JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Den perverterte idealismen

Når du ser deg sjølv som sinnbiletet på «det gode», kan det lett oppstå ei særskilt vondarta form for fanatisme. Men det vart aldri klårt korleis det ikkje-demokratiske samfunnet skulle sjå ut. Eg ville ikkje ha budd der.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Orwell-inspirert murmåling frå Canvi a Carrer de Cañete, Valencia i Spania.

9729
20210212

Bakgrunn

Jorun Solheim, antropolog og medlem i AKP frå 1973 til 1981, skreiv ein serie på tre artiklar i Dag og Tid i november i fjor under vignetten «Trulause tankar om AKP og den venstreradikale arven frå 1950- og 1960-talet».

Serien ligg tilgjengeleg på Dagogtid.no

I to artiklar drøftar Bernt Hagtvet serien hennar. Den første stod på trykk i førre utgåve av Dag og Tid.

Med feste i Solheims tekst kan vi no greie ut meir i detalj kva som ligg i analysen hennar av «den gode viljen».

Når ein definerer seg som berar av «det gode», skjer tre ting:

1. Ein immuniserer seg sjølv mot innvendingar, for korleis er det mogleg å ta feil når ein er ei ikjøting av godleiken?

2. Når ein representer «det gode», vil motstandarane lett bli identifiserte med «det vonde». Det skjer ein dramatisk reduksjon, ja, nesten ei avhumanisering av «den andre» til ein type, ofte ein karikatur, ikkje ei kjelde som kan ha innsikt eller andre perspektiv for ein sjølv.

Rommet for samtale vert sterkt redusert, også fordi sjølve tanken om kompromiss med «den andre» trugar eigen identitet. Og svikarstempelet ligg som sagt nær, som i tilfellet med Sandemoses karakteristikk av Koestler. Sjølvrettferd er denne mentalitetens modus operandi.

3. Dei regima som sjølv meiner at dei representer «historia» eller «det gode» eller «det rettferdige», kan så å seie i utgangspunktet ikkje ta feil eller gjere feil. «Det var uråd å førestille seg at ei antiimperialistisk rørsle som pr. definisjon var god, kunne gjere seg skuldig i folkemord», som Solheim skriv.

Dette grunnsynet fører til uendelege freistnader på å orsake dei eller sjå bort frå brotsverka deira. Å kritisere dei var å svikte ideala sine. Dei mange freistnadene frå europeisk venstreside på å (bort)forklåre Moskvaprosessane (1937) går inn her.

Ja, i mellomkrigstida var det eit reint folketog til Stalins rike av håpefulle vestlege intellektuelle som vona å sjå draumane sine realiserte i arbeidar- og bondestaten. (Ein av dei mest patetiske var George Bernard Shaw, tett etterfølgd av Jean-Paul Sartre på 60-talet. Om heile denne sørgjelege historia av radikal ynsketenking og blindflekker, sjå Paul Hollanders obduksjon i Political Pilgrims: Travels of Western Intellectuals to the Soviet Union, China and Cuba 1928–78. Oxford U.P. 1981). På høgresida såg vi mykje av det same vis-à-vis Hitler.

I ideen om «den gode viljen» finn vi grunnlaget for mykje av AKPs revolusjonsromantikk, ja, reint ut sagt ml-arane som medløparar då dei støtta dei verste folkemordariske regima i historia.

Eg har ei personleg oppleving som utfyller dette biletet. I 1986 vart eg send til Nicaragua saman med Jan Egeland på vegner av Utanriksdepartementet (UD) og Chr. Michelsens Institutt. Formålet var å finne gode organisasjonar i sivilsamfunnet som kunne få norsk bistand for å styrkje det vi vona skulle bli ein demokratiseringsprosess.

I Puerto Cabezas på atlanterhavskysten fann vi klåre teikn på menneskerettsbrot mot det indianske urfolket. Dette rapporterte vi sjølvsagt til UD. Men då rapporten kom ut i pressa, kom åtaka frå venstre. Menneskerettsrapportering var berre eit vikarierande argument, vart vi fortalde. Det det stod om, var undergraving av sandinistregjeringa.

Underteksten var pinleg klår: Du avslører ikkje slikt medan landet har ei regjering av «våre». Kritikken gjekk dels ut på å så tvil om sandinistregjeringa faktisk hadde undertrykt indianarane (det kunne vi dokumentere). Men like mykje gjaldt skuldingane at vi ikkje måtte leggje fram slik informasjon i eit tid då Managua var under sterkt press frå imperialistmakta USA.

Altså eit opportunistisk sanningsomgrep, ikkje ulikt det som i mellomkrigstida førte til at Stalins brotsverk vart underslått frå venstre av omsyn til alliansen mot Hitler.

Altså: Her ser vi «skråplanet» (slippery slope) i omgangen med sanninga ut frå politiske omsyn. Skjul alt som svekkjer den antifascistiske fronten. George Orwells Animal Farm (Kamerat Napoleon på norsk) og 1984 er klassikarane på dette feltet (og sjølvsagt augevitneskildringa frå den anarkistiske våren i Barcelona i 1937, Homage to Catalonia). Dei har ikkje mist aktualiteten.

Dømet Nordahl Grieg er her illustrerande. Solheim går djupt inn i dei dilemmaa lagnaden hans stiller, og det ho seier, kling moderne. Dette er politisk refleksjon på høgt nivå.

Grieg forsvarte Moskvaprosessane. Der vart alle Lenins medarbeidarar frå den fyrste revolusjonstida myrda etter falske skuldingar og skodeprosessar (show trials). Aktor Andrej Vysjinskij låg heilt på line med Roland Freisler i den nazistiske folkedomstolen då han skreik ut at alle dei gamle bolsjevikane skulle skytast som «hundar» og dømast etter «folkets rettskjensle».

Stalins paranoide temperament og maktlyst var sterkt medverkande til desse rettssakene. Den offisielle grunngjevinga var at rettssakene etter drapet på partisekretær Sergej Kirov i 1934 var eit reint forsvar, eit forkjøpsåtak, så å seie, frå ein stat som var truga av den framveksande fascismen, især frå Hitlers tredje rike, og ein indre fiende av trotskistar.

Bolsjevikleirane var alle uskuldige. Solheim skriv at foreldra hennar hadde ein blindflekk her. Griegs syn på desse prosessane vart ikkje ofte omtala.

For Jorun Solheims eiga politiske mogning vart Grieg viktig på grunn av måten han omtala Moskvaprosessane på.

I romanen Ung må verden ennu være inntek Grieg eit motsett standpunkt til skuldspørsmålet i Moskvaprosessane enn det Koestler gjorde i Mørke midt på dagen (1940). Den tiltalte bolsjeviken Rubasjov i Koestler-romanen er uskuldig, men erklærer seg skuldig som ein siste dramatisk gest til partiet han elskar.

Hovudpersonen i Griegs roman, Lebedeff, er skildra som ein djupt truande kommunist og er forstått slik av alle. Men han er skuldig, syner det seg. Han angrar og innser at det er den manglande trua som forklårer sviket. Han ber om tilgjeving.

Tolkinga som ligg nær, er at Grieg forsvarer prosessane og dei brotsverka dei representerte som «naudsynlege» for å fremje «det gode». I skodespelet Nederlaget som Jorun Solheim siterer frå, og som handlar om nederlaget i Parisarkommunen i 1871, blir denne moralen ekstra tydeleg: «Godheten kan bare seire ved vold, der er det bitre vi har lært», seier revolusjonsleiaren Charles Delescluze. Svak, planlaus vald fører berre til forlenging av liding, medan massiv, utslettande vald fører til klårgjering og dermed siger for «det gode».

Sjokket Solheim fekk då ho skjøna at Grieg laug og tilpassa sanninga til partilina, bana vegen for hennar ferd ut or den politiske romantikken. At Lebedeff vart framstilt som skuldig, slo henne som kunstig og tilpassa av Grieg til det politisk opportune. (Ei god norsk innføring i heile denne problematikken finn ein i Paul Knutsen (red.): Moskvaprosessene og stalinismen, Universitetsforlaget 1981.)

Jorun Solheim har gjeve oss ei sannferdig opning inn til eit mangslunge felt. Det spørsmålet som melder seg, er kva verdiar og politiske motførestillingar demokratiet kan stille opp med, konfrontert med dette altoppslukande strevet etter «det gode».

Demokratiet er den grå politikks styreform, ein måte å styre på for folk med temperament på lågbluss. Kompromiss er demokratiets ror. Det gjev ikkje det tyrstande politiske mennesket så mykje inspirasjon, lite eksistensiell høgd. Men det gjer det mogleg å endre kurs på basis av ny informasjon. Demokratiet er rasjonalitetsfundert. Fordi det står for dei små stega, kan ein ta seg inn att, rette opp mistak utan å føre heile folk i døden. Dei politiske og sivile rettane medverkar til denne kursrettande sida ved demokratiet.

Dette kvardagspreget er demokratiets fremste sivilisasjonsverdi – i alle ulike fasongar. Så kan vi diskutere under kva politisk-økonomiske omstende ei slik demokratioppfatning kan overleve. Den djupe ideologiske polariseringa i trettiåra og i USA i dag gjer det naudsynt å ta opp slike spørsmål.

Den fremste skilnaden mellom søket etter «det gode» og kvardagspreget i demokratiet ligg i maktskepsisen. Demokratiet har innebygde institusjonar – fleirpartisystem, autonome rettsinstansar, politiske og sivile rettar, opne val – som nettopp skal dele opp makt. Slik tenking er heilt fråverande blant «dei gode».

Og det er nett her – i fråværet av kritisk syn på kor lett det er å misbruke makt – at freistinga til overgrep ligg. Om du har dei rette maktrusa typane i leiinga, er tragedien lagd på beddingen. Counterwailing powers, som John Kenneth Galbraith kalla denne maktspreiinga i sine studiar av amerikanske storføretak, er heilt avgjerande.

No som vi veit at Trump vart stogga (førebels) av nett slike institusjonar, er det verdt å minnast dette demokratiske grunndraget.

Kan hende såg den engelske idéhistorikaren Isaiah Berlin noko grunnleggjande då han åtvara mot ideologisk feber og jakta på «det reine og gode»:

Politisk mogning, sa han, er å kunne sjå det relative i eigne synsmåtar og samstundes halde fast ved dei – og, kunne vi føye til, la dei danne grunnlaget for stegvise reformer (piecemeal reform), som filosofen Karl Popper sa det etter å ha studert dei diktatoriske trendane i den politiske idéhistoria i Vesten.

I Jorun Solheims sjølvoppgjer ligg denne popperianske kritikken innbakt i teksten, og vi skal vere glade for å bli minte på dette på ein så open og reieleg måte.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Godheten kan bare seire ved vold», seier revolusjonsleiaren ­Charles ­Delescluze.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis