– For Fønhus var menneska uinteressante
Kven ville tenkja at villmarksforfattaren Mikkjel Fønhus har mykje litterært til felles med Karl Ove Knausgård? Men når Tore Renberg seier det, må vi vel tru det.
Tore Remberg har nylese Mikkjel Fønhus.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Renberg har bidrege i Nasjonalbibliotekets serie der dei lèt ein lesar av i dag nylesa ein forfattarskap som i si tid var utbreidd, men som no er gløymd av dei fleste. Og Renberg valde Mikkjel Fønhus (1894–1973), som unge Tore i oppveksten hadde sett i mange bokhyller.
Han var på jakt etter noko «spanande usagt» ved Fønhus, og det meiner litteraturdetektiven at han fann ved å lesa 13 av Fønhus’ over 40 romanar.
– Dette er ein litteratur som ingen skriv i 2018. Kven er det i vår selfie-tid som skriv ut frå eit perspektiv der menneska er uinteressante og dyra og naturen så himla interessante? Fønhus hadde ein måte å sjå verda på som var grunnleggjande annleis enn vår. Likevel er det noko som gjer han til vår samtidige og ekstra potent: Vi lever i miljøvern- og naturverntida. Det gjorde ikkje Fønhus, men som naturvernar var han ein pioner. Eg opplever at Fønhus er ein god forfattar, på det aller meste. Produksjonen er ujamn, men dei beste romanane – rovdyrromanane, som er paradegreina hans – er eg glad for å ha lese.
– Du ser draumen om å reisa heim som eit kjernemotiv hos Fønhus. Kva slags heimreise er det tale om?
– I konkret meining er det heim frå storbyen til bygda, naturen og landet. Metaforisk er det heim til det ekte i mennesket, det som er vår sunne og gode situasjon, som framsteget, teknologien og byen tek frå oss. Der var Fønhus svært enkel i tankegangen og heilt nådelaus.
Fønhus såg lite positivt i hamskiftet Noreg stod i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.