Eit over snittet komplisert stykke tre
Ei mast kan ha mykje å fortelje om ho står der og ikkje seier eitt ord.
Roteskade: Dei mørke felta er meir alvorlege enn dei kanskje ser ut.Roteskade: Dei mørke felta er meir alvorlege enn dei kanskje ser ut.
Foto: Siri HelleFoto: Siri Helle
Problemet var ikkje synleg for det nakne auget. Litt av årsaka til det var sjølvsagt at det sat 15 meter over havet i ei mast som frå utsida såg heilt fin ut.
Det var ho ikkje. For tre månader sidan stod ein gjeng temmeleg molefonkne og rådlause trebåtentusiastar i ein kald og stor verftshall i Noregs vestlegaste by: Om to månader skulle skuta vi brukte fritida vår på, segle til Shetland. Det går ikkje med rote i stormasta og det går ikkje utan mast, og no var stormasta til galeasen Svanhild i to delar.
Skulle vi gje opp? Det var liksom litt for gale, det òg – det var trass alt langt frå fyrste gongen denne skuta stod føre ei utfordring.
Denne historia kunne ha vorte sett attende til «det var ein gong» mange gonger. For det var nettopp ein gong, for eit hundreår sidan, om lag, at det fór over 2000 jakter og galeasar for segl langs norskekysten. No er det eit tjuetal att.
Ei av dei som er og ikkje var, er likevel min eigen hovudperson. Galeasen Svanhild er eit flytande, seglande, motorgåande, pengetenande og utgiftsskapande fartøy med heimehamn i den vesle kystbyen Florø. Bygd i 1889, men restaurert antikvarisk attende til slik ho var kring 1926.
Fleire ting skil ho likevel frå korleis ho ein gong var. I stordomstida tente ho til livets rett ved å segle langs kysten med klippfisk, tørrfisk og andre varer som trong kome seg frå A til B. Arbeidet ho gjorde, gav nok inntekt til å halde ho med eit mannskap – dei talte ein stad mellom fem og seks personar, og målt etter dagens standard tente dei sikkert ikkje særleg godt, men det var i alle høve godt nok til at dei heldt seg om bord dei timane, dagane, vekene og åra dei var i arbeid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.