Reportasje
Eit vinraudt, svart hav
Det er lofotsesong i gamle Skrova, og aldri har det vore stillare.
Skrova fyr sett frå sørvest.
Eg vaknar på Aasjordbruket i Skrova, noko eg har gjort så mange gonger før, at rommet blir kalla Mortenrommet. Det er heilt stille i bruket, det einaste eg høyrer, er litt roleg skvulp frå under kaia. Gjennom åra har eg lært meg å tyde både vindstyrke og retning utan å måtte stå opp frå denne senga, og no er det nesten ikkje vind i det heile tatt.
Eg kler på meg, og sidan det er fleire år sidan sist eg var her, går eg ein runde gjennom bruket, frå rom til rom i alle tre etasjar. I bruket har det vore husvære for arbeidarar, fiskemottak, trandamperi, salteri, egnebu og tørrfisklager. Heile bruket, over 1000 kvadratmeter, er marinert av hav og si eiga historie.
Eg stansar stadig opp ved interessante gjenstandar: tran- og sildetønner, gamalt verktøy, utdatert og ofte litt mystisk fiskebrukteknologi, gamle aviser og dokument ligg kanskje på kjøkkenbenken i nokre av bueiningane, ved sida av kjøkkenreiskapar frå 1950- eller 60-talet. På Risholmen, der bruket ligg, har det vore aktivitet i fleire hundre år. Det noverande bruket blei bygt i 1922, og drifta blei nedlagd midt på 80-talet, då det var aasjordingane frå Steigen som dreiv det. Men små ekko merkar ein enno overalt, frå dei som har arbeid og levd her.
Nede i det største rommet, som ligg rett over vatnet, har Hugo nokre gonger opna opp golvet når det har vore springflod, for å sleppe havet inn. Om ikkje vil sjøen bryte seg gjennom golvet. Heile huset har eit system for drenering, det minner om ein båt.
Eg kom hit første gong rundt tusenårsskiftet, for å besøke Hugo og Mette. Då var bruket eigd av to fine finnar, men sjeldan har nokon tatt seg meir vatn over hovudet. Då Hugo og Mette overtok i 2009, var alt bokstaveleg talt falleferdig. Fasaden var roten, det same var kaia, ho var farleg å bevege seg på.
Aasjordbruket er den sentrale bygningen i været. Alle som skal til Skrova, kjem sjøvegen, og når ein kjem seglande inn, var og er Aasjordbruket sjølve blikkfanget. I 2009 var alt så falleferdig at ein storm kunne ha blåse bruket over ende, det ville ikkje vore meir enn drivved igjen av heile greia. Heile bruket var eit augesår, ja, ein skamplett for heile Skrova.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.