Historie
Eit liv på andre sin nåde
Hadde holocaust komme femti år tidlegare, ville Europa vore enormt mykje fattigare, meiner historikaren Einhart Lorenz.
Mange jødar har vore pionerar og framståande representanar i samfunnet, til dømes Albert Einstein.
Foto: AP / NTB scanpix
I boka Jødenes historie i Europa. Fra den spanske inkvisisjonen til mellomkrigstiden, som kjem ut i desse dagar, skildrar den pensjonerte historieprofessoren tilværet til jødane i Europa dei siste 400–500 åra. Ikkje berre som ei lidingshistorie, men også som ei tid med fornying og framsteg på ei rad felt, frå kunst og kultur til naturvitskap og andre samfunnsområde, der jødar har stått i fremste rekkje. I det perspektivet peikar han på kor stort tapet ville vore om jødeutryddinga hadde komme eit halvt hundreår tidlegare.
Einhart Lorenz kom til verda i eit område som blei polsk i 1945. Han kom i krigens siste fase med barnetransport til det som blei Aust-Tyskland, for så å hamne i Vest-Berlin. 11–12 år gammal hadde han opplevd tre ulike statssystem – det nazistiske, det kommunistiske DDR og det demokratisk BRD. Han har skrive mykje om jødane og deira historie, men er sjølv ikkje jøde.
– På bakgrunn av alle fakta du legg fram i boka di, ligg det nær å tenkje at holocaust ikkje burde vore noko stort sjokk for fleire av landa i Europa – især Polen, Romania og Ukraina – men at jødeutryddinga kom som kulminasjonen av det som hadde fått utvikle seg i desse landa i mellomkrigstida?
– Så absolutt kan det ikkje seiast. Antisemittismen var sterk i dei områda, men ikkje så sterk at han nødvendigvis ville føre til holocaust. Det fanst òg motkrefter som prøvde å halde fast ved toleranse og det medmenneskelege. At sivilisasjonen skulle bryte saman, hadde vel ingen kunna føresjå, men umenneskeleggjeringa av jødane var kommen ganske langt i delar av samfunnet.
I ei rad europeiske land, ikkje minst i Aust-Europa, fanst eit potensial til å gjere jødar til annanrangs borgarar eller ein sterk motivasjon for å få jødane ut av nasjonalstaten. I Tyskland nådde dette ein brutalitet som eg trur knapt nokon tenkte seg på førehand. Dei som beundra Hitlers jødepolitikk, såg nok føre seg tvungen utvandring eller deportasjon, til dømes til Madagaskar, med det innebar ikkje den industrielle utryddinga. Det skremmande er at så mange var med på dette.
Kyrkja og akademiske elitar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.