Essay
¿ Dei audmjuka og såra
Personar i den sosialistiske studentforeininga i Bergen stod modell for fleire av romanfigurane til Agnar Mykle.
Lytt til teksten:
I pressa blei det sagt at Agnar Mykle hadde nytta levande modellar for romanpersonane sine, men ikkje at modellane for det meste var i fulle klede og henta frå Arbeidarparti-miljøet i Bergen. Samstundes blei det slått stort opp at Sangen om den røde rubin (heretter Rubinen) skulle vere ein pornografisk roman med referat frå samleie med levande bergenskvinner.
Når desse elementa blei slått saman, blei det til eit «faktum» at Mykle hadde brukt levande og lett attkjennelege modellar til dei seksuelle skildringane. Men sjølv om det fanst levande modellar for Asks kvinner, var dei vanskelegare å identifisere enn kjenningane hans i Sosialistisk Studentlag. Likevel blei desse to heilt ulike gruppene – modellane for Asks elskarinner og modellane frå Sosialistisk Studentlag – blanda saman. I den offentlege meininga blei attkjenninga av sosialistane overført til elskarinnene.
I den verkelege sosialistiske studentforeininga i Bergen samla fleire av landets komande stortingsmenn og ministrar seg om den marxistiske guruen Trygve Bull. I mellomkrigstida hadde han vore ein viktig medlem av den kommunistiske kaderorganisasjonen Mot Dag, under krigen var han politisk fange i Sachsenhausen, og han blei sidan viktig på venstresida i Arbeidarpartiet. Då Agnar Mykle kom til Bergen i 1938, var Trygve Bull lektor ved Bergen Katedralskole.
I dette bergensmiljøet var ein så oppteken av Rubinen at fleire skal ha finlese romanen to gonger for å sjå om det var mogeleg å finne seg sjølv i han om dei berre leita grundig nok. Lett å finne var Trygve Bull, modellen til Francis Stabell, som Ask Burlefot lytta til med botnlaus vyrdnad. Men Bull var langt frå den einaste modellen frå denne krinsen. I Arbeiderbladet, den gongen regjeringsorgan og Arbeidarpartiets partiavis, hadde redaktøren Per Monsen skaffa seg eit eige, så å seie redaksjonelt eksemplar av Rubinen, skriv forfattaren Eystein Eggen, som ei stund var Mykles svigerson. På fyrste side skal det ha vore skrive inn ei liste over partifellar som var omtala, med sidetilvising.
Denne lista må ha vore imponerande, for då Mykle hamna på handelshøgskulen i Bergen og begynte å gå i Sosialistisk Studentlag, trefte han på ein venekrins som seinare, då Rubinen kom ut i 1956, var fletta inn i det sterkaste politiske maktmiljøet i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.