JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

🎧 Ask Burlefots elskarinner

Kven var modellane for Ask Burlefots elskarinner i Sangen om
den røde rubin? Journalistar frå Verdens Gang, Morgenbladet og Svenska Dagbladet leitte utan å finne dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10433
20191122

Songen om dei levande modellane

Kaj Skagen ser i seks artiklar nærare på Mykle-saka frå 1956–57. Han meiner at forarginga over Sangen om den røde rubin ikkje kom av dei seksuelle skildringane i boka, men av at Agnar Mykle nytta modellar frå det politiske maktmiljøet. Del 3 av 6

Lytt til artikkelen:

Inga levande kvinne stod fram og hevda at ho var ei av desse elskarinnene. Alle saman heldt seg vekke frå Mykle-debattens intense flomljos gjennom meir enn eitt år.

Det finst eit brev sendt til Kyrkjedepartementet i 1957 der underteiknaren gjev seg ut for å vere ei av dei, men dette brevet er anonymt og lite truverdig. Heller ikkje over seksti år seinare ligg det føre nokon offentleg identifikasjon. I dag har vi ikkje nokon trong for å få namn og passbilete av dei.

Men spørsmålet om kor lett det var for lesarar i 1956 å identifisere modellane til Asks elskarinner, er avgjerande for innsikta i kva som var drivkrafta i den harmen som velta over Mykle. Det var ikkje dei erotiske innslaga i seg sjølve som vekte forarging. Philip Houm i Dagbladet kalla samleieskildringane for høgdepunkt i norsk erotisk kunst. Olav Simonnæs i Bergens Arbeiderblad påstod at han var så van med realistisk samleieskildring at han knapt reagerte på det lenger. Det var ikkje pornografien, men bruken av levande modellar som blei vurdert som umoralsk. Dette gjaldt fyrst modellane for det politiske miljøet i romanen. Men i debatten om romanen gleid merksemda over på modellane for dei unge kvinnene. Det blei hevda at dei var lette å kjenne att, og dette blei ei hovudskulding mot Mykle.

Men var modellane til dei unge kvinnene i Rubinen så lette å identifisere som ordskiftet i 1950-åra kunne tyde på, og som litteraturhistoria – og sladderen – har teke for gjeve i tre kvart hundreår? Eller smitta det lett attkjennelege ved personar frå det politiske miljøet over på dei vanskelegare attkjennelege kvinnene?

Desse spørsmåla er som sagt viktige fordi dei kan kaste lys over kvar harmen mot Mykle kom frå, og kva som var dei verkelege motiva bak rettssaka i 1957. Kor lett det var å kjenne att kvinnemodellane, har aldri vore systematisk undersøkt, sjølv om ein gjennom rein tekstanalyse kan sjå om dei erotiske scenene i Rubinen gjev haldepunkt for å kunne kjenne att modellane i røynda.

Det etiske problemet når det gjeld modellar i litteraturen, blir kanskje ikkje oppheva ved at berre svært få kan kjenne att modellen i røynda. Det er likevel ikkje det som skal takast opp her. Spørsmålet er om modellane var så dårleg forkledde at dette i seg sjølv kan forklare kvifor heile det norske kulturmiljøet, pressa og rettsvesenet gjekk berserk i månad etter månad.

Bokomtalane i pressa av Sangen om den røde rubin i 1956 gjev inntrykk av at Ask Burlefot «nedlegg» store flokkar av kvinner i studietida ved handelshøgskulen i den namnlause kystbyen. Dette råka Mykle direkte, for litteraturkritikken gneid inn for avislesarane at Ask Burlefot var identisk med Agnar Mykle, og at kystbyen der handlinga i romanen utspelar seg, var Bergen.

Folk måtte tru at Mykle i slutten av trettiåra hadde forført store delar av den kvinnelege folkesetnaden i byen. Han «nedlegger jenter i haugevis», heitte det, han går «fra samleie til samleie», «snesevis av mennesker» har gjennom Mykles portrettering fått «et helvete» og så bortetter.

Men om vi ser vekk frå ein flyktig episode på hurtigruta før Ask kjem til kystbyen, fortel Mykle i Rubinen berre om fire kvinner som Ask har eit erotisk forhold til: Wilhelmine, Constance, Molly og Synnøve, alle saman i alderen kring tjue som Ask sjølv.

Asks fyrste elskarinne i Rubinen er Wilhelmine. Ho er tvisynt skildra som ein rein seksualpartnar i augo til ein mann som går og leitar etter djupare kjærleik. Det er noko militært ved henne, men samstundes blir ho sett med eit ovundrande blikk fordi ho i så høg mon vekkjer og tilfredsstiller Asks begjær. For han var det erotiske møtet med Wilhelmine «noe av det vidunderligste han hadde opplevd».

Ho har mørkt hår, pene tenner og er litt «mannhaftig» med svakt lutande gange, men når ho smiler, er det «som å se solen stå opp». Dette er alt som står i romanen om utsjånaden til denne kvinna. Det kunne passe like godt på mange andre. Ingen utanfor ein snever sirkel kunne ha kjent att ei så knapt skildra kvinne.

Wilhelmine sympatiserte i 1938–39 med Hitlers styre på grunn av den økonomiske politikken hans og gjenopprettinga av orden i det tyske samfunnet. Nokre år seinare, under den tyske okkupasjonen, lenge etter at det er forbi mellom dei, råkar Ask atter Wilhelmine. Ho arbeider no som kontordame hos Gestapo. Om Wilhelmine hadde ein levande modell og romanpersonen var skildra slik at modellen kunne kjennast att, ville modellen ha vore dømd i landssvikoppgjeret.

Ifølgje Willy Dahl, som frå 1950-åra kjende fleire av dei som var i Mykles miljø i Bergen seint i 1930-åra, og som eg har hatt ein korrespondanse med om denne sida av Mykle-saka, blei Wilhelmines levande modell dømd til eit kortare fengselsopphald, ein mild dom på grunn av den perifere rolla hennar som sekretær og fordi ho hadde vore berre 18 år gammal. Dahl seier at saka hennar hamna i pressa etter krigen, til liks med andre landssvikssaker, og er kort nemnd i Eirik Veums Nådeløse nordmenn frå 2014.

Men kor mange kunne kople saman skildringa av Wilhelmine i Rubinen i 1956 med ei lite oppsiktsvekkjande landssviksak i 1945 og eit kjennskap mellom Mykle og ei ungjente i 1938, så hemmeleg at paret mest aldri er saman med andre menneske, men berre møtest ei natt i veka på ein hybel?

Av Asks fire elskarinner føretrekkjer han Constance. Ho har noko «fornemt» over seg som gjer at han fyrst «ikke torde gjøre intime tilnærmelser til henne». Ho blir skildra som «vakker». Elles finst det ingen ytre karakteristikkar. Lesaren får ikkje vite korleis Constance ser ut, berre at Ask er forelska i henne. Vi får ikkje vite noko om yrkes- eller studentlivet hennar, ingenting om familien eller kvar ho bur. Det er uråd å identifisere henne på grunnlag av romanen.

Willy Dahl skriv at «Constance har en uklar bakgrunn i romanen, sikkert fordi den hadde med media å gjøre og det derfor ville være lett å identifisere henne». Ein kan difor gå ut ifrå at Mykle skildra Constance uklårt nett for å hindre at ho skulle bli kjend att, det vil seie det motsette av det han vart skulda for. Men Dahl skriv òg at Edvard Beyer visste kven Constances modell var, fordi han hugsa at ho og Mykle hadde vore eit par som ofte synte seg saman i studentmiljøa. Men då Rubinen kom i 1956, hadde ho flytta frå Bergen.

Men sjølv ikkje dei få som visste kven som hadde vore utgangspunktet for portrettet av Constance i romanen, kunne vite om dei seksuelle skildringane var «referater» eller dikting. Litteraturkritikarane påstod at dei visste at dei seksuelle skildringane var «reportasje», men det kunne dei naturlegvis ikkje vite, sidan dei ikkje hadde vore til stades ved Mykles og «Constances» intime stemnemøte. Dei gissa og tok for gjeve, skreiv det i avisa som fakta, og folk trudde det.

Den tredje elskarinna, Molly, er i romanen «ekspeditrise i ein kooperativ forretning», har «brune, litt redde øyne» og «små og hvite og uregelmessige tenner». Ho budde i gata der Ask hadde hybel.

Kanskje kunne ho identifiserast av nokon som kjende henne godt, visste kvar ho hadde arbeidd for atten år sidan, las i avisa at unge kvinner frå Bergen var portretterte i seksuelle situasjonar i Rubinen, og deretter gjekk nøye gjennom den tjukke romanen. Men utan hjelp frå litteraturkritikarane og journalistane måtte Mollys modell ha blitt anonym for kanskje alle.

Dahl skriv at «modell-identifiseringen var det store samtaleemne i den indre krets i [studenter]samfunnet» då Rubinen blei lesen, omtala og diskutert. Informasjon om modellane flaut altså fritt ikring, og Dahl fekk namna på modellane utan å be om det: «Molly hadde vært den vanskeligste å få rede på, men det lyktes: Hun ekspederte i en navngitt forretning.» Det verkar som om bergensarane i 1956–57 hadde som eit fellesprosjekt å avsløre kven som hadde vore Mykles modellar. Men samstundes hadde ein altså måtta drive detektivarbeid for å finne fram til Mollys modell.

Den fjerde av Asks elskarinner i romanen, Synnøve, er plassert som kontordame på forkontoret til rektor på handelshøgskulen. Dersom det stemmer, ville ho vere den lettaste modellen å identifisere.

Nett Synnøve er òg den einaste av dei fire kvinnene som sekundærlitteraturen har plassert i røynda, kanskje fordi ho var den einaste som med noko visse lét seg plassere for ein større krins av menneske. Ifølgje forfattaren Eystein Eggen, Mykles svigerson, hadde Synnøve ein modell som nettopp var «forværelsesdame hos rektor Wederwang på Norges Handelshøyskole».

Willy Dahl stadfestar at modellen for Synnøve arbeidde på eit kontor på handelshøgskulen, men ikkje på rektors kontor som Eggen skriv. Dahl seier vidare at dei fire «jentene i Rubinen [ikke] er skildret slik at en hvilken som helst bergenser kunne spore dem opp», men at «boken er skrevet så tett opp til virkeligheten at Mykle burde ha forstått at ’den indre kretsen’ ville bli interessert i også modellene for de fire [...]. Og kretsen ville naturligvis lekke ut til offentligheten».

I tilfellet med Synnøve synest det klårt at Mykle skreiv vyrdlaust då han la forteljinga så nær røynda, medan han lett hadde kunna plassere romankvinna lenger frå røynda enn berre i eit anna kontor i same institusjon. Han tenkte kanskje ikkje på at Rubinen skulle få ungsosialistane som no var blitt vaksne, til å vri hovudet over kven Mykle hadde lege med då han var i Bergen, og så gå til pressefolka med det dei fann ut.

Kvifor hjelpte dei til med å spreie rykta om det verkelege seksuallivet til namngjevne kvinner dersom dei var så moralsk forarga over at Mykle hadde dikta anonymt om det same? Men det var noko anna dei var forarga over. Det var andre modellar i den bergenske røynda enn dei fire unge kvinnene som kom på hybelen til den unge Agnar Mykle. Den neste artikkelen skal handle om dette.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Litteraturkritikarane påstod at dei visste at dei
seksuelle skildringane var «reportasje», men det kunne dei naturlegvis ikkje vite.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis