JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Ole Vig 200 år: Vegen til eit opplyst folk!

Opplysingspioneren Ole Vig var i fleire generasjonar eit kjent og elska namn i dei samfunnslaga
som var opptatt av folkeopplysing. Da vennene la han i grav 33 år gammal, tre skritt bak Henrik Wergeland på Vår Frelsers gravlund, var det ingen tvil om symbolikken.

Ole Vig (1824–1857) var folkeopplysingsmann, lærar og forfattar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7123
20240202
7123
20240202

Ole Vig budde, arbeidde og samla folk rundt seg på 1850-talet, i det same huset som Wergeland hadde fått bygd for seg og døydde i. I Hjerterum i Pilestrædet forma Vig og den lauslege kretsen kring han Wergelands idear om til praktisk opplysingsstrev. Vig med venner rusta seg til verdikamp.

På adressa der minna om Wergeland sat levande i veggene, oppstod eit hektisk miljø. Hos Vig kom dei alle innom, ein og ein eller i flokk, dei unge forfattarane Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, komponisten og folketonesamlaren Ludvig Lindeman, presten og samfunnsforskaren Eilert Sundt, norskspråkforkjemparane Ivar Aasen og Knud Knudsen, journalisten Aasmund Olavsson Vinje, skolemannen Hartvig Nissen og dei gamle studiekameratane frå lærarseminaret i Klæbu, brørne Wexelsen frå Toten og Hougen-brørne frå Vågå.

Arbeidslyst og engasjement

Vig var eit unikum av arbeidslyst og engasjement. Den første han søkte da han kom til hovudstaden, henta dit av styret i det nyoppretta Selskabet for folkeoplysningens fræmme som redaktør for bladet deira, Folkevennen, var den noko eldre Ivar Aasen, som hadde etablert seg som dialektforskar og språkforskar i byen etter å ha reist landet rundt og samla dialektar med midlar frå vitskapsselskapet i Trondheim.

Dei fann saman i tanken om at dansk språk måtte vike for norsk, men skildest i måten det skulle skje på. Vig kom til å ta parti med Knud Knudsen og velje fornorskingsvegen, men meir basert på bygdetalen enn på den norske delen av byspråket, som Knudsen helte mest mot.

Noreg var enno eit land med dansk preg over det meste av språk og kultur, og samfunnseliten – mange slekta attende til Danmark – levde i sin eigen høgkultur framfor å ta del i den tradisjonsnorske som fanst ein stad utanfor byen og nede i folkedjupet. Men det unge, radikale Kultur-Noreg vende seg nedover og innover, mot det nasjonale, det bonderomantiske, og dette kom til å prege landet lenge. Ole Vig gjekk fremst i denne tida før det nasjonale gjennombrotet, da det var om å gjere å sette nytt og få liv i gammalt, i den jorda som skulle bli så full av nye norske, nasjonale vekstar.

I desse dagar er det 200 år sidan denne sjeldsynte mannen vart fødd på ein husmannsplass i Stjørdalen, 6. februar 1824. Om 200 år er gjerne allting gløymt, for alle minne bleiknar, men i Stjørdal kan ein nesten ikkje seie noko slikt om Ole Vig. Tvert om er han ei merkevare blitt for byen.

Den vidaregåande skolen, ein av dei største i Trøndelag, er namnsett etter Vig. Kimen kulturhus speler på at Vig sådde sine tankar om ei kulturell og språkleg nyordning i landet. Statuen «Såmannen» står utanfor rådhuset. Stjørdalingane finn lett på å kalle Ole Vig den største innbyggaren i kommunen gjennom tidene.

For Ole Vig gjaldt det om å dyrke fram ein ny æra, slagordet hans var «Liv i Norge». Den kulturelle vårløysinga skulle avløyse hundreår med dansk einevelde, dansk kulturherrevelde og tale og direktivpolitikk frå «Kjøbenhavn» og den danske trona.

«Vig sparte seg ikkje. Han arbeidde seg mest i hel.»

Kunnskap som makt

Bladet Folkevennen var Vigs viktigaste prosjekt i nokre korte og hektiske år. Han var redaktør frå det tok til å komme ut i 1852, og skreiv mesteparten av stoffet, heilt fram til han døydde seks år seinare, ved utgangen av 1857. Attåt var han om formiddagen lærar på ein guteskole i hovudstaden.

Arbeidsbyrda tyngde han ikkje. Han må ha likt den. Han hadde mengdevis med idear i sving attåt dei to blada han dreiv, og jarn i elden overalt. Det viktigaste målet med Folkevennen var at bladet skulle vekke lysta til lesing ute i dei breie folkegruppene, noko som initiativtakarane meinte ville vere med på å auke innsikta i samfunnsspørsmål hos dei små og anonyme i samfunnet, til gode for fellesskapen.

Vig tenkte på dei som enno på denne tida var utan stemmerett og dermed utan makt og innverknad i samfunnet. Det skal nemnast at ein tanke med denne satsinga frå dei som finansierte bladet til Vig, nok var å halde nede dei sosialistiske ideane som ulma under Thrane-opprøret, som hadde kulminert i den norske hovudstaden sommaren før Vig kom til Kristiania for å ta til i sin nye post, i revoltåret 1851.

På plass i byen skulle Vig gjere veg i opplysingsvellinga og få folket på betre tankar, berre 27 år gammal.

Av livssyn var Vig ein trufast kristen og framståande grundtvigianar. Ein gong fekk han møte forbildet sitt, den omstridde danske prestekjempa Nikolai Grundtvig, på den einaste utanlandsferda si, som gjekk til den gamle unionshovudstaden. Dit reiste han etter i fleire år å ha studert verka til den mykje eldre Grundtvig. Dei fann tonen, hevda Vig etterpå, etter eit fem timar langt møte. Grundtvig støtta nordmennene i ønsket om å fri seg frå dansk kulturhegemoni. Det måtte bli norsk kultur og språk i Noreg, meinte Grundtvig.

Brann sitt lys i begge endar

Korleis kan ein mann som døyr før han er 34 år, nå ein status som den Ole Vig fekk? Henrik Ibsen skreiv hyllingsdikt til gravferda. Bjørnson nemner han med namns nemning i bondeforteljinga «En glad gut». Dei norske lærarane la i 150 år årvisst ned krans på Vigs grav 17. mai. Vig sparte seg ikkje. Han arbeidde seg mest i hel.

Han dreiv to blad. I tillegg til Folkevennen starta han også opp bladet Den norske Folkeskole, saman med Knud Knudsen. Han var diktar og skreiv populærvitskaplege historiebøker og artiklar. Han skreiv poesi og debattbøker, essayistikk ville vi vel kalla det i dag, mykje vend til ungdomen. Han var ordskapar, han laga ei lang fornorskingsordliste som han trykte som føljetong i Den norske Folkeskole, for at lærarane utover i landet skulle ta dei i bruk.

Her følgde han opp Wergeland. «Dreng» var i Noreg «gut», «ebbe» var «fjære». Det var ingen «ager» nord for Kattegat, men «aaker». I Noreg heitte det ikkje «forår», men «vaar»! (Nyleg er fornorskingsordlista til Vig for første gong trykt opp uavkorta i eit skrift frå Det Kongelige Norske Vitenskabers Selskab i Trondheim, «Ole Vigs Opskrift over norske Ord, som kan indføres i Skriftsproget»).

Attåt redaktørpost, forfattarverksemd og språkfornyingsarbeid var Vig også organisasjonsgründer for lærarane, den sjølvsagde frontfiguren for den første norske lærarorganiseringa. Han streid for å få oppvurdert lærarrolla og heva lønna. Han ville betre kvaliteten på lærarutdanninga og få inn nye fag der og i skolen.

Vig ville ha namnet «Folkeskole» på det som var kjent som «Allmueskolen». Han var ein omtykt talar den tid han fekk halde på, og ein frykta avisdebattant i byen som då kalla seg Christiania, eit bynamn han konsekvent skreiv om til Kristiania. Ibsen og Bjørnson såg i Vig ein mann dei kunne akte. Den frilynde folkehøgskolen, den første som vart oppretta var Sagatun på Hamar av Vig-apostelen Olaus Arvesen, reknar Vig som skolens åndelege far.

Arild Bye

Arild Bye er forfattar og har skrive biografi om Ole Vig.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis