JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Fellesskap på vilkår

Jubelen over Nobelprisen ber i seg von om endring i vilkåra for nynorskbrukarar. Gleda viser ein førestilt fellesskap som ein sjeldan får skriftfesta. Den fellesskapen rommar uløyste motsetnader.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
PROGRAM. Plansje frå utstillinga «Kunsten i livet. Diktaren Jon Fosse», som hadde premiere i Strandebarm 15. august 2009. Formgivar: Aina Griffin. Fotograf: Paul S. Amundsen.

Illustrasjon: Nynorsk kultursentrum

14302
20231208

Døra i Stockholm

Kunngjeringa av Nobelprisen i litteratur utløyste grenselaus glede. Ottar Grepstad held fast ved stunda og oppdagar meir enn jubel.

Del 1 Røyster i mindretal

Del 2 Fellesskap på vilkår

Når eg kikkar på rekkja av gratulasjonane i 2023, er det to ting som slår meg i lys av den rådande samtidstanken om språkleg og kulturelt mangfald.

V Mangfald

I Språkåret 2013 oppdaga eg at Sametinget hadde publisert «Sámi soga lávlla» av Isak Saba på fleire språk, også på bokmål. Den gjendiktinga trur eg Jacob Børretzen stod for, men Sametinget namngav ingen omsetjarar. Eg gjorde Sametinget merksam på at Syn og Segn hadde trykt «Samefolkets song» i nynorsk gjendikting av Jon Eldar Einejord i eit temanummer om urfolks- og minoritetskulturar i 1974. Sametinget fekk både teksten og kontaktinformasjon til enkja.

Stilt blei det, stille var det. Hausten 2021 sende eg nytt brev til Sametinget og minte om saka. Då hadde Sametinget publisert songen på tre samiske språk og norsk, les bokmål. Frå 1. januar 2022 ville ei ny språklov gjelde. Med den lova klargjorde den lovgivande makta status for ulike språk i Noreg.

Stilt som eit komma.

Etter ei ny påminning i februar 2022 svara avdelingsdirektør Liv Inger Somby to månader seinare. Ho ville ta kontakt med språkavdelinga i Sámediggi. Meir veit ikkje eg om dette, men på nettstaden har Sametinget no publisert samefolkets song på ti språk. Nynorsk er ikkje eitt av dei, og ingen gjendiktarar er nemnde.

For ein del samar har nok nynorskbrukarar vore ein del av det fornorskande fleirtalet. Denne forståinga kan ikkje utan vidare nynorskbrukarar forkaste, men det er på tide å setje problemet under debatt.

I mange tiår har nynorskmiljø både formelt og uoffisielt vore sterkt støttande til atterreisinga av samiske språk og samisk kultur. Ein peikepinn er det eg såg då eg laga eit samisk temanummer i Syn og Segn i 1987. Tidsskriftet hadde hatt bortimot 20 artiklar om emnet frå og med 1950. I det same tidsrommet trykte Samtiden to.

Iallfall i ettertid veg det symbolsk tungt at den første boka av Nils-Aslak Valkeapää, Terveisiä Lapista frå 1971, omsette Liv Hatle til nynorsk med tittelen Helsing frå Sameland i 1979. Til denne utgåva hadde Valkeapää jamvel skrive seks nye kapittel. Det viktigaste bidraget er nok det arbeidet som profilerte nynorskbrukarar saman med andre ved sentrale lærestader i Nord-Noreg har lagt ned i undervisning og forsking. Sentrale nynorskinstitusjonar og aktivistmiljø som Norsk Målungdom har jamt uttrykt sterk og kulturpolitisk prinsipiell støtte til dei rettane som samiske språkbrukarar har og skal ha.

Men, og no må det seiast: Samiske miljø har gitt svært lite tilbake.

Både den historiske, faktiske og formelle situasjonen for nynorskbrukarar er ein annan enn for urfolk og nasjonale minoritetar. På tvers av desse skilja er der likevel mangt å lære gjennom erfaringsutveksling. Sannings- og forsoningskommisjonen bomma stygt i si eiga framstilling av historia om fornorsking og gjorde det danske kyrkjespråket i Noreg kring 1850 til norsk språk.

Verken frå sametingspresidenten eller anna offisielt samisk hald kom nokon offentleg gratulasjon då Fosse fekk prisen. Kanskje var Fosse mest av alt ein nordmann for dei. Det var han også for statsministeren, som forsikra om at «hele Norge er stolte i dag», og for leiaren i Høgre, som meinte at prisen gjer Fosse «til en av våre største nålevende nordmenn». Di høgare opp i hierarkiet, di større var sjansen for at det nynorske fall ut. Unntak: kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Ho hadde lese sin Fosse, meinte at vi alle blei litt stolte og passa godt på å seie: «Eg er veldig glad det er ein nynorskforfattar som vinn denne prisen.»

Det andre problemet har med ei setning å gjere. Det handlar om andre setninga i paragraf 4 i den nye språklova. Så viktig er setninga at ho alltid bør skrivast i kursiv: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.»

Like frå statsråden i Kultur- og likestillingsdepartementet og ned til leiaren i eit lokalt mållag snakkar ein som om setninga ikkje finst. Nynorsk og bokmål blir omtalte som skriftspråk, som dei jo også er, men det er dei berre i offentleg forvaltning. Grunnen er enkel: Talemål blir ikkje regulert i Noreg – ikkje no lenger. Gudane og nynorskbrukarane veit at det slett ikkje har vore slik alltid. Mange er beretningane om språklege overgrep mot folk som snakkar annleis enn det som i krinsar av makt kunne bli opphøgd som den landsgyldige uttale.

Desse maktkrinsane fekk aldri grep om staten eller om offentleg forvaltning. Difor står det som det står i siste setninga i paragraf 4. Som offentleg tilsett snakkar du som du vil, men du skriv slik rettskrivingsnormalane seier du skal gjere.

Med den utheva setninga har Stortinget faktisk lovfesta at bokmål og nynorsk er to språk, ikkje berre to skriftspråk. Det er her mange har tungt for det.

I tale blir nynorsk realisert på to måtar: som dialekt, og som normert tale. Norsk Ordbok med sine 333.173 oppslagsord er i alle sine tolv band «ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet». Der står det svart på kvitt: Nynorsk er tale og skrift. Ivar Aasen hadde aldri funne noko språk om det ikkje var for at folk snakka som dei gjorde.

Likevel har nynorskbrukarar – til tider uforvarande – gjort som knekten og godteke herrens syn på verda. Det er berre tolv menneske i Noreg som snakkar nynorsk, hevda Finn-Erik Vinje i Dag og Tid vinteren 1996. «Tre av dei finst på Blindern, tre av dei i NRK.» Ja, no er eg verkeleg forviten, svara Magne Skodvin, «kven er dei andre seks?»

Noko svar kom ikkje, men denne lingvistiske mistydinga går som ein nemesis gjennom den nyare historia om nynorskbrukarane. Éin triumf skal ingen nokon gong ta frå Noregs Mållag. Det er målrørsla og ingen andre som har gjort det sjølvsagt for ein sjåfør, ein general, ein finansminister, å snakke dialekt når som helst og kvar som helst.

Ingen kunne vite i 1970-åra kva den teknologiske utviklinga ville føre til. Gjennom digitale medium og format blei tale til skrift, og skrift på dialekt blei etter kvart eit problem for normert skrift. For hundre år sidan var folk flest usikre på korleis dei skulle skrive nynorsk. Det er folk flest også i dag, og det problemet kan ikkje lenger feiast under teppet.

Jon Fosse melde seg inn i elevmållaget då han gjekk på gymnaset i Øystese. Han tok til å skrive offentleg etter at dialektbølgja skvulpa i land, men før dei tunge dønningane dreiv inn fjorden. Som dei fleste gode forfattarane av skjønnlitteratur og sakprosa har han skrive normert nynorsk, og han har ønskt at skodespela skal framførast på normert nynorsk her til lands. Torsdag ettermiddag 7. desember 2023 stod ein nordmann under krystallkronene i Börssalen i Svenska Akademien og snakka. Jon Fosse heldt nobelforedraget på eit språk mange nordmenn seier ikkje finst: talt nynorsk. Med a-infinitiv.

VI Fellesskap

For kvar pris Fosse fekk, snakka han med større språkpolitisk tyngd. Då eit sonderande spørsmål nådde han i 2011, om han kunne tenkje seg å bli tildelt statens æresbustad Grotten, drog han litt på det. Viss eg takkar ja, gjer eg det for nynorsken, sa Fosse i telefonsamtalen. Slik kunne han setje seg sjølv litt til sides og underordne seg ein større fellesskap.

At ein forfattar takkar språket sitt, er innlysande når det først er sagt. Når folk gratulerer språket med prisen, melder eg likevel pass.

Nynorsken er ingen skapning med meiningar og kjensler og evne til å gjere noko som helst. Likevel har rekkjer av målfolk og talarar på landsmøte og kvar dei no er, snakka som om Nynorsken er ein person. Målfolk snakkar veldig ofte om nynorsk og altfor sjeldan om nynorskbrukarane. For oss som bruker nynorsk, kan det ha uendeleg mykje å seie at ein annan nynorskbrukar får den fremste litteraturprisen i verda. Slik kan det også vere for mengder av boklesarar, bokmålsbrukarar, teatergjester. Gledeleg mange av desse ville vere ein del av euforien. Gleda var oppriktig og ganske vill.

Sjølv hugsar eg best ei jente som NRK fanga opp i klassikaren tre på gata. Jo, dette er kjekt, for eg skriv sjølv nynorsk, sa jenta. Ein bør ta innover seg at nynorskbrukarar flest er ganske språkleg usikre.

Nynorskbrukarane er inga etnisk gruppe og har dermed lite anna til felles enn språket. Langt frå alle er opptekne av språket sitt. Mange skriv utan å tenkje over kva dei gjer. For andre kan forholdet vere både inderleg og intenst. Somme grip til jamføringar med religion for å karakterisere nynorskbrukarar, stundom jamvel heile gruppa av desse. Eg trur ein kjem mykje lenger med sosiologiske og statsvitskaplege kategoriar enn med religiøse og psykologiske.

Det handlar om identitet, og språkleg identitet er noko anna enn religiøs tru. Identitet er ein vag og skiftande sosial faktor som skil og som samlar. Enkelt skrive handlar identitet om å høyre til. Språk er eit sosialt fenomen, ikkje naturskapt. Språk er difor både ein identitetsmarkør for ei gruppe og ein berar av vesentleg kulturinnhald for gruppa. Det som då har mest å seie, er korleis språkbrukarane sjølve ser på språket sitt, og kva funksjon det har, ikkje kva andre utanfor den gruppa meiner. Både språk og religion er blitt brukte til å markere kulturell identitet. Slik er det ikkje utan vidare lenger. I vår tid går språkleg identitet og religiøs tilknyting gjerne kvar sine vegar.

Om nokon skulle vere i tvil om eit språk er meir enn eit språk, reiv prisjubelen bort all tvil. Spontane uttrykk viste at der er ein førestilt fellesskap, at det er noko med språket nynorsk som skil det frå eit anna språk. Ein slik førestilt fellesskap kan sporast i skrifter og resonnement, men er vanskeleg å dokumentere mellom folk flest.

Oktoberdagane var eit slikt høve. Det høvet har eg sett om att og om att. Der er to loddrette dørvridarar, berre den til venstre er blankpussa, denne blir vridd nedover, den kvite døra med gullrammer glir innover, ein slank mann skrid ut og ønskjer varmt välkomna, Mats Malm med slipsstriper i rosa og svart seier Nobelpriset i litteratur år tjugo-hundratjugotre tildelas, jo, han seier det same som sist eg såg, blikket hoppar mellom manuskriptet og ansikta framfor han, den norske författaren Jon Fosse, og der er han igjen, klumpen i halsen.

VII Følgjer

Etter to minutt og 45 sekund hadde den ständige sekreterare sagt sitt, gått ut att gjennom døra, og dørhandtaket var vridd tilbake. Då hadde leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag alt posta: «Det vesle språket for den store litteraturen.» Denne klassiske retoriske forma er effektiv, men den retoriske tanken treffer ikkje heilt.

Målrørsla har ofte hatt for vane å omtale språket til nynorskbrukarane som lite, nett slik politikarar flest gjerne seier at det norske språksamfunnet er lite. Ein står seg på at ein ikkje gjer noko større enn det er, men denne småminkinga undrar meg. Målt i talet på brukarar har ingen nobelprisvinnar i litteratur kome frå eit språk med færre brukarar en nynorsk. Slike tal fortel likevel lite om kor sterkt eit språk står strukturelt. Ut frå solid internasjonal forsking er både bokmål og nynorsk mellom dei hundre mest solide skriftkulturane i verda.

Å ha ein nobelpriskandidat og no ein vinnar, det betyr alt for nynorsken, sa Cecilie N. Seiness til NRK få minutt etter at prisvinnaren var kunngjord. Euforien som følgde, målbar den same optimismen. Altfor ofte har målrørsla sagt at det eller det tiltaket er avgjerande for framtida til nynorskbrukarane. Med ei litt for kritisk tolking kunne det no verke som om prisen var Det eine nødvendige.

Mykje av den jubelen eg såg, romma prinsippet håp. No blir det lettare å vere nynorskbrukar. Fleire kjem til å bli verande nynorskbrukarar. Det blir vanskelegare å halde fram med å motarbeide bruk av nynorsk. Det må vere «lov å håpe at nynorsken opplever ein Fosse-effekt», skreiv Hauge då ettertanken seig inn.

Slike håp har eg sjølv uttrykt. Etter Ivar Aasen-året 1996 skreiv eg ei sjølvmelding på kronikkplass i Dagbladet og konstaterte at «nynorsken er blitt politisk uangripeleg». I sluttrapporten om Språkåret 2013 fekk eg lagt inn at fleire hundre tusen endra språkpolitisk meining dette året. Om så, det varte ikkje lenge.

Denne gongen tok det 18 dagar før røynda tok over. I Nordland fylkesting la fleirtalspartia Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Venstre 23. oktober fram den politiske plattforma si for åra 2023–2027. Dei ville «søke om å bli et prøvefylke for valgfritt sidemål». I Vestland fylkesting tok Sp-representanten Alexander Fosse Andersen frå Strandebarm derimot til orde for å opprette ein Jon Fosse-pris for unge forfattarar som skriv skjønnlitteratur eller sakprosa på nynorsk.

Språk er den viktigaste infrastrukturen i eit samfunn, og styrken i ein skriftkultur ligg i kombinasjonen av eit skriftbasert samfunn, klare reglar og rettar for språkbrukarane, økonomiske ordningar og materielle strukturar.

Prisar endrar rammevilkåra for prisvinnarane, men påverkar sjeldan materielle, kollektive strukturar. Den einaste tydelege verknaden for provençalsk er det kulturhistoriske museet som Mistral bygde opp for prispengane. Skriftkulturen i Provence var på langt nær så utbygd kring 1900 som i Noreg anno 2023.

Berre Jon Fosse diktar slik Jon Fosse gjer. Det har han kunna gjere av di han skriv i eit sterkt språksamfunn der rammevilkåra for skriftkultur er så utbygde som dei er. Sjølv ein nobelpris fjernar ikkje motstanden mot den plassen nynorskbrukarane har vunne i dette språksamfunnet. Det er ikkje eingong sikkert at rammevilkåra for diktekunst, skrivekunne og leseglede blir verande like gode. Men Jon Fosse blei mellom dei fremste i verda fordi han ikkje skreiv på eit anna språk.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis