Ein gründer med hovud

Johan Brox (den yngre) skulle nytta det gode hovudet sitt til å verta samfunnsøkonom, forfattar og journalist. I staden vart han sykkelreparatør og medeigar i ei verksemd verd millionar. Alt før han vart 30.

Foto: CF-Wesenberg
Foto: CF-Wesenberg
Publisert

Dette intervjuet er med Johan Brox. Alt no er de lesarar forvirra, for de har fått med dykk at Dag og Tid i mange år har hatt ein tilsett som heiter Johan Brox. Men nei, dette er ikkje eit intervju med Dag og Tid-Johan. Dette intervjuet er med ein som òg heiter Johan Brox. Desse to Johan-ane er elles i slekt med kvarandre. Vår Johan er son av Ottar Brox, som er grandonkelen til den Johan-en vi intervjuar her. Det er òg slik at underskrivne har ein relasjon til intervjuobjektet. Då eg slutta i Klassekampen, hadde eg litt dårleg samvit. Eg las ein kronikk i Aftenpostens konkurranse for unge skribentar. Han var skriven av Johan som eg her intervjuar, og handla om samfunnsøkonomi. Eg ringde redaktøren i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, og sa at den fyren burde han tilsetja, og det gjorde han. Sånn, då var alle kort på bordet.

Portrettintervjusjangeren liknar på det Arne Skouen sa om sportsjournalistikk: Det er ein god start for dei som vil leva av å skriva, men det er òg ein sjanger ein bør koma seg snøgt bort frå. For det er ein gudsjammerleg sjølvoppteken sjanger. Held ein på med å skriva portrett år etter år, vert ein til slutt gullpenn og ordonanist; forma vil til slutt vinna over innhaldet. Men vi gjer eit unnatak for Johan.

I nokre månader no har eg vorte jamt sur kvar gong eg har måtte henta fram barberhøvelen. Gillette har nemleg gjort Mach Turbo-serien mykje dårlegare, både blada og glideflata har vorte klart ringare. Det høyrest i utgangspunktet dumt ut, men forklaringa er nokså enkel: For nokre år sidan lanserte Gillette ein ny og dyr serie som heiter Fusion. Problemet var berre at den gamle serien, Mach, gjorde det betre på testar enn Fusion, og dimed har for få vore viljuge til å gå over til Fusion, som kostar godt over 200 kroner for fire blad. Svaret? Å gjera Mach mykje dårlegare. Det er heller ikkje heilt lett å boikotta Gillette, for det einaste alternativet i vanlege butikkar er eingongshøvelen til Bic, og den er dårleg, den.

Eg trong å finna ein å snakka med om barberproblema mine. Ein eller annan stad bak i hjernen dukka brått namnet Johan Brox opp. Han hadde nemleg vore på TV 2s forbrukarprogram og presentert ein tradisjonell høvel som berre kosta 10 prosent av det Gillette skulle ha for Fusion. Likevel vann den tradisjonelle høvelen suverent. Eg ringde han og fekk ei lang førelesing om kva eg skulle kjøpa og kvifor Gillette har teke 70 prosent av barberbladsalet med eit produkt som er langt dårlegare enn dei tradisjonelle høvlane fedrane våre nytta.

Men den unge Johan Brox eg kjende til, var både eit stort akademisk og journalistisk talent. Korleis hadde han av alle ting hamna i barberbransjen? Det ville eg finna ut. Folkelege som vi er, avtalar vi å møtast på The Scotsman på Karl Johan. Då eg kjem gåande ned paradegata, ser eg ein lang tynn fyr med sykkelhjelm. I venstre handa ber han ein sykkel som er slått saman til ein liten stresskoffert, som han tek med seg inn og set ved sida av bordet vi slår oss ned ved.

– Det tek berre åtte sekund å slå han saman og ut. Det er suverent mykje betre enn nokon annan slik sykkel, men så er det også originalen som vert produsert i London. Vi er no i ferd med å få han inn på norske flyplassar, slik at folk kan han med seg rett til gaten, fly til Barcelona og sykla til hotellet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement