Historie

Eit sjølvbestemt liv

På 1900-talet får jamt fleire råderett over eige liv. Det inneber nyord som fødselskontroll og p-pille. Tysdag 25. juli 1978 er ein ny merkedag i denne historia.

FØRSTEFØDD. Foreldra fekk filma fødselen til Louise Joy Brown, og ho var fire år då dei viste henne filmen. I vaksen alder har ho snakka med folk verda rundt om kunstig befruktning og oppmoda dei til å søkje medisinsk hjelp.
FØRSTEFØDD. Foreldra fekk filma fødselen til Louise Joy Brown, og ho var fire år då dei viste henne filmen. I vaksen alder har ho snakka med folk verda rundt om kunstig befruktning og oppmoda dei til å søkje medisinsk hjelp.
Publisert Sist oppdatert

Den nyfødde har blå auge og blondt hår, er 49 centimeter lang og veg 2606 gram. Louise Joy Brown blir fødd med keisarsnitt på Royal Oldham Hospital i England. Louise er det første prøverøyrsbarnet som blir til utan hjelp av hormon. Prøverøyrsbarn, blir ho kalla, the test tube child, men nemninga er noko misvisande. Egget blei befrukta i ei petriskål, sirkelforma og flat med ein centimeterhøg kant, og fekk vekse i to og ein halv dag før det blei sett inn i livmora.

Lesley Brown blei gravid med henne 10. november 1977. Det kunne berre gå med hjelp av den engelske gynekologen Patrick Steptoe og fysiologen Robert Edwards på Dr Kershaw’s Cottage Hospital i Oldham. I ni år hadde John og Lesley Brown prøvt å få barn. Då Lesley kom i kontakt med dr. Steptoe i 1976, gjekk det heile ganske fort. Fire år seinare blir Louise storesøster til Natalie, skapt på same måten.

Det første forsøket på prøverøyrsbefruktning var mislykka for Lesley og John. Det var det også for mange andre. Dei to legane hadde alt måtta skuffe eit sekstital par. Uvissa var stor om moglege komplikasjonar og misdanningar. Begge delar viste seg å vere grunnlause for Louise sin del, men det tek år før metoden er sikker. Ein generasjon seinare går det bra i 57 prosent av tilfella.

Den etiske sida har lite med prosentar å gjere, og det tek tid før ideen om slike graviditetar blir akseptert. Eit første offisielt punktum for skepsisen blir sett då Edwards får nobelprisen i medisin i 2010, men den romersk-katolske kyrkja godkjenner ikkje inngrepet. Då Lesley Brown døyr to år seinare, skriv New York Times at over fire millionar barn er laga på denne måten.

Vegen til sjølvbestemt liv er lang. Fleire land innfører på 1800-talet lover som gir rett til anonym fødsel og dermed skjermar om uønskte graviditetar. Februarrevolusjonen i 1917 blei på mange vis sett i gang av streikande, svoltne kvinner. Ein viktig konsekvens av denne revolusjonen er at kvinner får rett til abort frå 1920 – med 16 vekers lønt permisjon. Same året forbyd franske styresmakter ved lov alle former for prevensjon. Hitler-regimet bruker lov til abort frå 1935 av rasehygieniske grunnar, og året etter strammar Stalin-regimet inn abortlova for å auke folketalet i Sovjetunionen.

I andre halvdel av 1900-talet får mennesket jamt større kontroll over eige liv med p-pilla, fleire land innfører lover om rett til abort, egg kan befruktast på fleire måtar, surrogatmor blir eit nyord, og barnlause får nytt håp. To motsette tendensar møtest: unngå å bli gravid ved hjelp av prevensjon av typen p-pille, og bli gravid gjennom assistert befruktning av typen petri.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement