Historie

Augevitne og ei kameralinse, 26.11.1942

Laurdag 26. november er det 80 år sidan 529 norske jødar vart stuva inn i lasteskipet «Donau». Endestasjonen var utryddingsleiren i Auschwitz i det tyskokkuperte Polen.

Dei tre bileta fotografen Georg W. Fossum tok ved kaia der «Donau» låg denne novemberdagen i 1942.
Dei tre bileta fotografen Georg W. Fossum tok ved kaia der «Donau» låg denne novemberdagen i 1942.
Publisert Sist oppdatert

Den 1. desember 1942 skreiv ei mor i Noreg til dotter si i New York: «Her i landet er det nå jødene som forfølges og deporteres. Vi visste ikke at vi hadde jøder her. Først tok de mennene, så alle kvinder og barn. De sendes med båter.
Ingen vet hvor hen.»

Deportasjonane og drapa på nesten 800 jødar frå Noreg har fått ein stadig sterkare plass i den kollektive historia vår. 80-årsdagen for arrestasjonane av kvinner, born og eldre vert i år markert mange stader i landet. Slik var det ikkje for berre 20 år sidan.

Fotografi har medverka til å forme biletet vårt av krigen. Dei fleste ikoniske bileta vi kjenner frå denne delen av norsk historie, er frå invasjonsdagen 9. april 1940 eller fredsdagane fram mot kongens heimkomst i juni 1945.

I over 50 år fanst ingen kjende fotografi frå deportasjonane av jødar frå Noreg, men i 1994 dukka tre fotografi opp. Georg W. Fossum hadde på den tida som oppdrag å fotografere dagleglivet i Oslo. Filmrullane vart sende til legasjonen i Stockholm. 26. november 1942 fekk Fossum eit hint frå ein kontakt i politiet og kom seg ned til kaia, til Amerikalinjen, med sitt vesle Kodak Retinette-kamera. Ved utstikkar 1 tok han tre bilete. Akkurat denne filmrullen fann aldri vegen til Sverige. Kureren som hadde teke med seg filmrullar tidlegare, måtte flykte på grunn av opprullingar. Filmen vart liggjande skjult til etter krigen.

I 1994 vart to av bileta endeleg offentleggjorde i Aftenposten, samtidig som Fossum vart intervjua. Her fortel Fossum at han først tok eit bilete på avstand for å sjå om han vart «tilsnakket». Han våga seg så nærare og tok eit bilete av «Donau» gjennom nettinggjerdet. Det tredje og siste biletet Fossum tok, har seinare vorte det mest nytta: «Donau» på veg frå kaia med tilskodarar i forkant.

Fossum må ha opphalde seg i området både før og etter «Donau» la frå kai klokka 14.55. I 1994 gav han ei kort skildring av det han såg:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement