Reportasje
Eit ekte kystparadis
KRISTIANSAND: I kystkulturens paradis er kysten så vel som kulturen meir eit middel enn eit mål. Kanskje er det nettopp difor han fungerer så bra.
Sølebukt, med lyngørputtar og saltebua i bakgrunnen.
Foto: Siri Helle
Kvifor er Kristiansand så full av strender, men så langt frå havet? Slik kjennest det iallfall, som at sjølv saltsmaken druknar i badeanlegg og bygater, dyrepark og danskebåt. Bystranda sender tankar sørover – til Barcelona og Nice, kanskje, iallfall langt frå Terje Vigen, og på Hamresanden gjer elva Otra vatnet så søtt at det er vanskeleg å ta det på alvor.
Det må sjølvsagt ikkje vere slik. Eg må ikkje sjå sørlandsvakre, idylliske Kristiansand med steingrå vestlandsbriller på, og eg må ikkje fylgje Visit Norways postkorthovudveg til eit turismeinnpakka sommarparadis heller. På ingen som helst måte.
Tvert om er det berre å sette seg på ei bitte lita ferje ein bitte liten ferjetur for å vere i eit heilt ekte paradis: Bragdøya kystkultursenter stenger ikkje om kvelden, opnar ikkje om morgonen og legg ikkje ned i det skulane byrjar att om hausten eller når snøen legg seg kring jul. Ferja går heile året. Arbeidet tar jo ikkje slutt, det kontinuerlege dugnadsbaserte, men òg profesjonelle arbeidet for å halde øya i live som offentleg friareal, visningssenter, kafé og restaurant, ein båtbyggarverkstad med tilhøyrande treverkstad og smie, ti vevar på eit loft, ein slipp, ei røys med robåtar til utlån, eit par gamle, ærverdige villaer, ein snart ferdig restaurert låve, opp til fleire leirskular, ein friluftsbarnehage og eit gardsbruk.
Bragdøya, den kommunalt eigde øya rett utanfor Kristiansand, er alt dette og meir, alt i regi av Bragdøya kystlag, eit lokallag av den vesle organisasjonen Forbundet Kysten. Kystlaget vart stifta idet det overtok ansvaret for drift av øya i 1986. Kommunen kjøpte opp øya alt i 1969, med mål om å sikre området som eit offentleg friområde. Då var det meste i forfall: Kulturlandskapet var grodd att etter 30 år utan aktiv gardsdrift, saltebua hadde stått tom endå lenger og dei ein gong så prominente villaane var klare for nye sommargjestar. Heile øya trong bruk – og det fekk ho.
Bading med bakteppe
No er det høgsommar og dugnadsfri, og feriefolket dominerer på øya. Fædrelandsvennen skriv om «badebåten». MS «Bragdøya» køyrer hundrevis av badeglade både til Bragdøya og fleire andre øyer i skjergarden utanfor Kristiansand i sommarhalvåret. Men Bragdøya skil seg ut. Her har badestranda eit bakteppe. Det fyrste ein ser når ein kjem i land, er Saltebua – ei svær sjøbu som ein gong var til å salte makrell i, og som no er kafé, scene, arrangementslokale og ikkje minst utstillingslokale for Bragdøya kystkultursenter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.