JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Flukta
til Canada

For 80 år sidan flykta ei gruppe tsjekkiske jødar under dramatiske omstende frå tysk-okkupert område i Tsjekkoslovakia til Canada.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye låven til Karl Abeles då han vart bygd i Horsovsky Tyn i Tsjekkoslovia i 1932. Då dei måtte flykte i 1938, drog dei frå alt.

Alle foto: Privat

8826
20190111
8826
20190111

Flukta vart organisert av ein velståande bonde, Karl Abeles, som i løpet av seks månader klarte å hjelpe fleire jødiske familiar, cirka 100 menneske, med å flykte til Canada rett før utbrotet av andre verdskrig. Dotter hans, Wilma, var 17 år då dei flykta, og eg har vore så heldig å få tala med Wilma om denne hendinga.

Eit godt liv

Wilma hugsar Tsjekkoslovakia som eit vakkert land. Det var fredeleg, med sivil orden, og landet vart styrt av ei opplyst regjering. Den jødiske familien hadde vore busett i området i mange hundre år og var akseptert av dei andre innbyggarane.

– Me var stolte av å vera ein del av Tsjekkoslovakia. Eg gjekk på tsjekkisk skule. På fritida dreiv eg med sport og teater. I feriane reiste me til utlandet. Far min dreiv med jordbruk og mjølkekyr. Drifta av garden hadde ei fin utvikling og me hadde god økonomi. Det var ein trygg heim å vekse opp i .

Eskalerande antisemittisme

Men 20 år etter fyrste verdskrig ville Tyskland annektere Austerrike og i tillegg andre område der folk hovudsakleg var tysktalande. Dette inkluderte den delen av Tsjekkoslovakia der familien til Wilma budde: Sudetlandet, som det heitte då det var innlemma i Tyskland (1938–45).

– Etter at Hitler kom til makta i 1933, var antisemittismen offentleg praktisert og raskt eskalerande. Våren og sommaren 1938 vart katastrofen tydeleg for far min, samarbeidspartnarane og venene hans. Det var truleg berre få månadar om å gjera før dei som jødar ikkje lenger var velkomne der familiane deira hadde budd i generasjonar. Dette fekk far min og kollegaene hans til å ta den dramatiske avgjerda å reise frå alt – den økonomisk vellykka og framgangsrike garden, huset, heimen og eit veletablert liv.

Drog frå alt

Alt i mars 1938, då Austerrike vart annektert inn i Tyskland, sa mor til Wilma at Sudetlandet, der dei budde, no stod for tur.

– Syster mi og eg tykte ho var for pessimistisk, men hendinga fekk far min, Karl Abeles og syskenbarnet hans, Walter Abeles, til å ta nokre rekognoseringsturar for å finne stader det var trygt og mogleg å starte eit nytt liv, mellom anna til Frankrike og Canada. Etter mange lange diskusjonar valde dei Canada. Det var langt nok borte.

Det viste seg at mor hennar hadde rett. Då forhandlingane til Munchenavtalen starta i september 1938, vart det tydeleg at Tsjekkoslovakias allierte, England og Frankrike, ville ofre Sudetlandet til Tyskland, for noko dei trudde var fred. Dagen etter at Munchenavtalen var underteikna mellom Hitler og Tsjekkoslovakias allierte, starta arrestasjonen av jødar i Sudetlandet.

Natta før familien reiste, fekk faren vite at han stod øvst på ei liste over jødar som skulle arresterast. Om morgonen pakka foreldra bilen før dei henta borna på skulen. Ingenting vart selt. Dei reiste frå alt – store verdifulle eigedomar – og hadde berre med seg det det var plass til i bilen. Faren gret då han stoppa ein augneblink for å ta farvel med det han og forfedrane hans hadde skapt gjennom mangfaldige generasjonar.

– Hadde me reist ein dag seinare, hadde det vore for seint. Alt same dagen me reiste, vart Sudetlandet invadert av tyske troppar, og arrestasjonen av jødar tok til.

Fyrst drog familien til Praha. Det var ei gruppe på ti jødiske familiar som samla seg der.

– Så snart far klarte å få veksle til seg den naudsynte utanlandske valutaen og kjøpe billettar til alle, reiste me med fly til Brussel. Han fekk berre tak i nokre få billettar kvar dag, og det tok kring ei veke før alle var i Belgia.

Frå Brussel skaffa han visum til Canada, men det var inga enkel sak, og mange problem måtte løysast fyrst.

Immigrantbønder

Canadian Pacific Railroad (CPR) eigde store område med jordbruksland vest i Canada, som dei ynskte immigrantbønder til å drive. I perioden 1936–43 var direktør Frederich Blair ansvarleg for immigrasjon til Canada. Jødar som flykta frå Europa, var ikkje godkjende som flyktningar der. Quebec var katolsk og antisemittisk og hadde stor innverknad på dette. Canada tillét bønder som immigrantar, men det var direktiv om å ekskludere jødar, sjølv om dei var jordbrukarar.

Tusenvis av jødar søkte om å få koma til Canada, men Blair aksepterte berre ein brøkdel. Dei nasjonale jernbaneselskapa fekk velje 50 jordbruksfamiliar kvart år.

– Venskapen far hadde til CPR-representanten i London, Mr. Cameron, hjelpte oss. På eit tidspunkt tidlegare i 30-åra hadde Cameron reist frå London for å inspisere store gardar i Tsjekkoslovakia, og han vart imponert over eigedomane våre. For å kvalifisere seg som farmar i Canada, var det krav om å ha 1000 dollar per person. Før me drog, klarte far å lokalisere jødar og andre i Praha som ikkje var jordbrukarar, med kapital. Dei supplerte kapitalen som mangla, og far dokumenterte at dei også var farmarar, og skaffa dei visum.

– Imponert

Farmarane som kom til Canada i 1938, var hovudsakleg frå same område i Tsjekkoslovakia.

– I Canada klarte far å få kontakt med Blair, og han vart imponert. Han var klar over at Karl Abeles og jordbrukskollegaene hans var jødiske, men fordomane hans var retta mot ei stereotyp oppfatning av tilbakeståande austeuropeiske småbrukarar, og gjaldt ikkje framgangsrike, assimilerte sentraleuropeiske jødar.

På grunn av kontakten med Blair kunne far hennar, medan han var i Canada, skaffe visum til fleire grupper frå mellom anna Praha, før byen òg vart okkupert i mars 1939, og grensene vart stengde for jødar.

– Somme vart inviterte, men avslo å vera med. Det var nok svært vanskeleg for veletablerte, framgangsrike menneske, busette i fødelandet sitt, å reise frå alt dei eigde for å starte på nytt i eit framandt land der dei ikkje kunne språket. Dei visste dessutan ikkje kva som skulle kome til å skje. Ingen av desse overlevde holocaust.

Fem familiar

Dei var fem jødiske familiar som budde på Wren Farm dei første vekene etter at dei kom med båt til Canada 11. november 1938. Kvar familie hadde eit rom i det store, gamle gardshuset, men det var på langt nær nok senger til alle. Dagen etter at dei kom dit, sydde dei saman sekker, fylte dei med høy og brukte dei som madrassar.

– I Tsjekkoslovakia hadde mesteparten av oss hatt hushjelper, kokker, sjåførar og så bortetter. Men no måtte me klare oss sjølve. Me hadde ingen telefon, bil eller tekniske hjelpemiddel. Me kom oss rundt med hest og vogn. Få veker etter framkomsten vart fyrste garden, Ridge Farm, kjøpt.

Ei gruppe av mennene gjekk tidleg kvar morgon den lange vegen til Ridge Farm frå Wren Farm for å lære av den førre eigaren korleis ein dreiv jordbruk i Canada.

– Tradisjonane var litt ulike. Det gjorde at me kunne velje det beste frå begge tradisjonane. I Canada brukte dei mjølkemaskinar, medan mjølking vart utført for hand og var kvinnearbeid i Tsjekkoslovakia.

Snart heldt dei ope hus på søndagane på farmen. Folk frå gardane rundt og frå næraste by, Hamilton, samla seg til kake og prat. Mange jødar og andre i lokalsamfunnet, i byen Hamilton og Mount Hope, hjelpte familien.

– Syster mi, eg og dei andre unge jentene vart tekne inn i velståande familiar for å gå på skule. Det vart forventa at me skulle gjera litt husarbeid og vera barnevakt etter skulen, men me var som ein del av familien. I helgene var me saman med foreldra våre.

Familien som Wilma budde hos, rådde henne til å berre snakke engelsk og vekke minst mogleg merksemd.

– Me unge jentene lærte oss engelsk fort og klarte oss godt på skulen. Foreldregenerasjonen min sleit meir med å lære seg språket. Det verserer fleire historier om misforståingar, mellom anna då onkelen min skulle ut og kjøpe kalvehjerne (brain), som var billeg og næringsrikt), men kom heim med kli av kveite (bran).

Takksam

Wilma seier at dei var heldige.

– Me har mykje å vera takksame for, som motet til dei som tok den vanskelege avgjerda, for den hamna som vart gitt oss av dette flotte landet, Canada, for energien og den fantastiske viljen og kjærleiken foreldra våre tok med seg til Canada. Det gode livet og framtida dei gjorde mogleg for familiane sine og samfunna dei danna og levde i.

Dei som drog til Canada i 1938–39, gjorde det bra. Nokre er produsentar av meieriprodukt frå prisvinnande farmar i verdsklasse. Andre er akademikarar, fysikarar, kunstnarar, legar, veterinærar, lærarar og så bortetter.

Wilma er no 96 år gammal. Trass i at ho måtte lære å fungere på eit nytt språk, klarte ho å gjennomføre skulegang og utdanning på rekordtid. Ho tok ein ph.d.-grad i historie ganske ung, og snakkar åtte språk flytande. Ho pensjonerte seg frå stillinga si som professor ved universitetet i Buffalo USA i 1991, men ho er framleis aktiv som historikar og skribent.

Elfrid Olaisen

Elfrid Olaisen er lærar og kjeramikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Hadde me reist ein dag seinare, hadde det vore for seint.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis