Ein litterær motorsykkelgjeng ser tilbake
Munter mimring og uklare minne gjekk att da seks profilistar prøvde å hugse det mest legendariske kuppet i norsk litteratur. Men var det eit kupp?
Det var litteraturhistorisk sus over dei seks som benka seg på scena i Litteraturhuset i Bergen torsdag i førre veke. Kva tid hovudpersonane i det som blei kalla Profil-krinsen sist var samla i det offentlege rom, veit knapt nokon. No sat dei der, Jan Erik Vold, Espen Haavardsholm, Einar Økland, Liv Køltzow, Dag Solstad og Paal-Helge Haugen. Tor Obrestad skulle òg ha vore der, men måtte melde avbod.
Veteranane frå det som er omtala både som kupp og revolusjon, er ikkje blitt yngre med åra, og minnet ikkje betre. Dei hugsar ikkje heilt den same soga og har ikkje lenger klart for seg kven som var med og ikkje var med da dei på Blindern i 1965–1966 overtok studenttidsskriftet Filologen og gjorde det om til det unglitterære tidsskriftet Profil.
Usemje om opphavet
Tidlegare har fleire profilistar nytta mildare ord om overtakinga, men under samtalen i Litteraturhuset var det ingen som protesterte da samtaleleiar Alf van der Hagen brukte ordet kupp. Det er elles symptomatisk at skapingsmyten van der Hagen serverte, straks blei imøtegått av fleire av deltakarane.
Full semje om opphavet blir det vel aldri, men sjølv har eg mest sans for Espen Haavardsholms versjon: Dag Solstad, som av omsyn til mor si – ho ville at han skulle bli lærar, noko han aldri hadde tenkt å bli – studerte pedagogikk, oppsøkte Haavardsholm, som da studerte idéhistorie. Solstad hadde fått ei dårleg melding av debutboka si, novellesamlinga Spiraler. Som alle debutantar ville han straks bli berømt, men han innsåg at det ville ikkje bli så lett. Så skal følgjande replikkveksling ha funne stad:
Solstad: – Dette landet er så håplaust og leidd av så mange dumme menneske. Vi må lage eit tidsskrift.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.