JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ein teori og ei uventa løysing

For 300 år sidan, på ferd mot Dei austindiske øyane, enda danske «Dronning Anna Sophia» i Foldrøyhamn. Historia om dramatikken er ei lita brikke i det store biletet om skipstrafikken til og frå Bergen i Hansastida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Dronning Anna Sophia» ruva godt på ankerplassen mellom Foldrøyholmen og Foldrøyhamn.

Illustrasjon: Jan Willy Folgerø-Holm

11824
20220812
11824
20220812

jaki@haugnett.no

Pulsen steig merkbart hos sportsdykkaren Odd Skimmeland då han under eit vanleg dykk etter kamskjel utanfor Mosterhamn i 1988 kom over delar av eit skipsvrak. Mange teoriar surra rundt i hovudet hans. Etter ei tid vart arkeologar ved Bergen Sjøfartsmuseum kopla inn, og ei systematisk registrering vart sett i sving. Det vart snart klart at dette var eit svært gamalt fartøy.

Men kva skip var det snakk om? Ein av dei fyrste teoriane var at det var vraket av «Dronning Anna Sophie», ei dansk skute frå tidleg 1700-talet, som etter å ha vore i havsnaud kom inn til kysten midt mellom Stavanger og Bergen. Mellom anna gav mannskapet eit sølvdøypefat til Moster kyrkje som takk for at dei vart berga.

Fatet, med inskripsjon, er reelt nok, men historia om fartøyet stansa der, og teoriane om kva som hende både før og etterpå, har vore mange og gåtefulle. Vrakfunnet til Skimmeland kunne vera ei løysing på mysteriet. Ja, ein var så sikker på det, at ein slo seg til ro og konkluderte med at dette var vraket av «Dronning Anna Sophia».

Men så er det ofte slik at ulike samantreff speler inn. Slik var det også i dette tilfellet.

Far til Odd Skimmeland samla ål frå ålefiskarar i distriktet. Ålen vart henta av danske brønnbåtar. Skimmeland-familien vart godt kjend med desse danskane, og dei fortalde dei om gåta «Dronning Anna Sophia» representerte for lokale historieinteresserte.

Ein av danskane, kaptein Jørgen Møller Nielsen, fatta stor interesse for historia og søkte etter fartøyet i ulike danske arkiv. Og han fekk «napp» så det heldt. I arkivet på Kronborg nord for København fann han opplysningar, ja, ikkje berre det, men ei komplett original dekksdagbok frå «Dronning Anna Sophia».

Dagboka var skriven med dåtidas rettskriving og handskrift, og lokalhistorikaren Kari Shetlid Hovland frå Bømlo gjorde ein stor jobb med å tyda dei 17–18 sidene som omhandla turen som enda i området. Dagboka kunne blant anna avdekka at skuta gjorde fleire turar til Austen etter denne turen. Dermed kunne også dette «sjekkast ut» som opphav til vrakfunnet Odd Skimmeland gjorde utanfor Mosterhamn.

Men fartøyet vart ikkje mindre interessant av den grunn.

Reisa der «Dronning Anna Sophia» kom i naud på norskekysten, starta i København 7. desember 1721. Målet og utrustinga var «Ostindien», Dei austindiske øyane, som var ein fellesnemnar for koloniane i Det fjerne austen. Det var 137 «siæle» om bord. Av dei var to «fruentimmer» og ein blindpassasjer, «en lille dreng som hadde innsneget seg på skipet».

Fartøyet var innom Helsingør og passerte Kronborg 15. desember, før den stemna ut i Nordsjøen. På grunn av stor sjørøvarverksemd i Den engelske kanalen segla fartøya vanlegvis nordom Dei britiske øyane og rett ut i Atlanterhavet. Men for «Dronning Anna Sophia» vart seglinga dramatisk. Jaga rundt i Nordsjøen av storm etter storm hadde det ei merkeleg seglingsrute. Det var oppunder Færøyane og Shetland, og fleire gonger var det i nærleiken av norskekysten, utan at dei fann veg inn til noka hamn.

Men så opna det seg ei løysing.

I dekksdagboka til «Dronning Anna Sophia» står det fylgjande om fredag den 13. februar 1722:

«Ved daggry d.13 febr. 1722 saa man Land Af Skudenæs 12 ? Mil fra Baugen. Alle sejl til. Skud efter Lods. Flag til. Nær Kysten Sejl ned. Lille Baad ut. Stor Fornøjelse. Kl 5 Aften til Ankers ved Follerøen.»

Ja, me kan berre tenka oss den letta det var om bord etter drygt to månader i ukontrollert segling i Nordsjøen. Endeleg såg dei for seg at dei kunne få fast grunn under føtene.

Under dei mest dramatiske stormane gav besetninga eit løfte om å gje ei pengegåve til den fyrste kyrkja dei kom til, om dei vart berga. Dette var eit svært høgtideleg løfte, og søndagen etter at dei var trygt oppankra i Foldrøyhamn på Bømlo, vart det ei takkegudsteneste, og pengegåva vart overrekt til sokneprest Jesper Omsen.

Vidare går det fram av dekksdagboka at allereie tysdagen vart det laga eit sølvfat til dåpsbruk med denne inskripsjonen:

«Ved dåpens Vand oss frelse Gud

Fra synd fra havets Fare ud

Vi vil vår gave bære

Til herrens Hus, som oss fra nød

Har frelst i fra den visse Død

Hans Navn velsignet være.»

Etter ei dryg veke i Foldrøyhamn gjekk ferda vidare til Bergen.

Det var under arbeid med Foldrøyhamn si historie eg kom over forteljinga om den danske ostindiafararen «Dronning Anna Sophia» og døypefatet dei etter løftet gav til kyrkja på Moster.

Heilt sidan mellomalderen hadde Foldrøyhamn status som gjestehamn og ankerplass for sjøfarande som skulle til eller frå Bergen. Gjestgjevarstaden kan dokumentera verksemd heilt attende til tidleg 1600-talet. Gamle sjøkart nemner staden som «Volger ree», seinare kart viser detaljert ankerplass og seglingslei på begge sider av holmen.

Foldrøyskipet, som er velkjent i marinarkeologiske miljø, er ei anna vrakgåte – eit fartøy som vart avdekt og utgrave i 1965. Ved hjelp av C14-datering kan ein tidfeste det til 1400. Det er også hogge inn ei lita kompassrose på eit høgdedrag i nærleiken. Rosa kan vera frå år 1400.

Og det var ikkje kven som helst som segla gjennom Stokksund (sundet mellom Bømlo og Stord, i dag nemnt som Nyleden) for tre–fire hundre år sidan. I 1599, til dømes, fekk Bergen kong Christian IV på vitjing, då han var på reise sørover frå Kola. Det var eit stort skipsfylgje som letta anker frå Bergen 1. juli 1599 og segla sørover «Bergen led». Kongen sjølv reiste med «Viktor», og elles i fylgjet var «Gideon», «Josapaht», «Raphael», «St. Michael», «Hector», «Duffven» og «Pappegøjen».

Dei segla berre om dagen, og i tillegg fekk dei motvind og måtte ligga i hamn nokre dagar. Etter ei veke segla dei gjennom Karmsundet og ut i open sjø. Det er heilt sikkert at dei segla gjennom Stokksund og meir enn sannsynleg at dei ankra opp i Foldrøyhamn. Der var det ei fin hamn med fast fortøyingspunkt og god ankringsbotn.

I denne rekkja av hendingar er historia om «Dronning Anna Sophia» ei viktig stadfesting av Foldrøyhamns posisjon i skipsleia mot Bergen.

Losen dei tok om bord i Skudenes, losa dei nordover Karmsundet, over havstykket Sletta, inn Bømlafjorden og vidare nordover Stokksund til «Follerøen», som det står i loggboka. Dei hadde nok god bør nordover frå Skudenes, for som loggboka seier: «Kl 5 Aftes til Ankers ved Follerøen.»

For det var til «Follerøen» dei skulle. Der var ein trygg ankerplass.

Det er mogleg at losen var med fartøyet heilt til Bergen. Og dette må ha vore ein attraktiv jobb for losen, sidan fartøyet var stort og hadde verdifull last, mellom anna pengar. Også dette kan dekksdagboka stadfesta, der det står om opphaldet i Bergen: «26. Febr. 1722 settes Pengekisterne (alle) i land.»

Sidan 1718 hadde ein tysk bokbindar, Stephen Müller frå Rostock, eigd og drive gjestehus i Foldrøyhamn. Starten på 1722 hadde vore stormfull, og aktivitetane på handels- og gjestestaden hadde vore rolege. Difor gjorde dei nok store augo, dei som budde i Foldrøy, om ettermiddagen fredag 13. februar 1722, då ei stor seglskute i skumringa kom sigande gjennom det smale sundet mellom Foldrøyholmen og Foldrøylandet.

Ein kan undra seg på om det var djupt nok for dette store fartøyet, men sjøkarta frå den tida teikna farande lei på begge sider av Foldrøyholmen. Dessutan las nok losen landskapet og heldt nær holmen, der det var djupast.

Me kan også tenka oss at det var sørleg eller vestleg vind, noko som ville gjera det vanskeleg å komma inn til Foldrøyhamn dersom dei gjekk aust- og nordom holmen.

Skipet såg svært ut frå land, så svært at det gøymde nesten heile Foldrøyholmen for dei som såg det. Med 12 kanonportar på kvar side virka det faretruande. Men etter kvart skjøna dei at dette var eit dansk handelsfartøy, ein ostindiafarar med det stolte namnet «Dronning Anna Sophia».

Men kva gjorde ein ostindiafarar på desse kantar? Han skulle jo ha segla i Indiahavet, under sol og i milde passatvindar? Det var også planen då fartøyet la ut frå København tidleg i desember 1721. Men mannskapet kunne altså fortelja ei dramatisk historie. Ute i Nordsjøen møtte dei storm etter storm som dreiv dei rundt utan kontroll. Desember 1721 vart til januar 1722, og fyrst tidleg på morgonen 13. februar fekk dei landkjenning i Skudenes. Og losen førte skuta til «Follerøen».

Skipstrafikken mellom kolonihavarane og koloniane i Det fjerne austen var omfattande. Over ein periode på meir enn to hundre år utvikla denne trafikken ein eigen fartøytype, ein ostindiafarar, som var halvt lastefartøy, halvt krigsfartøy. Og dekksdagboka til «Dronning Anna Sophia» viser ein militær, kompromisslaus disiplin om bord. Spesielt var det harde straffer for å gjera opp eld, som ved piperøyking, mellom mykje anna. Piskeslag, opptil 60 slag, kunne førekomma.

Skipa kunne vera store, heilt opp mot 800 tonn. Størrelsen på «Dronning Anna Sophia» kjenner me ikkje til, men med 137 personar om bord, kor dei fleste høyrde til mannskapet, har det ikkje vore lite. Fartøyet hadde 25 kanoner, fordelt på kvar side, og signalkanonar på dekk. Krigsutrustninga var for å verja seg mot sjørøvarar. Fartøya var ettertrakta, kanskje særleg på veg austover, då dei hadde mange pengar med seg.

I det heile var det mange farar som truga trafikken: I tillegg til sjørøving var forlis vanleg. Tre år etter at «Dronning Anna Sophia» kom til Foldrøyhamn, forliste det hollandske skipet «Ankerendam» ved Runde. Også dette skulle austover, men kom ut av kurs og forliste.

Slik sett var «Dronning Anna Sophia» heldig. Sjølv om blindråa var brekt – ei blindrå er ei mindre rå som sit fast tvers under baugsprydet – og gallionen var slått over bord, var skipet forholdsvis skadefritt etter over to månader i storm ute i Nordsjøen.

Fredag 20. februar letta «Dronning Anna Sophia» anker med kurs for Bergen. Sannsynlegvis både for reparasjon av stormskadar og for supplering av proviant. Men dramatikken var ikkje over. Under opphaldet i Bergen må dei ha venta assistanse og supplering av eit skip frå København, og me lar loggboka fortelja:

«23. mai erfarer man at det Skib, vi ventede fra Kb.hvn og som tilhørede Montanic, var forulykket ved Engesund omtr. 7 mil syd for Bergen. III Styrmand ble sendt for at høre om Rygtet var sandt.

Søndag d. 24. Maj, 1. pinsedag kom III Styrmand tilbage og fortalte at Skipet var forulykket, og kun en mand var reddet, han var drevet i land på skipsluken. Den reddede sagde at skylden var Førernes, han hadde haft for voldsom sejlføring.

Der havde været adskill. med, også Kvinder der laa og sov i lasten.

En mengde Victualier, Medisin og Handgever, der var bestemt for Ostindia, gik tabt.»

Av dette kan me slutta at «Dronning Anna Sophia» hadde sendt bod til København om tilstanden, og at den ulukkelege skuta som «tilhørede Montanic», skulle bidra med nye forsyningar – forsyningar som gjekk tapte under det fatale forliset i Engesund. På trass av dette segla «Dronning Anna Sophia» frå Bergen til København seinare på hausten og gjorde deretter fleire turar til Dei austindiske øyane.

Denne historia er berre ei lita brikke i det store biletet om skipstrafikken til og frå Bergen i Hansastida (ca 1350–1750). Dette var seglfartøy av ulik storleik, fartøy som berre segla i dagsljos når dei var innanskjers. Difor var det ei rekkje større og mindre gjestehus langs denne leia.

Her hadde Foldrøyhamn ein sterk posisjon heile denne perioden.

Jan Willy Folgerø-Holm

Jan Willy Folgerø-Holm er
biletkunstnar og hobbyhistorikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På grunn av stor sjø­røvarverksemd i Den engelske kanalen segla fartøya vanlegvis nordom Dei britiske øyane og rett ut i Atlanterhavet.

Dekksdagboka viser ein militær, kompromisslaus disiplin om bord.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis