Reportasje
Ei instinktiv glede
Jaktglede handlar mellom anna om dødelege skot. Kan vi gle oss over å ta liv?
Sjølvportrett med den første hjorten eg har skote.
Foto: Siri Helle
Lytt til artikkelen:
For nokre veker sidan skaut eg min fyrste hjort. Det var ei akkurat så stor og viktig og overskridande oppleving som eg hadde sett føre meg – pluss litt til.
Eg hadde gått ein heil jaktsesong med rifle i hendene utan å skyte hjort. Men eg hadde tenkt mykje – mykje – på korleis det fyrste skotet kom til å verte. Tenkt på tekniske ting som at eg måtte hugse å lade igjen med éin gong for å kunne skyte skot nummer to dersom det vart naudsynt. Tenkt om att og om att på dei par gongane eg hadde høve til å skyte, men ikkje gjorde det – angra, og samstundes sagt til meg sjølv at det var riktig, at det kan vere feil å skyte, men aldri er feil å late vere. Drøymt, med rifla i hendene dagdrøymer ein konstant, eigentleg, medan ein går: Om det dukkar opp eit dyr på myra der ute, no, då kjem det i perfekt avstand, og med breisida til, då skal eg sleppe meg ned på høgre kne, støtte rifla med venstre olboge på venstre kne, sikte, ta av sikringa, plystre for å få dyret til å stoppe, sjå at det står i ro, puste – og skyte.
For til sjuande og sist er det det jakt handlar om: skotet. Det dødelege treffet.
Spør du ein jeger kvifor ho jaktar, vil du få ei rekke ulike svar: Nokre vil trekke fram naturopplevinga, andre fellesskapet i jaktlaget, å vere med på å forvalte eit økosystem, kjøtet som vert til god mat, eller rett og slett frisk luft og trening. Somme – truleg ein god del – vil velje seg spenninga. Men du vil finne få – meg inkludert – som trekker fram det å skyte dødelege skot som det største, viktigaste, beste ved å gå på jakt. Likevel er det sikkert og visst: Ei verkeleg vellukka jakt får du fyrst når du tek livet av eit dyr. Og det er ekstra stas å vere den som trykker på avtrekkaren.
Kvifor er det slik? Kor kjem denne gleda over å ta liv frå?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.