Reportasje
Ein teori og ei uventa løysing
For 300 år sidan, på ferd mot Dei austindiske øyane, enda danske «Dronning Anna Sophia» i Foldrøyhamn. Historia om dramatikken er ei lita brikke i det store biletet om skipstrafikken til og frå Bergen i Hansastida.
«Dronning Anna Sophia» ruva godt på ankerplassen mellom Foldrøyholmen og Foldrøyhamn.«Dronning Anna Sophia» ruva godt på ankerplassen mellom Foldrøyholmen og Foldrøyhamn.
Illustrasjon: Jan Willy Folgerø-HolmIllustrasjon: Jan Willy Folgerø-Holm
Pulsen steig merkbart hos sportsdykkaren Odd Skimmeland då han under eit vanleg dykk etter kamskjel utanfor Mosterhamn i 1988 kom over delar av eit skipsvrak. Mange teoriar surra rundt i hovudet hans. Etter ei tid vart arkeologar ved Bergen Sjøfartsmuseum kopla inn, og ei systematisk registrering vart sett i sving. Det vart snart klart at dette var eit svært gamalt fartøy.
Men kva skip var det snakk om? Ein av dei fyrste teoriane var at det var vraket av «Dronning Anna Sophie», ei dansk skute frå tidleg 1700-talet, som etter å ha vore i havsnaud kom inn til kysten midt mellom Stavanger og Bergen. Mellom anna gav mannskapet eit sølvdøypefat til Moster kyrkje som takk for at dei vart berga.
Fatet, med inskripsjon, er reelt nok, men historia om fartøyet stansa der, og teoriane om kva som hende både før og etterpå, har vore mange og gåtefulle. Vrakfunnet til Skimmeland kunne vera ei løysing på mysteriet. Ja, ein var så sikker på det, at ein slo seg til ro og konkluderte med at dette var vraket av «Dronning Anna Sophia».
Men så er det ofte slik at ulike samantreff speler inn. Slik var det også i dette tilfellet.
Far til Odd Skimmeland samla ål frå ålefiskarar i distriktet. Ålen vart henta av danske brønnbåtar. Skimmeland-familien vart godt kjend med desse danskane, og dei fortalde dei om gåta «Dronning Anna Sophia» representerte for lokale historieinteresserte.
Ein av danskane, kaptein Jørgen Møller Nielsen, fatta stor interesse for historia og søkte etter fartøyet i ulike danske arkiv. Og han fekk «napp» så det heldt. I arkivet på Kronborg nord for København fann han opplysningar, ja, ikkje berre det, men ei komplett original dekksdagbok frå «Dronning Anna Sophia».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.