Mat
Gamalost – ei oppklaring
Mange av teoriane om kva namnet gamalost kjem av, skader både nattesøvnen og omdømet til osten.
Vik i Sogn og Fjordane, vogga åt gamalosten.
Foto: Berit Keilen / Scanpix
Nokre meiner namnet kjem av at ostane i gamle dagar måtte lagrast lenge før dei var mogne for matbordet. Ja, dei store stølsostane trong nok tre–fire månader lagring, og kokebokforfattar Hanna Winsnes meinte osten burde få eit år på seg. Men det er ikkje gamalt i osteverda; ein roquefort skal mognast minst tre månader og ein vellagra edamer minst eitt år. So at gamalosten har namnet etter alderen, kan ikkje stemma. Osten frå Vik Meieri er klar for festbordet etter berre to veker.
Og då kan me ta han Jens Brekke sin teori med det same: «Da e kje osten so e gamal, da e dei so et han so vert gamle!»
Ja det er heilt rett at folk i Sogn og Fjordane et mest gamalost, og det er heilt rett at levealderen her er mellom dei høgaste i landet. Men det held ikkje i retten, for å seia det slik. Det kan nemleg vera andre årsaker til høg levealder. Ja, vrange folk kan hevda at folk i Sogn og Fjordane lever lenge trass i at dei et mykje gamalost!
Nemninga gamalost kom i bruk seint på 1700-talet. På den tida åt mesta alle gamalost, og mesta ingen vart gamle, so det var liten grunn då til å tru at gamalosten var ein stor livsforlengar.
Beklagar Jens, teorien din heldt ikkje vatn. Men for all del, han er vakker – de må gjerne tru på han Jens, men på eige ansvar.
Det me veit sikkert, er at gamalosten er mykje eldre enn namnet sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.