Essay
¿ «Et dyr i skjul»
Agnar Mykle fann ikkje på noko nytt då han brukte sitt eige liv som råstoff til romanar.
Beatrice viser Dante, Strindberg, Miller og Mykle gjennom underverda.
Lytt til artikkelen:
Særleg den moderne litteraturen handlar om det individuelle livet og det personlege synet på verda. Vitskapen er objektiv, politikken er basert på gruppeinteresser, religionen tilbyr oss ei openberring og eit trusfellesskap; berre litteraturen snakkar om det personlege livet på eit vis som gjeld alle som kan lese.
Romanen tilbyr ein fortruleg samtale mellom forfattar og lesar som samstundes er intim og offentleg. Det forfattaren ikkje vil seie til eit einaste levande menneske, men berre til seg sjølv, vert sagt til alle. Når dette prosjektet lukkast, som i det vi plar kalla «stor litteratur», bryt litteraturen ned hindringar for liv og tanke som er mogne for fall.
Litteratur og sjølvbiografi
Døme på slik overskridande litteratur finn vi òg i sosialrealistiske romanar som Ivan Turgenjevs novellesamling En jegers dagbok (1852), som skal ha medverka til opphevinga av liveigenskapen i Russland i 1861. Eller litteraturen kan gjennom intime personlege forteljingar vere med på å skuve eit heilt samfunn over frå ein døyande epoke til ein ny, som då Agnar Mykles Sangen om den røde rubin opna for det kulturradikale gjennombrotet i Noreg halvtanna tiår seinare.
Den moderne litteraturens trong til å sjå røynda på personleg vis driv forfattarane mot sjølvbetraktninga. August Strindberg hevda at ein forfattar er «endast en referent af hvad han lefvat», og skreiv sjølvbiografien sin i romanform. Tjänstekvinnans son, Röda rummet, Inferno og Legender er slike sjølvbiografisk baserte verk. En dåres försvarstal handlar om ekteskapen hans med Siri von Essen, rett nok på fransk for å verne kona og seg sjølve mot den svenske ålmenta. Alle Henry Millers store romanar er bygde på råmaterialet han hadde frå sitt eige liv, der kona June Miller var av modellane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.