt er den generelle relativitetsteorien det same for fysikken som evolusjonsteorien er for biologien. Det som står att, er å kunne observere gravitasjonsbølgjer. Dei bølgjene har å gjere med ei viktig side av den generelle relativitetsteorien. Ved nokre ekstreme hendingar, som det tidlege universet eller system med to stjerner som går i bane rundt kvarandre, blir rommet heile tida endra, og det blir sendt ut gravitasjonsbølgjer. Nokre forskarar trudde dei hadde dokumentert slike bølgjer i 2013, men dette blei avvist og forklart som støy.

Saka tek raskt ei ny vending. Den 13. september 2015 identifiserer prosjektet Laser Interferometer Gravitational-Wave Observatory gravitasjonsbølgjer. Seinare identifiserer dei to sikre og ei mogleg bølgje. Det er meir enn nok til Nobelprisen i fysikk 2017.

24 år gamle Albert Einstein tok i bruk eit nytt retorisk paradigme då han byrja skrive vitskapsprosa. I fleire artiklar han publiserte som sine første skrifter i 1905, om det som blir kalla den spesielle relativitetsteorien, tok han av seg den vitskaplege tvangstrøya og skreiv utan referansar, utan sitat frå fagautoritetar, med få fotnotar, i eit språk som kravde relativt lita teknisk innsikt. Men ikkje var han ein respektert forskar då han skreiv desse artiklane, og ikkje kunne han gjere ideane sine forståelege i den tids fysikkspråk. Det tok vitskapsverda hundre år å stadfeste endeleg at Einstein hadde hatt rett heile tida.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Redigert utdrag frå 1900-talet, Samlaget 2020

Neste veke: Øyar av folk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis