JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Den
siste løgna

Alt raknar 30. april 1945. Det går eit døgn før verda får sanne det, og åtte dagar før den europeiske delen av den andre verdskrigen er over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I testamentet 30.4.1945 utnemnde Adolf Hitler (1889–1945) Ferdinand Schörner til øvstkommanderande for Wehrmacht, som ikkje lenger fanst. Det er eit av dei siste bileta av Hitler, i bunkeren.

Foto: Ukjend

3852
20191129

Forteljingar frå 1900-talet

Ottar Grepstad er tett på folk som forma vår tid.

Søndag kveld 29. april fekk Adolf Hitler vite at Benito Mussolini var død, avretta dagen før lengst nord i Italia, nær grensa til Sveits. Den tyske føraren forstod endeleg teikninga og la til rette for sin eigen utgang av nederlaget. Måndag om lag klokka 15.30 gjekk han inn i leilegheita i bunkeren i Berlin saman med Eva Braun. Ho beit over ampullen med cyanid, han trekte av sin Walther PPK 7,65 i munnen.

Tysdag kveld 1. mai sit 24 år gamle Karl Lehmann ved radiomottakaren med hovudtelefonar som vanleg. I utkanten av den vesle byen Reading vest for London, i Caversham Park, følgjer han med på dei tyske radiosendingane. Dei jødiske foreldra Walter og Edith sende Karl og den yngre broren Georg til England i 1936 for å berge dei unna forfølgingane og flyktar sjølve seinare til USA. Saman med om lag tusen andre arbeider Karl ved BBC Monitoring. Det han fangar opp av viktige meldingar, blir omsett og rapportert til britiske styresmakter.

Klokka 21.30 lyttar Lehmann på Reichssender Hamburg, ein av stasjonane til Großdeutscher Rundfunk, på 904 MHz. Då avbryt stasjonen programmet og varslar at det snart kjem «ei alvorleg og viktig melding». Etterpå spelar Hamburg utdrag frå fleire operaer av Richard Wagner og den sakte satsen frå Anton Bruckners sjuande symfoni i E-dur.

Klokka 22.20 kjem det. Som det siste statsoverhovudet i Det tredje riket les storadmiral, no president, Karl Dönitz kunngjeringa. Der Führer har i ettermiddag falle i rikskanselliet, seier Dönitz, medan han i spissen for troppane sine kjempa mot bolsjevismen og for Das Reich heilt til det siste.

«Vi var dei første i Storbritannia som høyrde kunngjeringa», fortalde Karl Lehmann seinare. «Heile bygningen jubla. Vi forstod kva dette innebar, at krigen var over. No kunne eg få sjå att foreldra mine.»

Av dei tusen ved BBC Monitoring passa 40 på dei tyske sendingane. «Hitler var vanskeleg å omsetje», fortel Lehmann i 2018. «Han var forferdeleg til å skrive, og når du las talane hans, gjorde dei ikkje inntrykk i det heile. Noko heilt anna var det å høyre han tale. Hitler stolte på talekunsten sin.»

Den som omset kunngjeringa denne maikvelden, er Ernst H. Gombrich, også han jøde. Han kom frå Wien til England i 1936. Året før debuterte han som forfattar med Eine kurze Weltgeschichte für junge Leser. Det blir den einaste boka han skriv på tysk. Med si stygge handskrift skriblar han ned teksten på lappar for at det skal gå fort. Så ringjer han statsminister Winston Churchill. Josef Stalin har alt visst det i 18 timar.

Tysdag 1. mai er to seinare nøkkelpersonar i Berlins historie i kvar sine land. Walter Ulbricht, 51, kjem tilbake frå eksil i Moskva for å byggje opp att tysk sjølvstyre i Berlin, som han seier. Same kvelden er Willy Brandt, 31, på eit møte for emigrantgrupper i Stockholm. Frå talarstolen fortel han siste nytt frå bunkeren i Berlin. «Det var ikke noe bifall, ingen jubel», skriv han seinare.

Vel sju timar etter at Hitler døydde, klokka 22.40, vaia det sovjetrussiske flagget over Riksdagen i Berlin. Onsdag 2. mai kjem den russiske fotografen Jevgenij Khaldei dit med eit stort flagg som onkelen hans har sydd. Han treffer på tre soldatar og får dei med opp på taket. Der held meinig Aleksej Kovalev frå Kiev flaggstonga, og Khaldei får sitt ikoniske foto. Magasinet Ogoniok i Moskva publiserer biletet 13. mai, lett retusjert for å skjule at ein av soldatane har to klokker på armen. Det er strengt forbode for soldatar å ta noko frå dei døde.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Redigert utdrag frå 1900-talet, Samlaget 2020

Neste veke: På blankt papir (1957)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis