JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Nåde

I ettertid ser ein at komikaren Louis C.K.s Horace and Pete er eit undervurdert lite meisterverk om veikskap, ansvar og arv i eit Amerika på randa av sjølvdestruksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7191
20200306

Bakgrunn

Louis C.K. (eigentlig Louis Székely)

Amerikansk komikar, fødd i 1967 i Washington DC, delvis oppvaksen i Mexico

Mest kjend for standup-show som Live at the Beacon Theater, Oh My God og Shameless

Har òg skrive og produsert fleire filmar og TV-seriar, som Pootie Tang, Lucky Louie, Baskets, Better Things og Louie

ida@dagogtid.no

Humor er det som skjer når vi vert fortalde sanninga raskare og meir direkte enn vi er vande med, skriv forfattaren George Saunders. Slik er det i alle fall med standup: Når han er bra, er han som små teppebombingar av sanning.

Humor handlar om tempo, rytmesans, om å lese rommet og tida. Nettopp difor kan òg det motsette av Saunders’ utsegn vere sant: I tragikomedien kjem ofte sanninga slåande sakte, gjerne i form av repetisjonar ad absurdum.

For meg kom 2010-åras største tragikomiske teateroppleving i form av ein TV-serie som dumpa ned i innboksen i januar 2016, på eit svært desorienterande augeblikk i USAs historie. «Ein heilt ny ting frå Louis C.K.», stod det i tittellinja på nyhendebrevet som gjekk ut til fanskaren, og inni var det berre ei lenke og setninga: «Vi håper du liker det. Helsing Louis.»

Horace and Pete hadde ikkje vore annonsert i forkant, det fanst ingen trailer, og ein kjøpte altså episodane direkte frå heimesida til skaparen, Louis C.K. 

På den tida var C.K. kongen av standup. Han hadde òg produsert komedien Pootie Tang, fleire surrealistiske kortfilmar og den til dels sjølvbiografiske serien Louie, om ein mann som til liks med Louis bur på Manhattan og har to små døtrer hos seg halve tida. Som Louie handlar Horace and Pete om folk som trass i alle feilsteg og nedrige inklinasjonar prøver å ta ansvar for den dei er.

Eit år seinare skulle C.K. gå ned i metoo-dragsuget for å ha runka framfor folk som ikkje ville at han skulle runke framfor dei. Men i 2016 var han framleis kongen og hadde tent seg så rik at han sjølv kunne finansiere produksjonen av dette lågmælte teaterstykket.

For det er på mange vis klassisk dramatikk det er snakk om, med innslag av både Sofokles’ tragediar, Aristofanes’ komediar og Ibsens og Tsjekhovs kammerdrama. Serien er delt i to akter, fem episodar per akt, og nesten alt går føre seg i same rom, tonesett av Paul Simon. Også lys og lyd blir nytta som om det var ei teaterscene.

Dette er TV for framtida, sa mange. Folk var mette på perfeksjon etter HBO-seriens stordomstid, svoltne på det nedstrippa og sakte. Alt i serien var konsertert rundt orda – og her fekk alle dei mest ramsalte og forløysande banneorda fritt utløp.

Rollebesetninga var til å grine av: Edie Falco, Jessica Lange, Alan Alda. C.K. spelte sjølv Horace, morosamt nok den minst morosame av alle personane i dramaet, ein karakter oppkalla etter ein klassisk romersk satirikar. Og i rolla som Pete: Steve Buscemi, kanskje det finaste andletet i heile Hollywood.

Horace and Pete utspelar seg på ein hundre år gammal irsk dive bar i Brooklyn. Puben serverer korkje vin eller blanda drinkar. Berre rein sprit eller Budweiser på fat. Om ein hipster forvillar seg inn for ironisk å gå på brun pub, må han betale meir for ølen enn stamgjestene. Ein douche tax. Puben blei etablert av brørne Horace og Pete i 1916 og har sidan då gått i arv frå far til son.

Hovudtemaet er korleis ein skal forvalte fortida. På den eine sida: Kva skuldar vi dei som kom før oss? På den andre: Korleis kan vi bryte valdssirklane som forplantar seg nedover generasjonane? 

På berre ti episodar blir tema som sjølvmord, kreft, rasisme, incest og psykose dekte – utan ein einaste gong å ty til moralisme. Drankarane i baren får snakke ut om meiningane sine, og dei imøtegår kvarandre, ofte aggressivt.

Men frå synsvinkelen som publikum blir tildelt, er det ikkje rom for å felle dommar over dei som snakkar. Og det langsame tempoet tvingar oss til å sjå logikken i politisk ukorrekte resonnement.

Ein typisk diskusjon om abort, mellom fire menn langs baren, startar fleipete, blir fort dyster, er innom teologi og endar i absurdistisk komikk. Dei ser for seg eit helvete så fullt av foster at dei ligg strødde langs gatene som underverdas hundeskit. Overalt tråkkar ein i miniatyriske udøypte syndarar.

Kvar gong eg har sett serien, har eg sett noko nytt i lys av samtida. Denne veka, til dømes, idet den demokratiske nominasjonsprosessen i USA blir snevra inn, ser eg brått dialogen mellom den ekstremt intelligente unge nihilisten og den sjenerte tussien blant barflugene som litt profetisk:

«Eg skulle ønske vi kunne hatt Trump og Bernie Sanders som medpresidentar», seier han som alltid drikk kaffi medan han trippar lett på syre.

«Kvifor det?» seier den andre.

«Fordi dei er dei einaste som seier sanninga. Bernie er den einaste demokraten som seier at han vil halde pistolen mot hovudet til rikingane og tvinge dei til å betale for alt. Og Trump er den einaste republikanaren som innrømmer at han drit i alt, og at det heile er eit skurkete spel som berre han kan spele. Så då får vi eit fantastisk system der Bernie tar alle pengane frå dei rike, medan Trump gir det tilbake til dei i bestikkingar for å halde økonomien i gang.»

«Korleis er det ein bra måte å drive eit land på?»

«Vel, det er det ikkje. Det blir ein katastrofe. Men det vil avsløre den sanne naturen til systemet og dermed øydelegge det. Alt kjem til å bli kaos.»

«Så du seier at ein bør øydelegge det beståande for å lage noko nytt?»

«Nei, det eg seier, er: Føkk alt dette. Føkk dette landet. La det brenne.»

I den mest minimalistiske episoden spelar Laurie Metcalf Horaces elleve år eldre ekskone. Nesten heile episoden er berre andletet hennar som fortel Horace at ho har byrja vere utru mot den nye mannen sin, Glenn, med den tjue år eldre faren til Glenn.

Horace er forbløffa, men han dømmer ikkje. Samtalen dei imellom tar inn over seg kor tragisk det heile kjem til å ende, for så å konkludere med at ho berre må bestemme seg for å halde fram, sidan det er det ho kjem til å gjere same kva. Slik har C.K.s etikk alltid vore: Om du gjer noko ròte, så eig det. Ein må ta ansvar for eigne uansvarlege gjerningar.

«Kva er eg?» spør ho.

«Du er lik ein haug med andre folk», seier Horace: «Ein kunne samle alle verdas utru i ein hær mot dei ærlege og vinne.»

Dette er C.K.s sekulære versjon av nåde: Alle er falne. Dei liksom rettskafne er jævlane, for det er dei som held høygaffelen.

Berre dei vellukka vekker avsky i Horace and Pete, som den unge kvinna som klagar til ein Tinder-date over at ho ikkje er tilfreds i draumejobben. Monstera er dei herda menneska som representerer status quo utanfor puben.

C.K.s komikk har alltid operert i denne spenninga mellom moralistisk antimoralisme til forsvar for dei veikaste og eit ønske om å komme vekk frå sjølvforakta han fekk inn med morsmjølka. Difor er det ironisk at karrieren hans vart stogga ved at det nymoralistiske systemet i all hurlumheien i åra etter forveksla C.K.s tarvelege sjølvfornedring med maktmisbruken til andre og freista bannlyse han frå verdsscena.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hovudtemaet er korleis ein skal forvalte fortida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis