Guten frå Selbu
Lærelyst, humør, energi og ei djup kjensle av samfunnsansvar er nokre andre sider ved den akademiske globetrottaren Gudmund Hernes.
Gudmund Hernes på hagefest hjå Aschehoug i 2013.
Foto: Berit Roald / NTB
Maktutgreiar, Vivaldi-kjennar, danningsagent og professor i matematisk sosiologi, offentleg intellektuell med humanistiske og kulturkonservative førebilete og institusjonsbyggar: 25. mars fylte Gudmund Hernes 80 år. Det er heilt naturstridig.
Hadde det ikkje vore for pandemien, ville land og folk ha markert denne åremålsdagen med paukar og cymbalar (ispedd nokre ufine tilrop, sjølvsagt). Gudmund Hernes er i øvste klasse som livsglad nysgjerrigper. Skamlaust er han ein grenseoverskridande sosialdemokrat.
Men få er på same tid blitt til del slik hyllest og slik nedrakking. Eg sat på Holbergstuen i Bergen ein gong i 90-åra og høyrde slagorda smelle i asfalten: «Hernes må fjernes!» «Hernes må fjernes!»
Utdanningsstatsråden hadde lagt seg ut med lærarane. Det gjer ingen ustraffa. Mange vil også skulde han for å ha teoretisert skulen for mykje. Det vil nok jubilanten protestere mot. Ein debatt om dette går den dag i dag.
Energibunt og polemikar
Men jubilanten kom seg fort. Han kunne til dømes sjølv ha synt oss i dag at i hans tilfelle er alderdomens tyngelover oppheva. Gudmund Hernes dansar framleis som ein midtvestleg tornado, og han eksellerer som skribent med retorikkens klassiske lover alltid føre seg, med bokstavrim og briljante paradoks.
Som polemikar nektar han seg heller ingenting. I epistelsamlinga av hogg og stikk som no er undervegs i høve åttiårsdagen, kan eg særleg tilrå langsam nyting av avkledinga av Trygve Hegnars statsskrekk – den som rutinemessig kjem opp, med unntak av når den same Hegnar treng staten (til dømes etter at Hurtigruten blamerte seg). Hegnar er ikkje den einaste styreleiaren som med rette kan seia: Min stat, min stat, kvifor har du forlate meg?
Avspegling frå Marx
Dette er nådelaus polemikk, med stilett og nøyaktig tilmålt malise. Det same gjeld når Hernes syner kor hjelpelaust topplønte næringslivsleiarar skriv kvar gong dei skal grunngje dei astronomiske lønene sine. Det er som å sjå First House møyrbanka henge i taua, for det er gjerne dei som står bak desse setningane som gjev oss kladdeføre i auga.
Her står Hernes i den stolte tradisjonen frå Marx: avkledinga av korleis privilegerte alltid freistar framstille eigen posisjon som samanfallande med fellesskapen. Ei gamal øving, no modernisert.
Eller ta den som har høyrt den matematiske sosiologen førelese om Antonio Vivaldi, musikkgeniet som vart gløymt, og notane som tilfeldigvis vart funne att i taket på eit kloster to hundre år etter at han døydde. Tenk på det neste gong du høyrer «Våren». Antonios verk kunne gått i hundane. Det var nære på.
Rolleekvilibristen
Det er nett i desse så ulike rollene at me finn essensen av Gudmund Hernes. Om han kan ein seie: særs lite av det menneskelege er han framandt.
Alt i den fyrste artikkelen han skreiv – i Adresseavisen og knapt tørr bak øyro, om den unge døde franskfilologen Peter Rokseth, kom eitt drag sterkt fram. Det har følgt Gudmund Hernes gjennom heile livet: kvalitetssans.
Rokseth drog som ung mann til Mallorca, ikkje for å sole seg, men for å skrive om det lokale språket og bruken av det i jordbruket der. Det vart ein liten klassikar i filologien. Ikkje rart at prestesonen frå Selbu ovundra ein slik type.
Hernes vende attende til dette førebiletet i pamfletten Vivat academia!. Der framheva han korleis Rokseth engasjerte seg i utbygginga av universitetet på Blindern i Oslo. Kunnskapen var eins; det skulle speglast i arkitektur og områdeplanlegging.
Ambisjonar?
Nett dette inntrønderske blodsbandet med Rokseth førte Hernes til eit anna leiemotiv: Kan ein ha ambisjonar i Noreg, spurde han. No er jo Hernes sjølv svaret på det. Men mykje av universitetskritikken hans, som kling som harpetonar i øyra til denne meldaren, kjem herifrå. I eit lite essay syner han til dømes at norske studentar knapt kan seiast å overanstrenge seg i studia. Dette er blitt verre sidan han skreiv, og er ein kvit elefant i alle diskusjonar om høgre utdanning.
Og når det gjeld kvalitet: Hernes etterlét seg som statsråd institusjonar for kvalitet som tyder på langtidsperspektiv, til dømes universitetsstudia på Svalbard og senteret for høgre studiar ved Det Norske Videnskaps-Akademi. Utan han ville neppe Fafo heller ha kome.
Den venlege læraren
No skal det seiast at denne skrivaren er ugild. Ein gong i urtida kom han i vanvare forbi kontoret til jubilanten ved Universitetet i Bergen. Professoren kikka ut og såg at eg var litt molefonken. Inn på kontoret til ein vitamininnsprøyting i armen. Det gav livsmot.
Legendarisk er soga om Frank Aarebrot og Gudmund Hernes. Sistnemnde såg at Frank ikkje kom nokon veg med hovudfaget sitt. Frank vart kalla inn, og professoren sette seg på han. Ut kom eit hovudfag som peika ut Franks veg til ein storfelt karriere som forskar og førelesar ved Universitetet i Bergen.
Det er nett denne evna til å inspirere både intellektuelt, politisk og menneskeleg som gjer Gudmund Hernes til eit unikum her til lands. Han vil noko med folk.
Bernt Hagtvet
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.