Historie

Den uventa motstandskjempa

Charles de Gaulle er eit prisme vi kan sjå Frankrikes historie i det 20. hundreåret gjennom.

Eit veggmåleri på turistkontoret i Colombey-les-Deux-Églises skildrar scener frå livet til Charles de Gaulle.
Eit veggmåleri på turistkontoret i Colombey-les-Deux-Églises skildrar scener frå livet til Charles de Gaulle.
Publisert

«La France n’a pas perdu la guerre, la France a seulement perdu une bataille.»

Frankrike har ikkje tapt krigen, Frankrike har berre tapt eit slag. For denne krigen er ein verdskrig.

Desse eldande orda er for alltid knytte til Charles (André-Marie-Joseph) de Gaulle. I talen over BBC 18. juni for 80 år sidan talar han om verdskrigen og om den franske motstandsflamma som aldri vil slokne. At Frankrike berre har tapt eit slag, ikkje krigen, er ei formulering som kom med på plakaten som vart spreidd etterpå.

Dette var eit definerande moment i det moderne Frankrikes historie. 80 er gått er gått sidan Charles de Gaulle definerte Frankrikes motstandskamp over BBC; 50 år sidan han gjekk bort, og 130 år sidan han vart fødd i Lille.

I BBCs nyhendesendingar 18. juni i år vart talen på dagen minna medan flya dundra over Buckingham Palace og lét fargane til trikoloren fylla himmelen. «Sjeldan har nokon spelt så briljant med så svake kort», sa BBC-kommentatoren.

I memoarane sine stemde de Gaulle i sjølv: «Eg hadde ingen troppar, ingen gendarmar, ingen funksjonærar, ingen bankkonti, ingen midlar til å bli høyrt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement