Ein melodisk mann

– Eg lever i sjølvvald musikalsk polygami. Eg elskar mange samstundes, utan at det vert sjalusi av det. Det er eit privilegium.

Gabriel Fliflet (59) er framleis ein del av den humørfylte, musikalske energiforsyninga.
Gabriel Fliflet (59) er framleis ein del av den humørfylte, musikalske energiforsyninga.
Publisert

Det seier musikaren og komponisten Gabriel Fliflet (59). Tidleg på 1990-talet vart han, saman med Ole Hamre, kjend for å driva med «kreativ galskap» frå scena. I Bergens Tidende vart dei omtalte som «Humørkameratane», og mottoet var: «Om De fødes, giftes eller dør; Fliflet/Hamre får Dem i humør.

På den første plata dei gav ut, Ivar Aasen goes Bulgaria, framførte den finske kultartisten M.A. Numminen mottoet både på finsk, svensk og tysk. Seinare endra dei mottoet til «Sære og populære», men Fliflets nye CD-plate Sevje er først og fremst stemningsfull.

Første gongen underteikna fekk med seg Fliflet/Hamre Energiforsynings humørfylte, musikalske tsunami var på Vossajazz for meir enn 25 år sidan. Der freista dei å riva ned restaurant Stationen med forrykande musikk og sprelske kommentarar.

– Eg trur me spelar litt saktare no, slår Fliflet fast i dag, og han legg til:

– Ofte svingar det betre om ein får litt meir ro. Eg trur me har like mykje energi framleis, og i tillegg har me meir poesi. Spennvidda og dynamikken har vorte langt større. Me elskar å ta det så lågt ned at du nesten ikkje kan høyra det, og så trykkjer me til noko aldeles enormt.

I intervjuet som følgde etter den forrykande konserten på Voss for 25 år sidan, slo Fliflet fast at det var «heilt merkeleg, overraskande og vanvittig morosamt når useljeleg musikk slår an både hjå jazzfolket, innbarka ølhundar og folkemusikkentusiastar». Det greidde dei den gongen, og det har Fliflet og Hamre lukkast med seinare også. Det er lenge sidan dei slutta å kalla seg «energiforsyning», men for nokre år sidan fekk dei brev frå ei tysk kvinne, som hadde flytta hit til landet på grunn av den norske kjærasten. Ho hadde verken funne seg heilt til rette eller forstått den norske humoren. Men så hadde ho og kjærasten gått på den årlege julekonserten der Fliflet og Hamre «morer julen inn». Der hadde ho for første gong etter at ho kom til Noreg ledd høgt og naturleg, og etter konserten sa ho til kjærasten: «Eg trur eg kan bu i dette landet likevel.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement