Humor

«Folk reiser langt for å bli kvitt ting dei har sett seg leie på.»

Publisert

Stol i elva

Heilt over mot den andre breidda, i den djupe renna der laksen plar stå når vasstanden er slik han er no, kjem noko som liknar ein liten stol drivande ned elva. Det er for langt hald, så utan kikkert kan eg ikkje vere sikker. Det kan like gjerne vere eit lite nattbord eller ein krakk, det er ikkje godt å seie, eller kanskje er det litt av armlenet på ein stressless som stikk opp av vassflata. Men ein stressless hadde vel sokke til botnen? Uansett, noko er det som kjem flytande.

Vasstanden er normal, kanskje litt under, så det er ikkje flaumen som har teke stolen med seg, nokon har kasta han i elva med vilje. Nokon som har sett seg skikkeleg lei på heile stolen.

Skulle det no vise seg å vere ein stressless, er det nok ikkje håp. Om ein då ikkje kostar på han ein formue og trekkjer om ryggen, setet og armlena og gjev han full overhaling. Men då kan ein mest like godt kjøpe ny. Kanskje er det det som skjer, at dei som har kasta stolen i elva, er på veg til ein stad der ingen spør om du eigentleg treng ein ny stol, eller kor det har blitt av den gamle? Dei seier heller ingenting om at folk klarer seg fint med ein stol mindre, eller med dei stolane dei allereie har. På den staden er det om å gjere å få selt folk nye stolar, heile tida.

Kanskje slo ikkje den integrerte fotkvilaren seg ut lenger, slik han har gjort i mange år utan at det har vore noko tull. Handtaket knakk, og i den siste tida før han blei mindre og mindre brukt, måtte dei vri med ei tong for å prøve å få han til å slå seg ut. Til slutt gjekk ikkje det heller, og så stod han berre der i vegen.

Eigentleg hadde ein onkel vist litt interesse og trudde han ville ha stolen i garasjen. Det var ein altfor god stol til å kaste, i alle fall. Men onkelen var ikkje så interessert likevel, når han fekk tenkt seg om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement