– Eg er laga av litteratur som ikkje er skriven

– Eg snakkar gjerne med diktinga, for slik fungerer hovudet mitt, seier brageprisvinnar Cecilie Løveid.

Cecilie Løveid ser på seg sjølv som ein rebell og ei borgarleg hurpe i eitt.
Cecilie Løveid ser på seg sjølv som ein rebell og ei borgarleg hurpe i eitt.
Publisert

Slik Cecilie Løveid har tolka mor si, skulle ho ikkje ha komme til verda. Men fødd blei ho, og to familiar ville adoptere henne. Men så var det dette raude håret som dei ikkje ville ha. I staden voks ho opp hjå besteforeldra i Bergen.

– Kva kunne norsk litteratur ha mista dersom du aldri hadde sett dagsens lys?

– Ein rebell. Men sterkt miksa med ei ganske borgarleg hurpe, ein litt sint kikador som alltid veit betre og alltid har løysinga. Så finst det kanskje små hint av søtt og mjukt inni der ein stad. Etter barnebøkene var det første litterære rommet mitt ein god, gammaldags skulekanon. Profil-folka opplevde eg som kjempespennande og fornyande. Og ganske frekke. Samlinga F.eks. juli av Eldrid Lunden var heilt vedunderleg, men så fekk eg vite at ho blei «tvangsutgitt» utan hennar samtykke. Det gjorde inntrykk på meg, som berre ville bli trykt, koste kva det koste ville.

– Korleis blir bøkene dine til?

– Ofte som ein visjon, ei stemme i hovudet. Men oftare oppstår dei via ei førstesetning som berre ber om å bli skriven. Slike setningar er viktige, men kan kanskje bli skifta ut seinare i prosessen. Forbløffande ofte er likevel den setninga avgjerande. Eg snakkar gjerne med diktinga, for slik fungerer hovudet mitt.

Og Løveid snakkar med andre diktarar, som John Donne, Gunvor Hofmo og Nelly Sachs, og siterer dei gjerne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement