JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Kyrkjerom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mannen med ljåen over inngangen til Chiesa del Purgatorio i Terracina i Italia.

Foto: Umberto Petrocelli

7148
20220429
7148
20220429

Kyrkja i Sauherad er noko for seg sjølv, og det er den omtala og berømte demonveggen eg tenkjer på; han har over 2800 teikna demonar, men det er usikkert om dei er teikna eller rissa inn, men dei kan vere fylte med sot eller restar etter brent bein, dette er ikkje mine ord, men dei til den konservatoren som oppdaga demonveggen; og demonane er alt frå miniatyrar til store demonhovud, og nokre plassar på veggen sett saman av fleire små og det underlege er at alle andleta til demonane peiker mot presten og ikkje mot kyrkjelyden.

Ein har ikkje visst kven som laga demonane før no, når ein kunsthistorikar og ein konservator grundig har granska demonane i Sauherad kyrkje, og måten dei blei teikna på, og dei meiner at det er den konservatoren som først oppdaga dei, under krigen, som er mannen bak alt saman, også da den tvilsame grunnen, spør du meg, at han var både ein kunstnar og konservator.

Den fyrste gongen eg var i kyrkja, med ein kjentmann, var det for å sjå på demonveggen og for å gi forfattarstudentane ei oppgåve, eg var ofte timelærar ved høgskulen i Bø, på 90-talet, nå Universitetet i Søraust-Noreg.

Eg fekk lov til å stå i døypefonten dersom eg tok av meg skoa, som presten hadde forlangt, det gjorde eg ettersom det var høgt opp til demonane, og ljoset var elendig, men med ei lommelykt fekk eg sjå ei heilt underleg og framand verd, og oppi alt det kaotiske såg eg eit vakkert og flott portrett av noko eg trudde kunne vere ei sammankopling av Kristus og den heilage Jomfru Maria, om det da ikkje berre skulle vere den heilage mor, om ikkje Maria Magdalena som oppdaga at grava var tom, men uansett kven som har utført dette, så er det eit eineståande barokkarbeid i kongeriket, og eg veit ikkje om noko som liknar.

Eidsborg stavkyrkje, som også ligg i Telemark, er ei av dei minste stavkyrkjene i Noreg, ho er frå 1200-talet, og tida har sett sitt spor i dei ytre borda i kyrkjebygget, det er som om det som har blitt gamalt, går inn i ein eigen type alder og blir også farga av tida, og eg hugsar at plankane på kyrkja var heilt svarte av elde, men kyrkja har vore restaurert fleire gonger, utan at eg kunne sjå at det var noko som mangla.

Dei ytre borda på kyrkja var så gamle at dei nesten var i slekt med vikingane, og der inne var det som om ein kunne høyre at den eldgamle kyrkjelyden bad til Olav den heilage om at det måtte bli ei god avling og at vinteren ikkje blei for hard, men dette hadde også blitt ei kyrkje for St. Nicolaus, så da hadde dei vel bytta ut Olav Digre med julenissen, og kyrkjetenaren fortalde at på 1500-talet gjekk folk i prosesjon rundt kyrkja med ei stort måleri av julenissen.

Trappa opp til sakristiet var ei trapp med gamle gravsteinar, og det var underleg å trakke på dei, eg følte at det var blasfemi mot dei døde.

Det er ei eige stille i Noregs hjarte, som Nidarosdomen heitte før, då Olavsskrinet var på plass; det er ein lett tone, ikkje lett, men ein eigen tone i heile bygget, til tross for den massive tyngda, og lik mange katedralar på kontinentet har ikkje kyrkja benkar, men stolar; vestfronten er heilt eineståande med alle dei uthogde figurane, og oktogonen er storarta, og berre det å vere i domen er flott, og ein får ro i sjela av å vere der.

Eit av dei flottaste kyrkjebesøka eg har hatt, var i Hallgrims kyrkja i Reykjavik på Island, apsisen ser ut som ein gigantisk vikinghjelm og eit tårn frå vår tid ettersom han minner om ein månerakett. Då eg og ein venn var der og vi gjekk inn som turistar, var det ein organist som spelte på orgelet, akkurat ved inngangen, og det var svimlande høgt under taket, så vi tok heisen opp til toppen av tårnet, og vi kunne ikkje sjå månen, men vi kunne sjå heile Reykjavik.

På Færøyane besøkte eg det som heiter Magnuskatedralen, som også blir kalla «Muren» på Færøyane, sidan det berre er eit skal att av noko som ikkje blei noko anna, og som var eit heilt tomt skal då eg besøkte «Muren», men det står at katedralen aldri ble ferdigbygd, og det som står att, er ein kraftig og tjukk mur.

Det er også kraftige vegger på den eldste kyrkja i Oslo, Gamle Aker kyrkje, ein gong var eg forlovar i eit bryllaup der, og heile kyrkja er prega av å vere gamal, og sjølve koret er tungt av elde og stein; inst i den austvende apsisen, bak alteret, er det eit smalt glasmåleri av Thorvald Moseid, det er enkelt og smalt, og det er eit tydeleg protestantisk arbeid.

Glasmåleriet som heiter «Den sigrande Kristus», det må vere om oppstandelsen og Pauli ord om dødens brodd, er barskt, ettersom dødens brodd er djup, men Paulus hadde ei sterk Gudstru.

I fiske- og badebyen Terracina i Sør-Italia er det ei merkeleg kyrkje for dei som skal til skjærselden, altså Purgatorio, som kyrkja heiter. (Det vert sagt at skjærselden eller skirselden blei funnen opp på 1200-talet, sidan dei fattige kom til infernoet, dei rike til paradiset. Så kor skulle då handverkarane? Dei skulle til purgatoriet.)

På heile den gamle kvite fasaden er det fire halvsøyler og tre ovale vindauge med glasmåleri, men det som tek kaka, i ei svær barokk tympanon, er mannen med ljåen i heilfigur, og under den oppstikkande ljåen står det på latin «Hodie mihi tibi» – «I dag meg, i morgon deg».

I november før pandemien fekk oss i kneståande, som verker å vere lenge sida, drog eg til Roma for å skrive på eit manus, og frå hotellromet mitt kunne eg sjå ei kyrkje som hadde same kuppel som Peterskyrkja, berre mindre. Etter at eg hadde gått meg ein tur, oppdaga eg at hotellet mitt låg nær Hadrians mæle og då ikkje så langt frå Peterskyrkja, men den kyrkja eg hadde glant på frå hotellromet mitt, mens eg skreiv på manuset, måtte eg oppsøke, sidan det ikkje var langt, der ho låg på andre sida av Tiberen.

Så ein kveld gjekk eg inn i kyrkja for å tenne eit ljos for den avdøde kona mi, kyrkja heiter Johannes-kyrkja, og der inne var det kjølig og vakkert, og medan eg tente eit ljos, kom det inn ein svært truande katolikk og knelte djupt, og eg blei rørt av gudstrua hans, han gjekk ned på kne og korsa seg idet han kom inn.

På Jæren var det ei ny kyrkje, eg var der for å bu på Obrestad fyr, saman med ein god ven, og vi håpa at det skulle blåse opp til storm, som ikkje kom, så vi drog til Nærbø kyrkje som var ny i 2005; ho blir også kalla Jærkatedralen, og det var ei flott og heilt ny kyrkje.

Alteret, døypefonten, preikestolen og brudeparstolane var teikna og laga av arkitektkontoret Bransberg-Dahls i samarbeid med jærkunstnaren Gunnar Torvund. Han har laga altertavla, og ho er stor, fundamentet er ein 18 tonn tung stein, over steinen er det ein hage som skal minne om Getsemane og Edens hage, alt dette er stilisert, deretter den korsfesta Kristus og heilt øvst guds auga.

Da eg var der med ein god venn, fekk vi lov av ein hyggeleg kyrkjetenar å gå inn i det nye kyrkjeorgelet, og det var ein smal veg inn, og det var flott å sjå innsida av eit orgel. Ved utgangen var det eit lam i marmor, også laga av Torvund, og nedfelt i golvet var omrisset av ein fisk.

Ole Robert Sunde

Ole Robert Sunde er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eit av dei flottaste kyrkjebesøka eg har hatt, var i Hallgrims kyrkja i Reykjavik på Island.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis