Ein fri mann

Ottar Grepstad er eit heilt nynorskapparat aleine. I tjue år har han vore ein einmanns knutepunktsinstitusjon. Det oppstår eit betydeleg tomrom når han no pensjonerer seg frå Nynorsk kultursentrum på Ivar Aasen-tunet.

– Vi nynorskbrukarar er avhengige av at bokmålsbrukarane skjerpar seg ved å ta vare på språket sitt og ikkje vere så lemfeldige med engelsk som mange er, seier Ottar Grepstad.
– Vi nynorskbrukarar er avhengige av at bokmålsbrukarane skjerpar seg ved å ta vare på språket sitt og ikkje vere så lemfeldige med engelsk som mange er, seier Ottar Grepstad.
Publisert

Spør du Ottar Grepstad kva som har gjort han til nynorskstrategen framfor nokon i vår tid, får du eit ærleg svar: Han har arbeidd for å skaffe seg makt og skulle gjerne hatt mykje meir av det slaget enn han fekk. Når du sit i ein posisjon, skal du bruke han til noko, meiner han. Ikkje for deg sjølv, men for å skape endring. I dette tilfellet til å skape eit samfunn der bokmål og nynorsk ikkje berre er to jamstelte, men også nesten like viktige språk.

– Du må tenkje: Kva er viktig å få til og korleis skal du klare det? Eg har ein allmennpolitisk bakgrunn, og strategi er ein del av den mentale kvardagen min. Men det krev at andre er samde med deg. Eg har hatt mine metodar for å vinne tillit hjå folk. Det gjeld å ikkje bli teken i lettvintheiter eller ha andre motiv enn dei du seier, og du skal vere reieleg og vedgå feil.

– Måtte lykkast

Grunntanken hans har vore å snakke over hindera og prøve å vere suveren på vegner av nynorskbrukarane. Ikkje fortape seg i offerrolla og dei endelause dommedagsprofetiane.

– Føresetnaden for dei som sette i gang Aasen-senteret, var å forstå nynorsk på nynorskens eigne premissar, og det har vi prøvd å gjere.

– Kva såg du for deg då du tok til som sjef for Nynorsk kultursentrum i 1999?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement