Georgisk tvisyn
GORI I GEORGIA: Stalin-museet i Gori er eit museum over eit museum – eit monument over den djupe ambivalensen georgiarane kjenner for Goris frykta og ovundra son, Josef Vissarionovitsj Dzjugasjvili (1878–1953), massemordaren Stalin.
Eit av dei få uretusjerte fotografia av Stalins andlet, med alle kopparra, teke av stjernefotografen Margaret Bourke-White.
Stalin tok livet av fleire enn Hitler, men industrialiserte Sovjet og vann krigen. Det er nok forklaringa på at dette museet har overlevt – trass i utsveltinga av bøndene i Ukraina, skodeprosessane i Moskva, der han drap alle konkurrentane frå Vladimir Lenins tid, massedrapa på «folkefiendane», GULag-leirane og deportasjonane av heile nasjonar.
Frø under bjørnelabb
Skal du til fjellandsbyen Gori, må du leggja vegen vest for hovudstaden Tbilisi. Gori ligg 60 km derfrå. Undervegs ser du flyktningleirar med hus på rad og rekkje omtrent som blomebed i eit gartneri. Der bur no flyktningar frå område som russarane har teke eller har kontroll over i Sør-Ossetia og Abkhasia.
I 2008, under brushanen president Mikheil Saakasjvili, tok georgiarane til med å sende granatar inn over Sør-Ossetia. Då vakna russarane og sende inn stridsvogner. Dei stogga 45 km utanfor Tbilisi.
Russarane kunne ha teke heile landet på dagar. Meir enn 800 menneske vart drepne, flest sivile, i ein krig som varte i berre nokre dagar, frå 7. til 12. august.
Undervegs til Gori er vi 400 meter frå dei russiske stillingane. Dei ser ein oppe i bakkane, med piggtråd og murar. Ein kjenner seg som eit frø under ein bjørnelabb. Landskapet er goldt og ugjestmildt, ikkje så ulikt Hardangervidda ein sein haustdag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.