JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Forfattar og småbrukar

Artiklane til Agnes Ravatn er som ein flokk villsauer: små og hardføre med store horn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12772
20230929

Agnes Ravatn (40)

Aktuell med essaysamlinga Alle mot alle

Debuterte med romanen Veke 53 i 2007

Journalist i Dag og Tid frå 2008 til 2015, har skrive fem essaysamlingar basert på seriar frå vekeavisa

Romanen Fugletribunalet (2013) er omsett til 17 språk

Bur i Valevåg med mann, to søner, to kattar og ein flokk villsauer

maylinnclement@hotmail.com

Det eg såg mest fram til då eg byrja i Dag og Tid i 2014, var å møta Agnes Ravatn. Ho hadde alt vore der i seks år og inspirerte meg med den kvasse pennen sin.

Men det som hende like etter at eg fekk namnet mitt i kolofonen nedst på side to, halvannan centimeter til høgre for Agnes, var at ho fekk ein parentes bak namnet sitt. Inni den stod det «permisjon». Romanen hennar frå året før, Fugletribunalet, hadde vunne P2-lyttarane sin romanpris, fått internasjonal merksemd og skulle no verta teater.

Parentesen med permisjon vart ståande til alt var vekke, både namnet, parentesen og håpet mitt om nokon gong å møta Agnes Ravatn om eg var innom bladstova i Oslo. Ho hadde nemleg flytta frå byen.

Til kor? Til Valevåg, nøyaktig 70 minutt å køyra frå huset mitt, inkludert ein ferjetur. Ein stad eg køyrer forbi sikkert tolv gonger i året, men som eg aldri har stoppa ved. Eg berre syng ei linje frå Matti Røsslands «Tøffe tider» når eg passerer: «Ska vi bli fulle, får vi raska på, for snart går ferja ifra Valevåg.»

Åra gjekk, ho skreiv fleire bøker, eg las dei, og heile tida visste eg at Agnes bur i Valevåg.

No er ho igjen aktuell med ei bok, artikkelsamlinga Alle mot alle, og Dag og Tid sender skribenten med kortast reiseveg for å intervjua forfattaren.

Eg har aldri sett henne på ekte før eg bankar på den grøne døra i det gule huset som ifylgje kartet på 1881.no skal vera hennar. Ei høgreist kvinne kjem ut.

– Oi. Du er høgare enn det eg venta, seier eg, som mi aller fyrste setning til Agnes Ravatn.

Rett på utsjånad. Herregud, så uoriginalt. Likevel held eg fram i same leia.

– Eg har jo sett bilete av deg, men ikkje ved sida av ei fyrstikkøskje.

Kor skal dette gå?

Agnes tek høgdeåtaket fint.

– Det er faktisk fleire som har sagt det, at eg er høgare enn dei trudde. Eg var ho som vart høg tidleg og krumma nakken for å sjå lågare ut, seier ho, trekkjer skuldrene opp og hovudet fram og går i ein Nosferatu-positur inn i huset.

– Eg har berre aldri funne ut av kva eg kan bruka høgda mi til.

Agnes Ravatn (40) er intervjua og portrettert opp og i mente. Både Dagens Næringsliv, Dagbladet, Aftenposten og motemagasinet Tara har vore i Valevåg og teke bilete av Agnes og sauene. Eg seier det fyrst som sist, at eg for det fyrste håpar at ho fortel meg noko som ikkje har stått på trykk i andre aviser, og for det andre at intervjuet ikkje sluttar med eit råd frå Agnes Ravatn til den tolv år gamle versjonen av seg sjølv. Det er ikkje eit dumt spørsmål, men det er vorte så vanleg.

– Det beste svaret på det spørsmålet høyrde eg i podkasten Synnøve og Vanessa. Rådet Synnøve Skarbø ville ha gjeve seg sjølv som ung, var: Ikkje ligg med folk berre for å vera høfleg.

No er eg her, midt i smørauget for fleire av tekstane hennar. Frå gangen går me til høgre gjennom kjøkenet og inn i stova. Det varmar godt frå den vesle vedomnen midt i huset, eg legg nettet mitt oppå det lange matbordet og set meg på eit villsauskinn på den plassbygde vegg-til-vegg-benken. Agnes ser på nettet mitt.

– Fritt Ord-nett. Kor fekk du det frå?

– Du, det fekk eg på Fritt Ord-huset i Oslo. Det låg ein stabel med nett i gangen, og eg spurte om eg kunne få eit. Veit du kva dei sa? Det ville vera ei ære om eg ville bera Fritt Ord-nettet.

– Ei ære! Slikt høyrer du berre i Oslo.

Agnes hadde ti år i Oslo før ho flytta vestover.

– Å bu her er vaksine mot primadonnanykker. Då eg kom i barnehagen med heva hovud og sa eg var forfattar, var reaksjonen derfrå: Så bra! Vil du koma hit og snakka om yrket ditt for toåringane?

Her er ho kanskje meir kjend som assistenttrenar i fotball og allidrett.

I samband med å velja ut kva 58 essay og artiklar som skulle få vera med i Alle mot alle, har Agnes bladd seg gjennom sytten år som skribent. Stykka i boka har tidlegare vore trykte i aviser, tidsskrift og antologiar, frå lokalavisa Grannar til Juleroser. Ein stor del er frå Dag og Tid, og fleire frå Aftenposten, der ho leverer tekst kvar tiande veke.

– Kva tekstar er du mest nøgd med sjølv?

– 2009–2010-årgangane er gode tekstar med ein god tone. Eg skriv fritt, ledig, tullete og alvorleg. Mykje av humoren baserer seg på medvitne misforståingar. Kjensla av å ha ein intern dialog med lesarane var viktig for meg.

Agnes har gått frå ein aktivt deltakande til meir observerande skrivestil. I 2009 er ho nærast ein undercover-reporter når ho oppsøkjer ein klinikk for feittsuging og får personlegdommen sin kartlagd og kritisert i scientologikyrkja. Håret og augnebryna vert maltrakterte på bli ny-dag, og ho flyttar inn til Ole Robert Sunde for å læra å leva som ein forfattar.

– Eg har ikkje slutta å skriva deltakande, men eg gjer det ikkje så mykje i Aftenposten. Der anstrenger eg meg for å bli forstått og føler at det eg skriv om, må vera viktig for mange. I Dag og Tid trong det berre vera viktig for meg sjølv.

Agnes har skildra korleis ho ser føre seg Aftenposten-abonnentane, som samfunnsøkonomar på Kjelsås med årskort i Operaen og ressurssterke born som studerer i utlandet, men abonnerer på e-avisa.

– Men korleis ser du føre deg den typiske Dag og Tid-lesaren?

– Det er ein kvinneleg venstrepolitikar på 52 år frå Eidfjord. Nei, eg meiner Nordfjordeid. Eller ein lektor. Eg veit at dei forstår humoren, og at dei heiar på meg. Eg er ikkje like trygg på det når eg skriv i Aftenposten.

Me har fleire ting til felles, Agnes og eg. Eg har to søner, ho har to søner. Eg bur i eit hus med grunnmur frå 1890, grunnmuren hennar er frå 1880. Me bur begge nær sjøen, men ingen av oss har båt, noko me begge synest er litt rart, men òg fint, då me er delvis samde om at gleda ved å fiska er oppskrytt. Så har me stove med utsikt mot innmark og beitande sauer, begge to. Eg mot onkel Kjell sine, ho mot dotter til Kjell sine, altså sine eigne. (Faren heiter Kjell.)

Agnes er ikkje bonde, ho er småbrukar, noko ho meiner er grunnen til at Nationen ikkje har spurt om å få intervjua henne.

– Dei likar ikkje småbrukarar. Dei bryr seg berre om bønder. Nei då. Jo då.

Det beste med å bu her, synest Agnes, er skogen og alt som har med ved å gjera. Frå å finna nokre passande tre og fella dei om vinteren, kvista, kappa og kløyva, stabla han ute til turk gjennom våren og sommaren, og flytta han inn om hausten.

– Så fyrer eg frå september til mai, med eigen ved. Då eg fylte 40 i februar, tok mannen min, Håvard, fri frå jobb, og så gjekk me i skogen og saga bjørk heile dagen. Om ettermiddagen fekk eg ein ATV i gåve. Den gjorde vedarbeidet så mykje lettare.

Tenk, forfattaren Agnes Ravatn høgg sin eigen ved, køyrer ATV og held ugraset nede med beitepussar.

– Lite er så effektivt for skrivinga som å beitepussa i nokre timar.

No er det 44 villsauer som beitar på innmarka, men snart vert flokken nesten halvert når slaktebilen kjem. Det er ikkje tilfeldig kva for nokre av dyra som vert sende, og det er heller ikkje slik at dei eldste går fyrst.

– Alle vêrlam som kom i vår, skal til slakt no, før dei kjem i brunst og byrjar å para seg med systrene sine, seier ho.

– Me er nådelause med uønskte karaktertrekk. Er sauen sky, vert han send til slakt med ein gong. Dårlege mødrer vert òg sende. Om nokon får for små lam, vert dei sende. Lam med dårlege horn – få dei vekk.

– Kva er dårlege horn, spør eg.

– Små, puslete horn. Me vil ikkje avla på villsauer med små horn. Alle skal ha horn, både ho- og hankjønn.

Agnes lener seg litt mot meg over bordet for at sauene hundre meter unna, på andre sida av veggen, ikkje skal høyra det:

– Ein sau fekk ein vêr utan horn. Det er flautt.

Og er det ikkje gagn i dyra, altså formeirar dei seg ikkje, vert dei sende.

Når alle potensielle incestuøse forhold, sjenerte personlegdomar, fråverande mødrer og dårlege horn er luka ut, er 24 sauer vidare til neste runde og får vera med på vinterbeite og får para seg med vêren til naboane, Einar og Liv Marit Økland.

– Alle med høgreekstreme tendensar og interesse for rasehygiene burde bli villsaubønder, seier Agnes.

Eg kan ikkje dy meg for å tenkja at når ho snakkar om sauehald, snakkar ho eigentleg om å skriva. For er det ikkje nett slik tekstane hennar er, som ein framavla flokk med små, hardføre villsauer?

På same måte som ho med ope hjarte om våren tek imot alle lamma som dei er, gutar som jenter, må ho skriva mykje som skal strykast. Alle setningar skal ha horn, både ledd- og heilsetningar. Skriv ho ei setning som ikkje er kvass, vert ho slakta. Er det ikkje gagn i setninga – formeirar ikkje orda seg – er ho heller ikkje noko å ta vare på.

Til slutt sit ho att med den vesle, skarpe teksten, med store horn som kan stanga på kort varsel.

Oi, sjå der!

Brått er det action ute på innmarka. Agnes fyk opp frå stolen og bort til vindauget, tek etter kikkerten og går over til å verta ein slags kommentator.

– To skjorer og ein hauk! Ser du dei der i eika? Oi, oi. No fyk skjorene bort dit, til morelltreet der. Vert det retrett no? Vert det retrett?

Retrett. For eit ravatnsk ord, tenkjer eg, og vert slengd inn i språkuniverset hennar. Like ravatnsk som Epikur, herregud, prokrastinering og ynsket om å framstå som ei karrierekvinne, er ordet retrett.

Ikkje berre er språket ravatnsk, kjenslene òg. Ho går ikkje rett på dei populære primærkjenslene inst i kjenslehjulet, ikkje sekundærkjenslene heller, men skildrar dei langt ute i hjulet, kjensler det ikkje er så lett å vedgå at ein har, som å vera snurt, forlegen, slukøyra og skadefro.

Som i artikkelen med tittelen «Leve hemmeleg» frå 2010, der ho seier «So long, suckers!» til Dag og Tid-redaksjonen for å verta TV-komikar saman med Harald Eia og Bård Tufte Johansen, men får kalde føter. «Men det hadde alt stått i lokalavisa mi, Grannar, at eg skulle på tv, så det ville vere å påføre foreldra mine stor skam dersom eg brått skulle gjere retrett.» Det vart retrett, og Agnes kom slukøra attende til redaksjonen.

– Det er dei negative kjenslene som er interessante å skriva om. Når eg skriv om grumset, får det opp i dagen, vert eg på ein måte ferdig med det, seier ho.

– Ingen gode tekstar kjem ut frå tanken: Når var eg lukkelegast i livet? Det vil eg skriva om!

– Eg skreiv heile romanen Gjestene på denne. Det gjekk ganske fort, seier ho og rekkjer meg ein 12,9 tommar stor iPad og ein kvit digital penn. På skriveprogrammet Notability skriv ho på gul, linjert bakgrunn, med ein tynn, svart pennespiss.

– Eg kjem ikkje til å slutta å skriva for hand, seier ho.

– Apropos skriving, du er nok den i landet som har skrive mest om prokrastinering. Er det noko nytt på den fronten?

– Eg held meg til systemet mitt, som er å vera utan internett når eg jobbar, for ikkje å bli distrahert av den falske trongen til å sjekka alt.

– Men er du pro kastrering?

– Ja. Eg er pro kjemisk kastrering, seier ho og kjem på noko som får henne til å le.

– Eg plar aldri hugsa ting eg har skrive før, men no kom eg nett på noko eg skreiv då eg hadde Innsida i Dag og Tid. Eg laga ein annonse om at Biltema hadde tilbod på kjemisk kastrering.

Eg fiskar opp pennane mine frå Fritt Ord-nettet, eit sett Staedler-pennar med filtspiss i ulike storleikar, og skyv dei bort til Agnes. Slik vert me sitjande og drodla med skrive- og teiknereiskapane til kvarandre, to tidlegare teikning, form og farge-elevar.

Før eg veit ordet av det, sit me der og snakkar om mellomkvinnelege tema. Korleis hamna me her?

Eg fortel at eg gler meg til å koma i overgangsalderen, ho trur ikkje det er noko å gle seg til. Eg seier eg ikkje vil ha fleire born, ho seier ho godt kunne fått fleire born, men at frykta for at den lokale skulen vert lagd ned, er den eine grunnen som hindrar henne. Frå potensiell skuledød sklir samtala over til menneskedød. Er det eit dårleg teikn, eller betyr det berre at eg byrjar å slå meg til ro med at eg skal døy, denne hangen til å vita at eg får eit godt minneord?

– Eg spurde Svein Gjerdåker om han kjem til å skriva minneord om meg dersom eg døyr før han, slik han har gjort med andre Dag og Tid-arar, seier eg.

– Han sa «sjølvsagt».

Agnes sluttar å skribla, ser skrått opp mot meg med eit freistande blikk.

– Du vil ikkje heller at... eg skal skriva minneordet ditt, spør Agnes.

– Meiner du det?

– Det ville vore ei ære.

Dødsangsten var liten frå før, no er han om mogeleg endå mindre.

– Forresten, Agnes, kva råd vil du gje til den 50 år gamle versjonen av deg sjølv?

– Tren styrke og kom i gang med hormonbehandling, i samråd med fastlegen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis