JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

🎧 Raudt støv

Sovjetunionen skulle bli noko skinande nytt.
Men Sigrid Undset såg berre fortid, ikkje framtid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
15759
20200508

Tilbake til framtida

Då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940, var Sigrid Undset i Oslo. Nobelprisvinnaren kom seg heim til Lillehammer, men ti dagar seinare stod tyske styrkar rett sør for byen. Den kjende antinazisten Undset måtte flykte nordover. Med bil, båt, tog og fly og på slede reiste ho mest jorda rundt: Oslo–Lillehammer–Gudbrandsdalen–Åndalsnes–Mo i Rana–Sverige–Russland–Japan–San Francisco–New York.

Om fluktreisa skreiv Undset boka Tilbake til fremtiden, først utgitt i USA i 1942 (Return to the Future).

I denne serien tar forfattaren Morten A. Strøksnes for seg reisa og boka, som han meiner er ein gløymd klassikar. Essayet bygger på eit foredrag ved Undset-senteret på Bjerkebæk i fjor haust.

Del 4 av 6

Lytt til artikkelen:

Sigrid Undset er i Stockholm, men ønskjer å dra til USA. Der kan ho gjere meir nytte for seg i kampen for eit fritt Noreg, trur ho. Før krigen var ho invitert på foredragsturné i USA, så ho må alt ha vurdert å reise til Amerika. Bøkene hennar har selt i mange hundre tusen over there, og nobelprisvinnaren har eit stort namn. Kanskje har ho òg lyst til å oppleve USA, der ho aldri har vore før.

Men korleis kjem ein seg til USA når Noreg og Danmark er okkupert og Tyskland driv blitskrig på fleire frontar og snart vil ha okkupert heile Nord-Europa?

Først freistar ho å komme seg over Atlanteren via Petsamo, den nordlege tunga til Barentshavet som enno var under finsk kontroll. Det viser seg å vere umogleg. Alternativet som no peikte seg ut, var ikkje akkurat nokon snarveg: gjennom Russland og Sibir til Stillehavet, Japan og USA.

På den sovjetiske ambassaden i Stockholm var det Aleksandra Kollontaj som tok imot henne. Undset skriv dessverre ikkje om møtet, men Kollontaj var ein særs interessant skikkelse. Etter studiar i Sveits budde kommunisten, feministen og forfattaren i Oslo frå 1915 til 1917. Då reiste ho til Russland og blei minister i den første sovjetiske regjeringa – og dermed den første kvinnelege statsråden i verda. Ho var også mellom dei første kvinnelege diplomatane, og i 1920-åra var ho i to omgangar stasjonert i Noreg, der ho jobba med kulturutveksling og fekk eit imponerande nettverk. Faktisk har ho fått æra for at Noreg godkjende Sovjetunionen så tidleg (1924).

Den radikale Kollontaj og Undset stod så langt frå kvarandre politisk som det er mogleg å komme. Kollontaj visste garantert at Undset på mange område var reaksjonær. Samstundes ville det vore rart om dei ikkje respekterte kvarandre. Mange av Undsets tidlege bøker handlar om kvinner som bryt med dei tradisjonelle kjønnsrollene. Både Undset og Kollontaj var sjølvstendige, intelligente og engasjerte kvinner med imponerande merittar bak seg.

Kollontaj må ha skjønt at det var risikabelt å sleppe Undset laus i Sovjetunionen. Og som vi skal sjå i siste del av denne serien: Undsets bok om reisa skapte diplomatiske forviklingar mellom Noreg og Sovjetunionen etter krigen.

Aleksandra Kollontaj åtvara Undset om at reisa gjennom Russland kom til å bli lang og hard. Men Undset hadde bestemt seg. Den 13. juli spaserte ho frå Artillerigatan til Nybroplan saman med søstera Ragnhild og ekteparet Lyttkens. Dei tok farvel, og Undset tok ein buss til flyplassen i Bromma saman med sonen Hans.

Som lesar merkar ein fort kva haldning Undset har til Sovjetunionen. Alt før det russiske flyet lettar, uroar ho seg, overtydd om at russarar ikkje veit korleis dei skal handtere moderne maskineri. Kanskje var ikkje dette heilt utan grunn, sidan ho i lufta blir sittande og lure på kva det svarte «fluidumet» som «siprer» ut over kabingolvet, er for noko, og om det bør kome i kontakt med sigarettane og fyrstikkene som dei russiske passasjerane slenger rundt seg.

I Moskva får Undset kultursjokk. I gatene stanser aldri straumen av folk, det er som ei elv av menneske. Ho har dumpa ned frå skyene inn i ei anna verd.

Undset har klare negative forventningar til Russland, og gjett om dei blir innfridde. På heile turen ser ho berre éin russar som smiler, og berre éin gong ser ho at nokon les i ei bok. Det er tiggarar overalt, skriv ho, og håret deira er grønt av mugg eller smuss. Om Moskva: «Over hele byen – lukten av ting som råtnet og smuldret og falt i ruiner, lukt av mugg og lukt av soppspist treverk og murbruk som skaller av veggene, lukten av det svarte slimet i sprekkene mellom brosteiner og hullene i asfalten.»

I Moskva var ho i sentrum av eit imperium som omfamnar minst hundre nasjonar, frå Stillehavet til Vest-Europa, frå Kaspihavet til Barentshavet. Det finst knapt noko land i verda med større genetisk og kulturell variasjon. Men for Undset liknar alle på kvarandre. Russiske menn ser til dømes slik ut: «Alle virket de grovbygget, storknoklet, med lave og brede panner, høye kinnben og en stor triangel til nese rakende ut av ansiktet.»

Som ei slags streng tante på ein internatskule kjem ho igjen og igjen tilbake til den dårlege hygienen. Ikkje berre personleg hygiene, men også folkehygiene, med referansar til statistikk og medisin, litt som ein spekulativ Eilert Sundt. Ho trur totalitære statar gir blaffen i vaksinar, vitamin, sunt kosthald og buformer som betrar folkehelsa, og at det kan bli deira undergang. Kanskje vår òg, slik at «den hvite manns historie på kloden er ferdig», som ho skriv, litt melodramatisk.

Noko av det ho skriv om Russland, er direkte feil. Landet hadde til dømes satsa enormt på utdanning og helse. Vitskap var på ein måte den nye religionen til sovjetarane. Barnedødstala var på bratt veg ned og hadde vore det lenge. Sovjetunionen var utan tvil eit diktatur, men i trettiåra hadde det sovjetiske samfunnet ei ganske formidabel utvikling. Bolsjevikane bygde nye hamner, vegar, fabrikkar, busetnader – heile byar. Ikkje så veldig lenge etterpå var sovjetiske romskip i verdsrommet, og sovjetiske atomubåtar låg under isen på Nordpolen.

Undset ser noko heilt anna enn modernitet i full galopp. Ho skjøner at «det er noe hypnotiserende i kollektivt liv». Men for henne representerer revolusjonen og kommunismen ikkje noko nytt og friskt. «Det nye Russland er bygget op, ikke på vår tids ruiner eller vår tids ideer, men på besteforeldrenes verden.» Ho trur «Russland prøver å bygge det nye på et fundament av idéer som demokratiene for lengst har kassert som uhensiktsmessige, i lys av hva de siste femti års erfaringer og videnskap har lært oss». Alt i 1940 er det revolusjonære Sovjetunionen fortid for Undset, ikkje framtid.

Undset er nok klar over at ho går litt langt: «Jeg må innrømme at jeg er visst av naturen slik at ikke noe russisk kan vekke dypere sympatisk resonans i meg.» Ikkje eingong dei store russiske diktarane held mål for Undset. Jau, ho har lese dei i ungdommen, men tru ikkje at begeistringa og innlevinga var ektefølt. I Moskva går ho ikkje på museum for å oppleve russisk høgkultur. Ho og Hans går heller og snusar gatelangs og i portrom og bakgardar for å sjå korleis folk lever. Det er stort sett «ensartet heslighet, falmet og farveløs og nedsølet».

Heilt svart er det ikkje heile tida. Russarane elskar blomstrar, og barna i Moskva ser stort sett sunne og nøgde ut. Undset veit sjølvsagt at det er mykje ho ikkje forstår, også fordi ho ikkje kan eit ord russisk.

Tidsomgrepet går i oppløysing for henne i Moskva, skriv ho. For ein reiseskildrar kan det vere nyttig at tidsopplevinga og eg-gravitasjonen krakelerer. Nye spørsmål tvingar seg fram, gamle svar blir forkasta. Idear og erfaringar får lufta seg i møte og gjennom sanseinntrykk, slik at horisontane blir utvida – slik er det når ei reise er på det mest verdifulle.

Undset mistar kjensla av tid, men ikkje seg sjølv. Avsmaken for Russland sit djupt nede i grunnfjellet hennar av livserfaringar, verdsbilde, menneskesyn og politiske overtydingar. Ho var antitotalitær, konservativ og religiøs. Kommunistane var revolusjonære og undertrykte religion og tradisjon. Russland hadde to gonger gått til åtak på Finland, ei sak Undset var djupt engasjert i, og ho flykta frå tre små finske krigsbarn ho hadde tatt til seg på Lillehammer.

Dessutan ser ho intellektuelt ned på mange av kommunismens læresetningar. Ifølge Marx skulle til dømes proletariatet vekse og bli stadig meir utbytt. I staden, skriv Undset, er det middelklassa i dei vestlege landa som har vakse, mens industriarbeidarar har fått stadig betre kår. Kommunistane tar korkje empiri, liv, død eller religion høgtideleg nok, slik Undset ser det.

Ei reiseskildring kan gjerne vere prega av ei open haldning og vilje til å forstå, men det er ikkje noko absolutt krav. Som sjanger er reiseskildringa ikkje framand for å dyrke forskjellar og gjere dei synlege, gjerne gjennom humoristiske spissformuleringar. Kulturelle møte er ofte prega av mistydingar og kollisjonar. Det framande kan nokon gonger oppfattast som trugande, men oftare er det berre merkeleg, gåtefullt eller djupt komisk. Mark Twain skapte ein eigen sjanger då han reindyrka komikken i The Innocents Abroad (1869).

Undset er ikkje der. Men også ho set fordommane sine i arbeid, og viser dei fram utan å skjemmast. Ho er fullt klar over at dette er Russland sett med hennar auge, og ikkje ei sosiologisk avhandling.

Nokre av russlandsskildringane til Undset får meg til å lure på om ho tullar. Ho greier til og med å gi eit stikk til russiske kyr: «Aldri så jeg en russisk ku opføre sig som våre individualistiske.» Men heldigvis er eg ofte heilt sikker på at målet hennar er å få lesaren til å smile. Om den transsibirske jernbanen skriv ho til dømes: «I virkeligheten var reisen gjennom Russland og Sibir ikke anstrengende. Det var bare å sitte stille og bli skitnere og skitnere.» Ho held fram på same side med å skildre reiseføraren slik: «Det var en bitte liten, svartsnusket som så ut så en fikk lyst til å legge ham i bløt i et kar med varmt såpevann over natten, og skylle ham i mange hold rent vann, før han ble hengt til tørk. Han var kledd i en muggrå sportsdress som var et par nummer for stor til ham.» Mark Twain kunne ha skrive noko liknande.

Samstundes som Undset kan vere ganske perfid, får ho godt fram at mannen er hjelpsam og snill, og gjer sitt beste for at passasjerane skal ha det bra. Då den same reiseføraren tilbyr Undset ein Gorkij-roman på tysk med tittelen Wer lebt glucklich in Sovjet-Russland?, veit Undset alt svaret. Det er armeen og partipampane som lever lykkeleg i Sovjet-Russland – om nokon. Når vogna blir vaska, er det av ein mann som går med eit glas vatn i eine handa og ein kost i den andre. No og då tar han en slurk av glaset, sprutar vatnet ut igjen frå munnen, og kostar det fuktige golvet.

Undset er kanskje ikkje mest kjend som humorist, men i Tilbake til fremtiden viser ho ganske ofte eit fint blikk for ironi og reisekomikk. Men stort sett er Undset seriøs og analytisk. Ho observerer og skildrar, ikkje spontant og refererande, men mot ein verdshistorisk og sivilisatorisk bakgrunn. Undset minner her meir om nobelprisvinnaren V.S. Naipaul, også ut over det at begge er opptatt av (mangel på) hygiene, enn om Twain. I møte med India og Pakistan er Naipaul ofte nådelaus i karakteristikkane, samstundes som observasjonane kan vere originale og tankevekkande, nettopp fordi dei er subjektive og uredde.

Winston Churchill skildra i ein radiotale i 1939 Russland slik: «Russia is a riddle, wrapped in a mystery inside an enigma» (Russland er ei gåte innpakka i eit mysterium inni ein løyndom). Undset skriv seg òg inn i ein gammal tradisjon der Russland er noko framandt, trugande og uforståeleg. Reiseskildringar frå 1800-talet framstilte ofte Russland på måtar som liknar Undsets. Der blir landet ofte ein halvbarbarisk og irrasjonell kontrast til den skinande vestlege sivilisasjonen. I denne tradisjonen er Russland ein del av Asia og nærast av naturgitte årsaker despotisk og underutvikla. Sjølv om det også finst meir finkorna personlege og politiske årsaker til at Undset var så skeptisk, var ho nok òg påverka av denne typen Russland-orientalisme – som enno pregar oppfatninga vår av landet. Og la det vere sagt: Stereotypiar har kanskje fått eit ufortent dårleg rykte. Når noko blir oppfatta som typisk over lang tid, kan det vere fordi det faktisk er det.

På ein måte er det noko fint ved at Undset er så lite villig til å la seg begeistre. Mange forfattarar som hadde vore i Russland i 30-åra, lét seg kanskje rive med i meste laget. Det fanst eit GULag, og i åra før Undset vitja landet, hadde Stalins Moskva-prosessar reinska ut store delar av kommunistleiinga gjennom ei lang rekke bisarre teaterstykke av nokre rettssaker. Undset såg mykje av det same som det Arthur Koestler gjorde i den vidgjetne kommunistkritiske boka Mørke midt på dagen. Boka blei utgitt hausten 1940, og blei ein sensasjon, ikkje minst i USA.

Undset er hard med Russland, men det er mogleg å vri dette til at ho viste gode instinkt når ho såg sovjetkommunismen som moralsk korrupt, totalitær og ineffektiv. Kommunismen var ikkje framtida. Systemet var ikkje berekraftig.

Som forfattar var Undset utsett for mange dilemma, då ho i 1941–1942 skreiv Tilbake til fremtiden. Ho skreiv midt i ein verdsomspennande konflikt i rask og dramatisk utvikling. Vi har fasiten, men Undset eller andre kunne ikkje vite at det meir enn nokon var Sovjetunionen som kom til å bere den tyngste børa i kampen mot Nazi-Tyskland. Då ho reiste i Russland, hadde landet ei ikkjeangrepspakt med Nazi-Tyskland. Men då boka gjekk i trykken, var slaget om Stalingrad i full gang. Undset har sjølvsagt fått med seg denne utviklinga, men ho er berre så vidt synleg i boka.

Om ein tar med alle usikre moment i likninga, er det meir overraskande kor ofte Undset analyserer situasjonen riktig, enn kor ofte ho tar feil. Og det trass i at ho ikkje køyrer noko trygt, passivt løp, men er særs skarp og offensiv i analysane. Men ho såg neppe for seg at boka, som er så knusande mot Tyskland og nazismen, skulle bli møtt av oppglødde heiarop frå den kanten. Naziavisa Aftenposten melde den svenske utgåva av Tilbake til fremtiden den 26. mai 1943. Meldinga er svært nedlatande og sarkastisk overfor Undset: «Vår aldrende landsmanninne Sigrid Undset viste seg i prøvelsens stund ikke å være mer nasjonal enn at hun samlet skjørtene om sig, tok sin sønn Hans ved hånden og forsvant over grensen. At det norske folk måtte unnvære hennes høvdingskikkelse i en hard tid, er av de slag skjebnen har bragt oss.» Men hovudvekta ligg sjølvsagt på Undsets negative Russland-skildringar: «Inntrykket fra Sovjet-Russland har åpenbart fullstendig revet bindet fra øynene på de forventningsfulle norske reisende, i hvert fall forsøker Sigrid Undset ikke å finne noen unnskyldning eller falsk forklaring. Hun legger skylden der den er å søke, nemlig i selve systemet. En mer knusende dom over kommunismen kunne selv Dr. Goebbels ikke felle.»

Det er forresten eit interessant klientell Undset reiser saman med frå Moskva til Vladivostok på første klasse. Ein svensk ingeniør på veg til Japan, ein amerikansk lækjar som har vore på ambulansar i Finland, to engelske ektepar, ein jødisk professor med frue på flukt frå Tyskland og ein norsk pelsjeger som har kjempa i Noreg, men no skal til USA og prøve lykka der.

Når dei kjem fram, er Undset mogen for ein grundig vask. Men ein gløtt inn på baderommet på hotellet i Vladivostok får henne til å snu i døra. Det er så fråstøytande at Undset heller vil halde på skiten ho har samla på kroppen under reisa gjennom Sibir, framfor å byte han ut med skit frå andre menneske.

Heldigvis er ho snart i Japan.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som ei slags streng tante på ein internatskule kjem ho igjen og igjen tilbake til den dårlege hygienen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis