JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Å svi av ved

Det er fint å vere på fjellet om vinteren, men vent gjerne til påska.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kulda må haldast ute.

Kulda må haldast ute.

Foto: NTB scanpix

Kulda må haldast ute.

Kulda må haldast ute.

Foto: NTB scanpix

3732
20200320

Bratthøbrev

Ein serie stasjonære reisebrev tufta på tradisjonen etter Arne Garborgs Kolbotnbrev, Aksel Sandemoses Brev fra Kjørkelvik og Arild Nyquists Kollvikabrev. Bratthø ligg på ein stad der ein ser halve Noreg, men ikkje teikn til sivilisasjon.

Å vere på Bratthø om vinteren kan vere ei prøving. Det er ofte kaldt i Østerdalen, gjerne ned mot minus 20 og 30 gradar. Under 40 har vi også sett. Då kan ein slenge ein kopp rykande varm kaffi opp i lufta og få kaffikrystallar tilbake. Ikkje er ungane i området heime frå skulen av den grunn. Foreldra deira kler dei godt og sender dei av garde. Eit hardbarka folkeslag. Ikkje har ungane kaffi på termosen heller, så dei veit ikkje kor kaldt det er.

Men det var alltid verre før. For eksempel finst det ei skrekkeleg og underhaldande historie frå Arne Garborgs Kolbotnbrev, der han skildrar ein tur han hadde på butikken vinterstid. Å gå på butikken på slutten av 1800-talet innebar å ta seg på ski gjennom snø, kulde og mørke i mange mil, før ein kanskje kunne kome heim att med livet i behald med mjøl, salt og sukker. Teksten er for omstendeleg til å sitere, avhengig av ei frå forfattaren utsøkt oppbygging, men vesle, tufsete og engstelege Garborg (slik han omtalar seg sjølv) overlevde handleturen berre så vidt.

Sjølv i dag er det noko anna enn å vere ute i storefri i minus 30 eller 40 gradar når ein er 1000 meter over havet ei veke, og alt ein har rundt seg, er ei hytte utan straum, i same området som Garborg, for eksempel i ein vinterferie. Siste gongen vi var der i dette tidsrommet, blei kanskje også siste gongen. Då vi kom fram, hadde ein ven nede i bygda på førehand reist opp på snøscooter og sett på propanomnen, så inne var det no kome opp i heile éin plussgrad. Før vi plasserte bagasjen, gjekk vi ned i skjulet og henta ved og fyrte opp. Vi fekk aldri plassert eller pakka ut bagasjen.

For dette er eigentleg alt ein får gjort mens ein er der vinterstid – i alle fall før påske, då sola kravlar over åsane og appelsinane og kvikklunsjen kjem til fjells: gå ned i skjulet og hente ved, og gå opp igjen og brenne han opp. Kvar dag, så fort vi vakna, noko vi syntest var flaks etter at temperaturen etter kveldens opparbeidde 16 plussgradar gjennom natta hadde sokke til pluss 4, var det ned i skjulet og hente ved. Opp og fyre han opp. Propanomnen brukte vi, samstundes, til propanen gjekk ut.

Så kva skal vi gjere no, då, når klokka er ni og vi har drukke kaffi? Nei, vi får vel gå ned i skjulet og hente litt ved. Ja, av med ullpledda og på med kleda igjen. Lue og vottar og skjerf og boblejakke. Hente ved. Opp igjen og fyre i omnen. Sitje rundt omnen og gni hendene. Høyre på radioen. Gå på ski? Nei, det er for kaldt. Men fint lys utanfor vindauget der borte, då.

Vi sov i stova, brukte soverommet til kjøleskap, og kjøkenet brukte vi ikkje. Radiusen blei mindre og mindre, eigentleg sat vi berre ved omnen. Vedomnen. Kva skal vi gjere no ved lunsjtider, skal vi spele spel? Nei, brikkene er for kalde. Vi går ned og hentar ved. Ja, på med lue, vottar, skjerf og boblejakke. Middagstider, kveldstider. På med hovudlykt, boblejakke og så vidare, ned og hente ved. Brenne han opp. Høyre på radioen, utan radius.

Alle trea vi om sommaren sagar ned for hand og baksar og balar med for å få stammane kvista og dratt med gjennom oppoverbakke, gjennom einer- og vierkjerr, mose og myrlandskap, til hoggestabben for kløyving, og så er det kløyvinga, og så er det stablinga i sørveggen på skjulet, og eitt års tørking – skal alt dette berre sviast av nokre vinterdagar?

Ja. Dette var ein god idé.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis