Reportasje

Gjengangarane

Sei meg kva du driv med, og eg skal fortelje deg kva kundane dine seier.

Det er noko rituelt ved å ta ei tatovering, sidan ho blir permanent, seier tatovør Tomas Brudvik.
Det er noko rituelt ved å ta ei tatovering, sidan ho blir permanent, seier tatovør Tomas Brudvik.
Publisert Sist oppdatert

Eg har jobba som postbod i Bergen sentrum av og på gjennom seks år. Etter kvart merka eg meg at folk møter postbodet i oppgangen sin på to måtar: anten nedlatande, som om postbodet er luft, eller så er dei vennlege, imøtekommande og takknemlege for at ein driv og ber rundt på alle blada dei abonnerer på.

Eg merka meg òg at det var enkelte ting svært mange sa, og at alle trudde dei hadde kome på det sjølv. Det hadde dei jo, men menneska er tydelegvis mindre unike enn ein skulle tru. Dei to gjengangarane var: «Har du kjærleiksbrev til meg i dag? (blunk, blunk)» og «Er det rekningar, berre kast dei (hoho).» Kvar gong tenkte eg at eg fekk le og blunke like mykje tilbake, gi dei denne opplevinga av å vere geniale.

Så tenkte eg at eg sjølv heilt sikkert seier det same til drosjesjåførar («Er det travelt i dag?»), til helsepersonell («Finn du den blodåra?») eller elektrikarar («Får du mykje kontakt med folk?»), for å nemne nokre område – og eg òg trur eg er så original.

Det er på tide å kome til botnar i kva enkelte yrkesgrupper heile tida får høyre i jobben sin.

Tatovøren

Eg har sjølv vore fire gongar hos tatovør Tomas Brudvik ved Let’s Buzz i Bergen og fått festa motiv til kroppen. Eg hugsar ikkje heilt kva eg har spurt han om, men det kan ha vore «Er det lenge igjen?», som han fortel er noko han høyrer ofte. «Kan eg ta med ein ven?», er ein annan gjengangar, eller: «Hei, eg vil ha dette motivet så snart som mogleg. Pengar er ikkje noko problem.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement