Mat

Ein by av dufter

Her kan ein velje og vrake blant alle naturens dufter.
Her kan ein velje og vrake blant alle naturens dufter.
Publisert

Få bøker har gjort så sterkt inntrykk på meg som Parfymen – historien om en morder, debutromanen til den tyske forfattaren Patrick Süskind. Ho kom ut i glansperioden til Den norske Bokklubben – annankvar nordmann hadde boka i hylla, og suksessen var så enorm på verdsbasis at Süskind aldri klarte å følgje han opp.

Historia om den ytst spesielle ungguten Grenouille er då òg så original og bisarr at ein skal vere temmeleg blasert for å stille seg likegyldig. Kort fortalt handlar det om ein barneheimsgut med ein heilt usedvanleg nase, han kan til dømes fortelje ein erfaren parfymemakar nøyaktig kva ingrediensar ei duft inneheld.

Parfymemakaren tilset han sporenstreks som assistent, og Grenouille utviklar i si monumentale einsemd ei tru på at han er i stand til å fange essensen av dufta til ei ung kvinne, og det er derifrå det verkeleg byrjar å bli makabert. Boka vart filma, med sterk sans for nitide detaljar i folkekultur og klesdrakter, og den franske parfymebyen Grasse er sentrum for handlinga, som mellom anna hadde sjølvaste Dustin Hoffman i rolla som parfymemakaren.

Sidan Grasse berre er ein liten busstur unna min vanlege franske tilhaldsstad, måtte vi sjølvsagt ta turen, sjølv om «liten busstur» i dette landskapet så absolutt ikkje er utan prøvingar. Vegane er så infernalsk svingete at balansenerven din blir forvirra, og det blir ikkje betre av at franske sjåførar meiner at vitsen med ein gasspedal er at han alltid skal bli tråkka i botn.

Vel framme i Grasse veltar minna frå boka og bileta frå filmen opp. Sjølv om vi var i den sørfranske høgsommaren med steikande sol og asurblå himmel, var den gloomy kjensla bastant til stades. Om den uhyggekjensla var blitt planta i meg som ein fordom, kan godt vere, men ho forlét meg heller aldri mens eg var der.

Bysentrumet har tronge gater med fem–seks etasjar høge gamle hus på kvar side, noko som gir ei trykkande kjensle. Eg kunne ved kvart gatehjørne levande førestille meg at Grenouille kom snikande med ein striesekk som inneheldt liket av endå ei vakker, raudhåra ung jente.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement