JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

🎧 «Et dyr i skjul»

Agnar Mykle fann ikkje på noko nytt då han brukte sitt eige liv som råstoff til romanar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Beatrice viser Dante, Strindberg, Miller og Mykle gjennom underverda.

11186
20191213

Songen om dei levande modellane

Kaj Skagen ser i seks artiklar nærare på Mykle-saka frå 1956–57. Han meiner at forarginga over Sangen om den røde rubin ikkje kom av dei seksuelle skildringane i boka, men av at Agnar Mykle nytta modellar frå det politiske maktmiljøet. Del 6 av 6.

Lytt til artikkelen:

Særleg den moderne litteraturen handlar om det individuelle livet og det personlege synet på verda. Vitskapen er objektiv, politikken er basert på gruppeinteresser, religionen tilbyr oss ei openberring og eit trusfellesskap; berre litteraturen snakkar om det personlege livet på eit vis som gjeld alle som kan lese.

Romanen tilbyr ein fortruleg samtale mellom forfattar og lesar som samstundes er intim og offentleg. Det forfattaren ikkje vil seie til eit einaste levande menneske, men berre til seg sjølv, vert sagt til alle. Når dette prosjektet lukkast, som i det vi plar kalla «stor litteratur», bryt litteraturen ned hindringar for liv og tanke som er mogne for fall.

Litteratur og sjølvbiografi

Døme på slik overskridande litteratur finn vi òg i sosialrealistiske romanar som Ivan Turgenjevs novellesamling En jegers dagbok (1852), som skal ha medverka til opphevinga av liveigenskapen i Russland i 1861. Eller litteraturen kan gjennom intime personlege forteljingar vere med på å skuve eit heilt samfunn over frå ein døyande epoke til ein ny, som då Agnar Mykles Sangen om den røde rubin opna for det kulturradikale gjennombrotet i Noreg halvtanna tiår seinare.

Den moderne litteraturens trong til å sjå røynda på personleg vis driv forfattarane mot sjølvbetraktninga. August Strindberg hevda at ein forfattar er «endast en referent af hvad han lefvat», og skreiv sjølvbiografien sin i romanform. Tjänstekvinnans son, Röda rummet, Inferno og Legender er slike sjølvbiografisk baserte verk. En dåres försvarstal handlar om ekteskapen hans med Siri von Essen, rett nok på fransk for å verne kona og seg sjølve mot den svenske ålmenta. Alle Henry Millers store romanar er bygde på råmaterialet han hadde frå sitt eige liv, der kona June Miller var av modellane.

Eit kjenneteikn på nyare litteratur er at det eige livet vert råstoff og romanen ikjøta sjølvbiografi, samstundes som det vellukka litterære verket riv seg laus frå råstoff og modellar og dannar ei eiga verd, bygd av noko privat og intimt, men forvandla til noko gyldig for alle. Få vil vel i dag meine at skaparprosessen for forfattarar som Strindberg, Miller, D.H. Lawrence og Agnar Mykle råka modellane slik at det alt i alt hadde vore best at romanane deira aldri var blitt til.

Litteratur og moral

Likevel blir den sjølvbiografiske romankunsten til i eit område der dei etiske grensene er uklåre. Det er ikkje meininga å gå inn på dette omfattande spørsmålet her, men berre å peike på dei ulike perspektiva.

Forfattarens sjølvanalyse og nytte av eige liv som råmateriale tek litteraturen inn i ei forboden sone der livsskildringa står mot personvernet. Den som vil løyse denne motseiinga med å sikre alle modellar mot overtramp, lyt vere klar over at ein dimed går til åtak på litteraturen som verksemd. Om forfattaren skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt, må litteraturen overskride og flytte grenser som er blitt for tronge. Då må ein inn i den forbodne sona og arbeide så å seie «hinsides godt og vondt», ikkje innanfor den konvensjonelle moralen. Det inneber at viktig litteratur blir til i ei etisk risikosone der ein fyrst i etterhand kan sjå om noko gjekk gale eller rett. I mange døme går det både gale og rett, som når romanane til Mykle samstundes råkar einskildmenneske unødig og opnar for større fridom og sjølvrealisering i ei tid som la for store kollektive band på folk. Den som vil gjera litteraturen risikofri, vil i praksis redusere han til krim og underhaldning.

Kritikarane av «røyndomslitteraturen» ser seg ofte som forsvararar av forsvarslause privatmenneske som meiner seg uthengde av ein forfattar. Forfattarane på si side ser pressa si opphaussing av kven som kan vere modell for ein romanperson, som ei slags «tysting» som nett rettar flaumlyset mot ein privatperson som lesarane elles ikkje ville ha tenkt på. «Tungan ër talför, men boken ër tyst», svarte Strindberg i 1911 på spørsmålet om litteraturen hengde ut modellane sine, og med dette meinte han at det er pressa med dei overflatiske oppslaga sine som bryt personvernet, ikkje forfattaren og romanen journalistane går til åtak på. Det same synet hadde Agnar Mykle.

Mykles opne brev

I fleire intervju avviste Mykle at Rubinen leverte reportasjar frå seksuallivet hans. Han sa at han hadde late seg «inspirere av levende personer», men at romanfigurane hans berre fanst i fantasien hans. Han klaga òg over at litteraturkritikken hadde drive «privat detektiv-virksomhet» for å slå fast identitet mellom romanpersonane og levande modeller.

Sumaren 1957, medan pressa kokte av raseri over den litterære seksualiteten til dei levande modellane, skreiv Mykle eit ope brev til riksadvokat Aulie, der han bad om å bli sikta for utilbørleg bruk av levande modellar. Han seier at kvinnehistoriene i Rubinen er «ren diktning», men avviser ikkje at han «kan ha kommet enkelte mennesker for nær med [sine] persontegninger», ved at han «kan [ha vært] en strek mindre varsom enn hva aktverdig borgerskikk tilsier».

Trengd opp i eit hjørne vedgår han i brevet at han kan ha gjort seg skuldig i eit aktlaust overtramp. Men han meiner at pressa med påstandane sine om at romanen hans er reportasje frå røynda, har gjort det vonde mykje verre. Om han «i diktningens hete og visjon» skøytelaust har gjort kvinner som trur seg portretterte i boka, vondt, «skal derfor journalister med koldt blod øke skaden, sette seg på et av de innbildte ’ofre’, gripe kniven og støte til pånytt? Sogar vri kniven rundt i såret, og under en serie av triumferende skrik forvandle det første eventuelle streifsår til eit ulægelig ulivssår?» Han vil no at avisrykta om levande modellar skal erstattast med teiepliktig etterforsking av politiet. Kort sagt vil Mykle vise at han ikkje er eit fullkome menneske, men heller ikkje tvers gjennom dårleg og omsynslaus. Såleis utfordra han ålmenta frå ein knelande posisjon. Men brevet blei aldri sendt.

Ein framand fugl

Agnar Mykle var ein framand fugl. Han kom inn i Sosialistisk Studentlag i Bergen i 1938­–39 som agent for ein annan livsdimensjon enn den dei fleste andre levde i. Ettertida kjenner Mykle som kulturradikalar og seksualprofet, men han var i langt høgare grad ein sensualismens Brand, ein mann som ikkje kunne tåle synet av livets borgarlege elende. Han heldt ikkje ut synet av menneske som øydela eigne liv med ufridom og kjærleiksløyse, og måtte som rein refleks fortelje menneska korleis han såg dei.

Men menneska han stilte ut i dette moralske prosjektet, hadde ikkje berre ein annan moral og eit anna verdsbilete enn han. Dei hadde makt i eit samfunn der Mykle var ein framand. I det vesle sosialistmiljøet fann ein forutan den seinare stortingsmannen Trygve Bull og redaktøren av Arbeiderbladet Per Monsen, òg den seinare stortingspresidenten Nils Langhelle, Bergens-ordføraren Knut Tjønneland, industriministeren Nils Handal og forsvarsministeren Kjell Gjøstein Aabrek, alle frå Arbeidarpartiet. I den same byen var den seinare riksadvokaten Andreas Aulie kriminalsjef og statsadvokat på den tida Mykle kom dit; under krigen hadde han vore norsk rikspolitisjef i London. I grenselaus naivitet hadde Agnar Mykle lagt seg ut med sjølve makta i landet.

Dette bergenske miljøet fann seg ikkje i å vere gjorde til latter i ein roman, skriven av ein politisk svikar. Då Sangen om den røde rubin kom ut i 1956, var romanpersonane blitt mektige aktørar i det politiske og kulturelle Noreg. Dei ville vel gi Mykle attende det dei syntest han fortente, men hadde inga god sak. Difor skauv dei modellane for dei erotiske skildringane framfor seg, slik at Mykle blei forvandla frå maktkritikar til kvinneovergripar.

Men ingen av kvinnene ville stå fram og vitne mot Mykle. Korleis skulle ein då kome han til livs? Han blei sikta for brot på utuktsparagrafen i mangel av klagar om brot på privatlivets fred, og kanskje i von om at siktinga ville føre til nett slike klagar. Det skjedde ikkje, og følgja blei ein av dei tåpelegaste rettargangane i moderne norsk historie, det at eit sentralt litterært verk skulle bli forbode på grunn av erotiske skildringar. Det gjorde Mykle udøyeleg. Men først døydde han i levande live.

Øydelegginga av ein forfattar

I 1957, på ei tid då ei gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar var 13.000 kroner, tente Mykle éin million kroner på salet av Rubinen, men rikdommen blei snøgt sett over styr.

Han heldt fram med å skrive i åra etter rettssaka, men hadde mista grepet på både litteraturen og tilværet. Aldri meir nådde han opp til sitt tidlegare kunstnarlege nivå. Alt Mykle skreiv etter rettssaka, blei lagt til side eller brote sund. Dei to siste bøkene hans – Rubicon (1965) og Largo (1967) – var brokkar redaktøren hans fann i det enorme, mange tusen siders steinbrotet. Han blei avhengig av sovemiddel, blei slått konkurs, gjekk i LSD-terapi hos psykiateren Gordon Johnsen på Modum Bad, miste husværet sitt og flytta til ei eiga avdeling i huset til den fråskilde kona si, Jane, i Asker, der han blei teken vare på nærast som eit barn.

Dei siste om lag tjue åra levde han isolert og fullstendig tilbaketrekt. Han skreiv, men få fekk sjå det, og dei utdraga som kom etter hans død, vitna om menneskeleg og litterært samanbrot.

Pressens folkedomstol

Han blei frikjend i rettssalane for klagen om brot på utuktspargrafen, men dømd av pressa og sladderen for utilbørleg bruk av levande modellar. Straffa var streng: livsvarig husarrest og publiseringsforbod, overvaka av traumet saka skapte i han.

Han var disponert for dette samanbrotet gjennom at han var sær og kjenslevar, men det han blei utsett for i saka om Rubinen, kunne ha knekt sterkare menn enn han. Jane Mykle sa i ein samtale med Alf van der Hagen at samanbrotet i forfattarskapen til ektemannen var «utelukkende rettssakens skyld»; etterpå var han «nedkjørt» og tolte ikkje å snakke om det som hadde hendt; blei det nemnt, fór han opp eller stengde seg inne på arbeidsrommet.

I tillegg til rettssaka var det pressestormen og den moralske fordømminga. Det massive offentlege åtaket må ha gjort han synleg på uuthaldeleg vis og tvinga han til å gjere seg usynleg. Kanskje kunne han ikkje eingong i isolatet sitt feste eit einaste ord på papiret utan kjensla av at heile verda kikka han over skuldra.

«Et dyr i skjul»

«Jeg er å ligne med et dyr som ligger i skjul for å angripe eller for å føde, hva meg og offentligheten angår, så er jeg å regne for p.t. død», skreiv han til forlagsredaktøren Sigmund Hoftun i 1970-åra. Alt då var han blitt ein levande død, nett som han no er ein død som lever gjennom romanane om Ask Burlefot, forteljingar som har trassa all moral og forarging og står att som to av hovudverka i nyare norsk litteratur.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I grenselaus naivitet hadde Agnar Mykle lagt seg ut med sjølve makta i landet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis