Reportasje

¿ Hagen vert til medan vi dyrkar

HOLMEDAL: Sjeldan har våren vore så arbeidsam – og så velkomen – som i år.

Tuntre med utsikt til potetåker, kompostbinge, kyllingar og kjærast.
Tuntre med utsikt til potetåker, kompostbinge, kyllingar og kjærast.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Då vi flytta inn i hus og hage i november i fjor, var det enkelte delar av eigedommen som fekk meir merksemd enn andre. Vinteren er tida for å bygge seg heim, vi lukka oss inne bak veggane våre og brukte all tid og alle krefter der inne.

Så kom våren. Og nærast over natta vaks eigedommen. Trass i den varme, gode sola der oppe går vi stadig oftare med nasen mot bakken: Kva er det som kjem opp her? Er det bergmynte (den nordiske oreganoen)? Rosenrot? Er det solbær, rips eller stikkelsbær som skal tynge ned greinene på dei digre bærbuskane våre? Noko er alt her, og noko nytt skal kome til. Mykje nytt. Mi fyrste eiga våronn er i gang.

Det er når eg står der, med spaden i jorda, og snur torva i potetåkeren vår, at eg verkeleg kjenner på kor kjekt det er å eige: Tenk, vår eigen potetåker! Til hausten kan vi hente poteter rett opp av vår eiga jord, kor stas vert ikkje det?

Ja, eg er seint ute med å eige, og det er ikkje ei kjensle eg er aleine om å ha i Noreg – landet der alle tek det som ei sjølvfylgje å eige bustaden sin. Det er ikkje slik i resten av verda, sjølv i oppegåande land som Sverige er det heilt vanleg og sett på som stabilt og trygt å vere leigetakar heile livet. I Noreg, derimot, kjenner vi oss ikkje ordentleg vaksne før vi har bustadlån og kjøpekontrakt og rekning på kommunale avgifter med vårt eige namn på.

Kvifor, har eg spurt meg sjølv mange gonger, for eg har aldri lengta hit. Eg har aldri tatt opp lån, ikkje eingong hatt kredittkort, og har kjent meg heldig som slepp eigaransvaret kvar gong eg har signert eller sagt opp ein leigekontrakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement