Essay

Lysande mørker

Med målarkunsten som motiv fortel Jon Fosse i sitt siste storverk, Septologien, om eit einsamt og skapande kunstnarliv. Skildringa av det eksistensielle livsalvoret har òg funne plass til både humor og satire, og djupe tankar om kunst, kristendom og den udøyelege ånda.

Jon fosse då første bandet av Septologien vart lansert på Det Norske Teatret 6. september 2019. Det siste kom i haust.
Jon fosse då første bandet av Septologien vart lansert på Det Norske Teatret 6. september 2019. Det siste kom i haust.
Publisert

Med Septologien (Det andre namnet, 2019, Eg er ein annan, 2020, og Det nye namnet, 2021) har Jon Fosse skapt endå eit storverk, som syner at han i dagens norske litteratur er i ein klasse for seg. Både internt i denne store romanen og slik han peikar mot noko anna og større, handlar det om identitet eller mangel på identitet: Kven er mennesket? Svaret romanen gjev, er at vår identitet er knytt til vårt evige liv i Gud.

Romanverket tek opp i seg mykje Fosse før har skrive, og har sju delar, som skildrar sju dagar i advent, måndag til torsdag to–tre veker før jul, og i den siste boka: fredag til sundag (julaftan). På sju dagar blir eit liv litterært skapt, og endar i død og kvile. Romanen er ein kunstnarbiografi som òg inneheld mange tankar om kva kunst er og kan vera, og både i detaljar og større trekk har han også mykje av Fosses eiga livssoge i seg.

Aldrande målar

Alt er sett gjennom den aldrande målaren Asle: hans tankar og handlingar i notida gjennom desse sju dagane og minnestraumar frå ulike delar av fortida hans. Minna kjem når han ser – inn i snøen eller mot médet han har teke seg i Sygnesjøen utanfor huset sitt i Dylgja. «Ser» er eit ord som peikar mot sentrum i romanen: ordparet lys og mørke, ikkje mest som motsetnad og kontrast, men som den primære sameininga lysande mørker – som ligg til grunn for og gjer kontrast og motsetnad mogeleg.

Minna til Asle er stort sett kronologisk ordna, men i nokre av dei er det ikkje berre den eldre Asle som ser seg attende, men òg framsyn (som bryt med realismen) – som at ein yngre Asle (og kona Ales) ser den eldre Asle, som òg ser dei, men ingen veit heilt kven dei ser – eit særeige Fosse-motiv: samstundes eksistens i ulike tidsrom, noko diktaren er ein meister til å skapa rørsle og elegante skifte mellom.

Det sentrale kunstverket i romanhandlinga er eit bilete Asle nyleg har måla som får tittelen «Andreaskross». Alle sju delane byrjar med at han ser på det: «Og eg ser meg sta° og sjå mot biletet med dei to strekane, ein lilla og ein brun, som kryssar einannan på midten» (del I), før han til slutt set det bort (del VII). Sitatet syner at Asle er forteljaren, og at han også er plassert utanfor romanen, utanfor livet. Denne ytste Asle er den udøyelege ånda hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement