Kunst
Ei ordna verd som kan oppløysast
Monumentale verk som krinsar rundt generalprøva på den andre verdskrigen: bombinga av Guernica.
«Overrekkelsen»
Den no 51 år gamle Vebjørn Sand er ein figurativ målar som har ei ikkje akkurat smålåten karriere bak seg – og ei endå større framføre seg? Då han var 40 år, annonserte han at han kunstnarleg ville vera på topp når han var 50. Kunststilen hans er i det minste no på topp.
Frå 60-talet av, og før Sand kom i gang, var det å vera figurativ i seg sjølv kritikkverdig. Men den abstrakte og nonfigurative modernismen bar i seg sin eigen motsetnad. Han kravde at kunst alltid skulle vera ny og provoserande, og til slutt, då modernismen sjølv ikkje lenger var ny og provoserande, var det att berre éin måte å oppfylla dette kravet, og det var ved at modernismen vart det motsette av seg sjølv.
Ramaskrik frå Janteland
Nerdrum vart invitert inn i Museet for samtidskunst. At han påsto at han ikkje laga kunst, men kitsch, vart tolka som uttrykk for ein heilt ny og provoserande form for kunst. Etter det har postmodernismen gjort at alt er mogeleg. Installasjonar er rett nok populære i rike og offentlege musé, men berre som eitt av fleire uttrykk.
Då Sand byrja karrieren sin på slutten av 80-talet var det difor rimeleg greitt å vera figurativ målar. Det spesielle med Sand, og som gjorde at han straks stakk seg ut, var at han i tillegg var ein performancekunstnar like mykje som – og betre enn – modernistane. Han vart tidleg kjent for prosjekta sine. I 1998 kunne vi, nede frå byen, sjå tre grøne, lysande telt i Holmenkollen, seinare erstatta av ei like lysande Keplerstjerner. Etter det har han lage fleire utplasserte versjonar av ei Leonardobru. Han har òg stukke seg, for nokon, tvilsamt fram med å måla portrett av slike lite politisk korrekte folk som Rimi-Hagen og Fredriksen-døtrene.
Det har difor kome nokre ramaskrik frå Janteland. Men kunstnarar er sjølvstendig næringsdrivande, og må driva med marknadsføring. Her har Sand lukkast. Bileta hans ligg no i høgaste prisklasse for norske kunstnarar. Eit av dei vart nylig selt for 150.000 dollar i New York. Biletet høyrde til i eit prosjekt der Sand laga ein serie – eller frise, slik Munch laga ein livsfrise – som tok sikte på å tydeleggjera det Hannah Arendt kalla «vondskapens banalitet»: bilete frå andre verdskrig der kontrasten mellom ei overflate av borgarleg idyll og rutinar på eine sida, og djup vondskap på andre sida, vert synleg, til dømes i ein pastisj på Krøyers Hip-Hip- Hurrah!-bilete, der nazioffiserar skålar etter den vellukka Wansee-konferansen. Denne frisa har sidan vore ute på ein lengre utstillingstillingsturné kring i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.