JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ein kvass bauta

I det siste har eg vore i ein stigande Jakob Sande-rus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: May Linn Clement

Illustrasjon: May Linn Clement

6423
20221223
6423
20221223

Når det kveldar i Klokkargarden, har eg veksla mellom å lesa Sande, lesa om Sande og sjå filmklipp av Sande på internett. Det er noko farleg og tiltrekkjande over det intense blikket hans.

Ein kveld vert eg sitjande oppe og sjå Portrett av Jakob Sande, eit program NRK produserte i 1972. Programleiar er Norvald Tveit (1927–2022), som tre år seinare gav ut boka Jakob Sande: Ein diktar og hans miljø.

Det er mange grunnar til å tilrå dette programmet. Éin er alle dei gode vendingane til Tveit, til dømes når han snakkar om kvinnene i forfattarskapen til Sande.

– Med jentene var Jakob Sande som sunnfjordingar flest, så avgjort best på bortebane.

Ein annan grunn er ei 25 år gamal smellvakker Ragnhild Sælthun Fjørtoft som spelar gitar og syng om «Gjenta» (1929) som ikkje vart gift, all den tid ho brukte på å pynta seg. Fyrst då ho i siste strofe reiv av seg alle kleda, vart jenta gift.

Det er så fint at ein liten overtruisk del av meg håpar Jakob sit her i sofaen og ser dette saman med meg.

Jakob Sande har eigentleg ikkje interessert meg så mykje, skal eg vera ærleg. Eg har tenkt på han som ein ufarleg diktar, som skriv koselege barneviser på rim. Eg har forenkla han til ein litt vesal vestlending som budde i Oslo og lengta heim. Den siste tida har det endra seg. Det byrja med at eg fekk dette skriveopphaldet og kjende ei pliktprega trong til å lesa Sande.

Så eg kjøpte Dikt i samling, 1998-utgåva som i år vart trykt i det niande opplaget. Eg byrja frå starten og las fyrste bok, debutboka Svarte næter frå 1929. Eg las henne frå start til slutt, slik eg helst høyrer musikkalbum, i den rekkjefylgja forfattaren har meint at boka skal lesast. Det er ein grunn til at dikta står slik dei står, tenkjer eg.

Her er fleire dikt eg har høyrt stykkevis, slik ein gjer når ein lagar spelelister på Spotify. Ein plukkar ut favorittane og set saman eigne samlingar av songar som passar til veninnefest, 60-talsparty eller jogging. Ingen tekstar i heile verda er skrivne for å hamna på ei speleliste for jogging.

Svarte næter er fyrst og fremst, som tittelen seier, mørk. Sande stikk i prestar, lensmenn og andre «store og heilage menn» – det er rett og slett meir Satan, hundehyling og autoritære overgrep i dikta enn eg hadde trudd.

Lukar me i diktsamlingar, er det lett å gløyma heilskapen. Ein misser oversikten om ein berre tek litt her og litt der.

Ta til dømes «Fabel», som gav meg hovudbry i førre episode. Når eg søkjer opp denne på YouTube, finn eg framføringa til Kurt Foss og Reidar Bøe frå 1950-talet. Det er dei som har laga den mest kjende tonen til teksten, og med Donald-stemmer, hanegaling og generelt revypreg, er det ikkje rart mange konkluderer med at dette er ein koseleg song.

«Fabel» står i Korn og klunger frå 1950, i ein bolk med ti dikt til og om dottera Siri, fødd i 1943. Siri budde i stor grad saman med mora, Solveig.

Solveig likte ikkje denne Siri-bolken då boka kom. I eit brev til direktør Harald Grieg i Gyldendal i 1951 skreiv ho at samværet mellom Jakob og Siri i dikta var fjernt frå røynda.

«Om jeg anbrakte mine få eiendeler på et lasteplan og plaserte Siri og meg på toppen og bad sjåføren kjøre oss til Niels Jules gt 6 hvor dikteren Jakob Sande (...) sitter med 4-værelsers leilighet, bad, telefon og forøvrig all komfort, var det ingen som ville bli mer fortvilt over å se oss enn dikteren selv. Riktig nok står det på prent at Jakob Sande vekselvis hører ’bryllaupsklokker’ og ’likferdsklokker’ alt ettersom han skal ’møtast’ eller ’skiljast’ fra Siri, men i virkeligheten forholder det seg ikke så poetisk.»

Solveig ynskte ikkje at dottera vart gjord til eit «deklamasjonsnummer for snøvlete visevenner», men i same brev skrytte ho av Jakob, ho visste nett kvar styrken hans som diktar låg. «Når han orker en gang i blant å stirre ned i det avgrunns dyp som hans sjel er, når han orker å trekke frem fra bunnen sine dypeste og uhyggeligeste hemmeligheter (...), da er han stor. Men det sentimentale Siri-sprøytet burde De aldri ha trykt.»

Berre eitt minutt å gå frå huset eg bur i, står bysta av Jakob Sande på ein to meter høg steinsokkel. Ho vart avduka 20. november 1966 og er eit æresminne, ikkje eit minnesmerke, for Jakob var sjølv til stades. I Norvald Tveit-programmet på NRK er det opptak frå avdukinga. Då kryr det av folk på plassen her, flagg er heiste, korpset spelar og koret syng. Jakob er der i hatt, skjerf og frakk og med ein stokk å stø seg på. Han hadde slite med helsa i årevis. Han ser litt brydd ut i andletet, litt utilpass.

Dei siste dagane i Dale har eg snakka med fleire som var der og hugsar folkefesten i 66. Vidar Jensen (70) var 14 år og fortel at han stod like ved då Jakob såg opp på æresminnet og sa: Der står liket mitt.

Eg går bort til bysta av Jakob. Eit lag med rim har lagt seg over andletet hans. Små, skjøre iskrystallar som smeltar når eg nærmar meg med handa.

Han ser i retning av kyrkjegarden, der han sjølv ligg. Mindre enn fire månadar etter avdukinga, døydde Diktaren Jakob Sande, som det står på gravsteinen hans. Han er altså fødd, heidra og gravlagd innan ein radius på hundre meter.

Best likar eg det aller siste diktet i Svarte næter, frå Dikt i samling – men merk deg, diktet er berre i 1998-utgåva. I 1965-utgåva er det eitt av mange som vart tekne ut, på grunn av trykkjekostnadene, eit omgrep alle som arbeider i avis, kjenner til. Det vert støtt dyrare å trykkja, sidetalet må ned, noko lyt gå. Til 1965-revisjonen fekk Jakob sjølv i oppgåve å drepa hjartebarna sine. Han tok manuset med seg heim til hytta på Kobbeskjeret, og i Svarte næter gjorde han i stor grad som journalistar gjer med nyhendeartiklar: Han byrja bak og strauk frå slutten.

Difor kom ikkje dei sju strofene i «Trøytt», eit dikt Jakob skreiv då han var 22 år, med. Den siste strofa går slik: So stavrar eg fram gjenom verdi,/ so trøytt som ein broten træl./ Eg dragsar ei byrd på herdi:/ sorgi mi tung og fæl,/ – botnlaus og svart som mi eiga sjel.

Eg har det med forfattarar som med rom og sjokolade: Dess mørkare dei er, dess betre likar eg dei.

Og no har eg falle for Jakob Sande.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og
skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen tekstar i heile verda er skrivne for å hamna på ei speleliste for jogging.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis