Bok

Ein standard for komande slekter

Novella «Dei døde» har eit univers av meiningar som lesarane kan gå på oppdagingsferd i.

Publisert

Dag og Tid har som politikk ikkje å skriva om, men nynorsk. Av og til krev saka sjølv likevel at ein bryt med dette prinsippet, slik som no, når eg skal omtala utgjevinga av Fosses omsetjing av The Dead til nynorsk. Boka kjem ut på eit lite nynorskforlag, Skald, som gledeleg nok ikkje berre satsar på kvalitet, men òg på bibliofili (kjærleik til boka som eit fysisk objekt). Dette gjeld ikkje berre den utvendige utforminga, men særlig skrifttypane, som er eigenutvikla for Skalds serie med omsetjing av klassikarar.

Ein slik serie er i tillegg eit viktig bidrag til å utvikla den nynorske skriftkulturen. Dette har ikkje å gjera med husmannsånd, og sjølvsagt kan dei fleste i Noreg lesa Joyce på det engelske originalspråket. Men store diktarar utvidar språket dei skriv på, og når språket deira vert omsett til eit nytt språk, hjelper det dette språket til slik utviding. Det opnar rom som brukarane av det nye språket, særleg diktarar, kan utnytta.

Språkleg sprengkraft

Skal ein litterær import ha språkleg sprengkraft, er det sjølvsagt ein føresetnad at omsetjaren er god nok. I dette tilfellet går omsetjaren, Jon Fosse, for å vere ein av dei beste språkkunstnarane vi har i dag. Han kan til og med samanliknast med Joyce ved at nokon finn det bryet verdt å påpeika at han, lik Joyce, ikkje har fått nokon Nobelpris.

Difor er det ikkje rart at lesarane etter kort tids lesing får illusjonen av at dette eigentleg er ein original nynorsktekst. Ikkje rart av andre grunnar òg: Irar som ikkje brukar keltisk, men engelsk, kan jo, som ein minoritet på dei britiske øyene, samanliknast med nynorskbrukarar. Eigentleg burde dei ha skrive «nyengelsk».

Korleis gjer så Fosses omsetjing nynorsk skriftkultur rikare? «Dei døde» er den siste og lengste novella i ei samling på 15 noveller utgjevne i 1914 under namnet Dubliners. Novellene er ordna i tre delar, slik at dei skildrar barndom, ungdom og vaksenliv i og ikring Dublin rundt 1900. No ja, slikt har vi vel nok av både på bokmål og nynorsk? Men Joyce gjer noko med slike skildringar som vi ikkje er så vane med i norsk litteratur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement