Leiar

Media av skaftet

Kronprins Haakon kommenterte den komande rettssaka mot Marius Borg Høiby etter Norad-konferansen 28. januar.
Publisert Sist oppdatert

Komande tysdag startar rettssaka mot Marius Borg Høiby. 200 journalistar og mediefolk frå 56 mediehus frå inn- og utland har fått plass til å følgja rettssaka frå Tinghuset i Oslo. Det er meiningslaust mange og pinleg for den fjerde statsmakta.

Å be om varsemd og ei roleg og nøktern dekning av saka er no som å ropa i ei tomtønne. Det trengst likevel. Ikkje minst for å støtta dei fornærma, som alle er unge og skal koma seg vidare i livet etter rettssaka. Men òg for den tiltalte, som òg er ung. Den massive mediedekninga er ei stor tilleggsstraff for alle involverte i denne saka, inkludert familiane til dei fornærma og kongefamilien.

Varsemd har ikkje VG lagt nok vekt på med den nye podkasten dei har publisert rett før rettssaka startar. Ansvarleg redaktør Gard Steiro burde synt langt meir omsyn til innvendingane frå den tiltalte og dei fornærma.

Ei av dei fornærma kvinnene skriv til VG: «I podkasten omtales detaljerte, private hendelser mellom meg og Marius som ikke er av offentlig interesse, og som jeg aldri har samtykket til at skal gjøres til gjenstand for mediedekning. (…) Måten dette brukes på opplever jeg som både uetisk, krenkende og sterkt belastende.»

«Sterkt belastende». Ei slik bøn om varsemd frå ei ung kvinne burde vera nok. Men VG er suverene: «Belastningen for de involverte er et viktig hensyn, men må veies mot samfunnets behov for informasjon om en alvorlig tiltalebeslutning. I denne saken mener VG at offentlighetens informasjonsbehov veier tyngst.» Som om ikkje denne saka kjem til å verta meir enn nok opplyst.

Men noko positivt er det å melda. Oslo tingrett har nekta media å gjera lydopptak av forklaringa til den tiltalte og dei delane av forhandlingane som går bak lukka dører. Bra! Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund er kritiske til rettsavgjerda. Vonleg vinn dei ikkje fram med kritikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement