JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Bokstavtru opprørar

Den 3. april var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd.
Den norske profeten søkte religiøs autoritet, men presteskapet stilte seg i vegen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Adolph Tidemand: «Haugianerne», 1852.

Adolph Tidemand: «Haugianerne», 1852.

Adolph Tidemand: «Haugianerne», 1852.

Adolph Tidemand: «Haugianerne», 1852.

7813
20210507
7813
20210507

I dag rår det neppe noko stor usemje om at Hans Nielsen Hauge var ein viktig person i norsk historie. Karsten Alnæs har nok norske historikarar med seg når han skriv at Hauge var ein av dei viktigaste personlegdommane i norsk historie.

Francis Sejerstedt omtalar han som ein viktig føresetnad for demokratiet i Noreg. Alexander L. Kielland skreiv ein stad at Hauge truleg var den største nordmannen som har levd; ein av dei sjeldne utvitydige heltane i Kiellands romanunivers er då også Hans Nielsen Fennefos, haugianarpredikanten i Skipper Worse (1882).

Det er ikkje lett å finna fellesnemnaren for alle dei som har late seg begeistra av Hans Nielsen Hauge. Kielland såg han som ein sann kristen som gjorde opprør mot ei løgnaktig statskyrkje, ein helt som praktiserte Søren Kierkegaards strenge og martyrorienterte kristendom.

Biskop Andreas Aarflot, som sjølv stammar frå eit haugiansk miljø i Ørsta, hevdar i si doktoravhandling at Hauge stod for ein reflektert luthersk teologi og slett ikkje var den svermaren han vart skulda for å vera.

Det går linjer frå Hauges oppgjer med embetsverket, og især prestane, både til den radikale lekmannsrørsla og til den politisk radikale Thrane-rørsla. Både Kinamisjonen og arbeidarrørsla har ros å koma med.

Medan norsk kristenliv var splitta i ein streng pietistisk fløy og ein meir frilyndt grundtvigiansk fløy, vart Hauge dyrka i Danmark av det som i Noreg var motparten, nemleg Grundtvig sjølv, som reiste til Noreg og oppsøkte haugianske miljø. Han meinte Hauge vekte den norske folkeånda til live.

Og medan samtidige prestar åtvara mot Hauge og var svært aktive for å få han send i fengsel, kom den dominerande teologiske retninga i Noreg frå midten av 1800-talet, den såkalla johnsonske vekkinga, til å byggja vidare på arven frå Hauge og kanalisera lekmannskristendommen inn i kyrkja og gje dei talarstol i Indremisjonen.

Kielland mislikte dette sterkt: «Jeg har nemlig opdaget, at det ogsaa er en Løgn, naar Præsterne tale om det Kristenliv, de have vakt blandt Folket. Sagen er, at Folket selv har tvunget dette Liv frem, og saa har Gisle Johnsons Ravneunger grebet det og levet paa det og deraf lavet sig en Lovsang». (Brev til Bjørnson, 9. mars 1881).

Trygve Riiser Gundersen, som har forska på Hauge i mange år, og som gir ut bok om han i år, peika nyleg på at den Hauge som levde vidare i Den norske kyrkja, var Hauge etter fengselsopphaldet, ein modifisert Hauge som dempa kyrkjekritikken. Det var ikkje opprøraren, som kom med harde karakteristikkar av presteskapet og gladeleg gjekk i fengsel for si overtyding. Hadde impulsane frå den unge Hauge dominert, ville kanskje framhaldet blitt annleis, skriv Gundersen, både med omsyn til å gje kvinnene store roller i rørsla og kanskje også ved at fleire hadde brote ut av statskyrkja.

Oppsummert: Hauge var prisa av eit statslojalt presteskap, av eit opprørsk lekfolk, av frilynde grundtvigianarar, av strenge pietistar, av næringsliberalistar og av den gryande arbeidarrørsla. Og for den meir indirekte verknaden arbeidet hans medførte, blir han rosa for demokratisering og retten til fri organisering, sentrale verdiar frå 1814-generasjonen.

Korleis kunne dette skje? For det første heng det saman med ein heilt eineståande og nesten uforståeleg arbeidsinnsats frå Hauges side. Etter at han hadde si store åndelege oppleving på åkeren ein aprildag i 1796, kom ein periode med reising, preiking, skriving og organisasjonsarbeid som varte i åtte år, før han vart sett i fengsel. I løpet av denne tida skapte han ei stor folkerørsle, han skapte om det som etter kvart blei 30 næringsverksemder, var aktiv i oppstarten av halvtanna hundre til, skreiv 30 bøker og vart den mestseljande forfattaren i landet.

Motstanden mot han kom delvis frå presteskapet, som hadde lovverket på si side, fordi det var ulovleg med forkynning utan presteleg tilsyn. Og delvis kom det frå eit embetsverk som hadde hatt kontroll med næringslivet, og som no såg at folk utanfor dei klassane som hadde drive handel og næring, brått fekk på beina eit stort og aktiv forretningsliv som truga dei gamle handelshusa. Slik skildrar Kielland det i Skipper Worse.

I tida frå 1804 til 1814 var Hauge stort sett i fengsel, men vart sett fri ein periode for å starta saltkokeri langs kysten (mellom anna på fødeøya mi, Bru i Ryfylke). Som takk for innsatsen sette dei han inn att etter enda teneste. Då han kom ut att, i grunnlovsåret, var han så medteken at han måtte innstilla reiseverksemda, og han levde i Aker til han døydde i 1824.

Kombinasjonen av Hauges enorme kraftutfalding og samfunnet som gjorde han til martyr, har skapt ei forteljing om Hauge som har hatt stor livs­kraft. Ho har blitt brukt i populære forteljingar, som Jacob Breda Bulls biografi, og kombinert med ulike ideologiar. Kielland kunne bruka han som ein kierkegaardsk opprørar mot statskyrkja, næringsliberalistane som ein martyr i kampen mot eit stivna statsbyråkrati, Thrane-rørsla som ein folkeleg opprørar mot undertrykkarane, lekmannsrørsla som ein forkynnar som tala profetiske ord mot rike og mette statskyrkjeprestar.

Med åra har Hauge gått «Fra samfunnsopprører til ikon», som det heiter i ei artikkelsamling frå Universitetet i Agder. Dersom ein tek utgangspunkt i skriftene til Hauge, har mange sympatisørar lite til felles med han. Rett nok var han i praksis ein næringsliberalar, men han var også ein profetisk refsar av kjærleik til pengar og jordiske verdiar. Og rett nok refsa han presteskapet, og grov grunnen under autoriteten deira, men berre for å skapa ein endå sterkare autoritet, bygd på nytestamentet og eiga forkynning. Og sjølv om han kom til å inspirera utbrot av statskyrkja og etableringa av frie trussamfunn, var han ein lojal forkynnar av Pontoppidans kristendom og slett ingen svermar.

Mange av verknadene av gjerninga hans kom på område han slett ikkje skreiv om, og knapt tenkte på. Han ville nok gjerne at folk fekk starta næringsverksemder og organisera seg, men han hadde neppe noko politisk program i retning av demokratisering og organisasjonssamfunn. Likevel er det nokre av dei viktigaste konsekvensane av den rørsla han skapte.

Fleire av dei som skriv om Hauge, peikar på at han var moderne og tradisjonell på same tid. Han ville fornya den umistelege arven i reformatorisk kristendom og var i den forstand orientert bakover. Men han tok i bruk organisatoriske verkemiddel som kom til å modernisera samfunnet radikalt, utan at han var særleg oppteken av det.

På same måte som Luther fekk eit uventa sterkt gjennombrot på grunn av den nye trykkekunsten, spreidde Hauge ideane sine ved ein innovativ bruk av marknaden for bøker og pamflettar. Det høvde akkurat med Struensees liberalisering av trykkefridommen. Og organiseringa av folk på grunnplanet hadde i seg ein politiske potens som peika langt framover.

Forfylginga og fengslinga av Hauge har utan tvil gjort forteljinga om han til eit ikonisk narrativ, som etter kvart har blitt teke i bruk i ulike grupper og av ulike ideologiar. Vil ein bruka Hauge-jubileet til noko fornuftig, kunne ein kanskje sjå på dei sidene av verka og forfattarskapen hans som er gløymde. Det er eit forunderleg faktum at mange av verknadene av Hauges gjerning var ting han verken tenkte på eller skreiv om, som organiseringa av bondeopposisjonen.

Vi kunne gjera ære på Hauge ved å setja oss meir inn i den samtidskritikken han sjølv formulerte, og som ligg føre i skriftene hans.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vil ein bruka Hauge-jubileet til noko fornuftig, kunne ein kanskje sjå på dei sidene av verka og forfattarskapenhans som er gløymde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis