Kunst

Ein annan venleik

Den svenske kunstnaren Lars Lerin målar trøystesløysa med akvarellar i storformat. Det er ei togreise verdt.

Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.
Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.
Publisert

Kunst

«Vår ære og vår makt har hvite seil oss brakt», song Bjørnson stolt, men i oljealderen er dette noko utdatert. Men den etter kvart utflagga næringa har i det minste etterlate seg mange flotte bygningar, bygde og brukte som sjømannsskular. Den flottaste tronar i Ekebergåsen i Oslo. Ein god nummer to finn vi midt i Tønsberg: ein borgliknande teglsteinsbygning frå 1920, pynta med veggfaste skulpturar, som ligg på ei høgd brukt som tingstad i vikingtida. I 1995 vart bygningen bygd om til kunstmuseum, og i 2009 vart det innordna som del av Vestfoldmusea. 20 år er kort tid for eit museum, men Haugar har alt fått ein tydeleg posisjon i den norske kunstverda.

For kunstinteresserte elles i landet er Tønsberg rett nok eit fjernt distrikt. Men museet ligg like ved jarnbanestasjonen. No er heile andre etasje sett av til ei stor utstillinga av akvarellane til den svenske kunstnaren Lars Lerin. Dei er sanneleg ei togreise verdt.

Lerin, som er fødd i 1954, voks opp i ei «folkehemsblokk» i ein liten sosialdemokratisk jarnverksstad, Munkfors i Värmland. Faren var landslagsspelar i bandy, men familien og staden gav òg tilgang på kulturelle impulsar, særleg biletkunst. I 70-åra studerte Lerin i Göteborg, og i 80-åra var han i Stockholm. Innebygd i dette er ei typisk kunstnarforteljing som vart prega av Lerins homofile legning. Frå 1988 til 2000 budde han saman med ein yngre norsk kunstnar i Svolvær, noko som vart avbrote av ukontrollert alkohol- og pillemisbruk, som sende han attende til Värmland og ei vellukka avrusing.

Etter det har karrieren berre gått oppover: Til ei utstilling i Stockholm kom 100.000 personar. Produktiviteten er stor, det same med dugleiken, og prisane. Skal du ha ein akvarell av Lerin, må du ut med minst 150.000 kroner. No har han fått eige museum i Karlstad, i ein gamal dansebandrestaurant, opna av Christer Sjögren, Vikingarna himself. Dessutan har Lerin vorte radio- og TV-kjendis. Mellom alt dette har han gjeve ut 50 eigenillustrerte bøker. No er han gift med ein brasiliansk dansar. Ein film om alt dette vert vist på utstillinga.

Storformat

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement