Reportasje
¿ Eg er heime
HOLMEDAL: Aldri har eg sett så mange moglegheiter som etter at eg bestemte meg for å halde meg i ro på ein einaste plass.
Der nede skal eg bu – kanskje for alltid?
Alle foto: Privat
Lytt til artikkelen:
Barneskulevegen min var 850 meter lang, og eg kjende kvar einaste centimeter. Eg visste kor mange kvite striper det var langs kanten, kor mange skritt eg brukte langs kvar stripe, sjølvsagt kor eg var halvvegs og kor langt unna skulen eg kunne vere når klokka ringde og likevel ikkje kome for seint.
Det einaste eg ikkje skjøna, var kvifor det var ein rasteplass sånn litt etter halvvegs. Rasteplassen låg mellom vegen og fjorden og var ikkje meir enn ein gruslagd plass med eit skilt, ein trebenk og eit bosspann. Men det var ikkje rasteplassen i seg sjølv det var noko gale med, men at han låg her. Hos meg. Heime. Rasteplassar er jo for alle andre stader. Alle dei ukjende. Kvifor skulle nokon ville stoppe her?
No, når eg flyttar heim att drygt tjue år etter at eg flytta på min fyrste hybel, skjønar eg det. Eg skjønar at den skålforma dalen som syner seg nordover, rett og slett er vakker. Dalbotnen ligg eit par hundre meter over fjorden og strekker seg oppover frå det 630 meter høge Bakkefjellet i aust via Moldura (837 meter) i nord til Dokka (756 meter) i vest. Fjorden er ikkje spektakulær og difor heller ikkje trykkande eller trong, berre rund og god og fin. Eg snur meg mot Dalsfjorden sør for vegen og ser at denne fjorden har noko ingen andre fjordar har – eg veit ikkje akkurat kva, men igjen er det ei blanding av å vere open og omringa av tøffe fjell, av innland og kontakt med havet utanfor.
At eg ser barndomsbygda mi i eit nytt lys når eg flyttar attende, er ikkje unikt, kanskje ikkje eingong særleg rart, men likevel er det frykteleg viktig: Eg flyttar ikkje fyrst og fremst heim til noko eg kjende frå før eg fór. Eg buset meg for å bygge meg ein splitter ny og varig heim.
«Heime er der tannkosten er», har eg tenkt i store delar av livet, og tannkosten får plass i baklomma, og det kostar ikkje ein gong noko særleg å ha fleire. Sidan den fyrste hybelen min då eg gjekk på vidaregåande, har eg budd i seks fylke og fem land, flytta inn og ut av Bergen minst fire gonger og Oslo to. Nokre gonger har eg flytta av mistrivsel, men langt i frå alltid – oftare berre fordi noko kanskje var meir spanande ein annan stad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.