Historie
Øyar av folk
Vest i havet, vel seks mil utanfor Hebridane, utanfor kanten av dei fleste karta, har kildarane budd i fleire tusen år. Fredag 29. august 1930 reiser dei siste til nytida.
LANDSBYBUKTA. Conachair ragar 430 meter over Village Bay på Hirta, største øya i St. Kilda. Fisk, havfugl og sauer frå den utgamle soay-rasen var levevegen. Unesco tok i 2005 opp St. Kilda i verdsarven saman med Machu Picchu i Peru.
Foto: Scotland 360
Fem år gamle Norman sit på dekket og leikar. Kaptein Benjamin Wingate Barrow står ved roret på sluppen HMS «Harebell» i stille sjø. Faren John står saman med dei vaksne ved rekka i det skarpe sollyset og vinkar farvel, kvinnene med fargerike, rutete sjal, mennene i tweedkaps. Litt etter litt glir havet over Village Bay, dei steinete bakkane, fuglefjella og øya Hirta.
Dørene i husa har dei låst, inne ligg ein liten stabel havrekjeks, på borda ein open bibel. I går kveld heldt familiane sine siste husmesser med song og bøn på gælisk.
Siste vinteren var så hard at dei gir opp. Mary, mor til Norman, døyr 26. mai, likeins dottera, fødd 13. mai. Få dagar seinare skriv øybuarane til The Scottish Office i Edinburgh og bed om hjelp to leave the island this year.
Fredag morgon går 15 menn og 21 kvinner saman med sjukepleiaren og ein liten misjonærfamilie om bord i «Harebell». Trekistene deira med gods og gull er alt på plass. Den siste posten er send med «Dunara Castle» dagen før saman med halvville sauer og seks kyr som i grime måtte svømme ut frå land. Hundane har dei drukna, kattane blir att og kan jakte vidare på hus- og markmus.
I sjutida fredag kveld er dei framme i vesle Movern in Argyll, der det bur 500 menneske. Helst ville øybuarane til storbyar som Glasgow og Edinburgh, men dei fleste slår seg til her i Movern. Norman ser tre for første gong, posten kjem fleire gonger om dagen, her er straum og telefon. Ute på St. Kilda kunne dei vere isolerte frå august til mai. No har dei reist ut frå byteøkonomien og inn i pengehushaldet. Det går 75 år før Norman vitjar heimeøya att.
Lenge var berginga at dei var så langt ute i havet. Som åra gjekk, har kildarane visst dei at det finst eit anna liv langt der aust på fastlandet. Det blei for utsett å leve så isolert frå den moderniseringa som greip om seg inne på fastlandet. I 1875 vurderte styresmaktene å flytte øyfolket over havet like til Canada, men øybuarane ville bli.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.