Historie
H for høgre
Søndag 3. september 1967 er Dagen H i Sverige. Eit heilt folk skal skifte side – på vegen. Denne revolusjonen vitnar om styrken i den nordiske modellen.
DAGEN H. Hausten 1955 sa 83 prosent nei til høgrekøyring, men berre 53 prosent brukte røysteretten. Den 10. mai 1963 vedtok Riksdagen med 294 mot 50 røyster høgrekøyring, som her i Kungsgatan i Stockholm søndag 3. september 1967.
Foto: Wikipedia
Fyra femtio och noll. Fröken Ur har halde det gåande sidan 1916 og snakkar sakte. Sveriges Radio bruker henne til å minne om kva som skal skje om ti minutt. Det er Dagen H, og mellom klokka 01.00 og 06.00 har berre drosjar, bussar og andre i teneste lov til å køyre – og syklistar. Gule vegstriper skal bli kvite, over natta kjem 360.000 nye trafikkskilt opp. Frå før minner 130.000 skilt om endringa, og dei fleste bilistane har ein lapp på dashbordet.
No når klokka er ti på fem, skal dei stoppe på venstre sida av vegen og etter ein kort stopp køyre sakte over til høgre sida og vente der. Fem noll och noll. «Ni har hört att klockan er fem. Sverige har fått högertrafik», kunngjer Sveriges Radio. Sakte glir trafikken i gang att, på Kungsgatan og Sveavägen i Stockholm, langs gater og vegar landet over.
Dette er ei svært stor endring av vårt daglege tilvære, vår kvardag, seier kommunikasjonsministeren i ein kort radiotale frå Riksdagen eit lite minutt seinare. Han legg vekt på at dette er eit tiltak for å gjere trafikken tryggare, men stoppar ikkje der. «Denna vår inneboende tveksamhet mot en genomgripande förändring av vår dagliga trafikmiljö har fått ge vika för en rationell internationalism», seier kommunikasjonsministeren. Han heiter Olof Palme.
Det kunne ha blitt kaos, men var ein suksess frå første morgon. Så godt som alle dei 8000 bussane i landet har rattet på høgre sida, men ni av ti privatbilar har det på venstre sida, og det lettar overgangen. Kan nokon forstå at det svenske folket var med på ein revolusjon for nokre timar sidan? spør Palme ut på føremiddagen.
Sverige blei som land flest. I Danmark har det vore høgrekøyring sidan 1685, i Noreg sidan 1793 og i Finland sidan 1858, medan Sverige innførte venstrekøyring i 1734. Den 26. mai 1968 har Island sin H-dagurinn. Eit halvt hundreår seinare køyrer to av tre bilar i verda på høgre sida.
Eit samfunn må vere godt organisert for å greie noko slikt. Svenske sosialdemokratar tok gjerne eigedomsretten til den samfunnsforma som frå 1980-åra blei heitande den nordiske modellen. Over tid har alle ansvarlege parti i dei nordiske landa føresett den grunnstrukturen med sine vesentlege liberale element. Modellen blei raffinert i andre halvdel av 1900-talet, noko ulikt frå land til land. I Sverige gjekk ein meir i retning av det kategoriske, i Danmark og Noreg meir mot det fleksible. Dagen H, med minst 100.000 frivillige og eit stramt samarbeid mellom stat og borgar, kan kallast det ultimate dømet på styrken i den nordiske modellen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.