JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Dyrtids tale

Er det så lett å få ned renta på bustadlånet som alle skal ha det til?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11047
20230310
11047
20230310

maylinnclement@hotmail.com

Det er snart lunsjtider, og eg er så spent. I dag tidleg, med ein gong gutane var gått til skulen, gjorde eg noko eg aldri før har gjort.

Eg sende e-post til Lene, rådgjevaren min i banken. «Har du tid til ein prat om renta på bustadlånet vårt», spurde eg.

Kva grep har de gjort i dyrtida, spurde ein ven frå Jæren som var på besøk nyleg.

Sjølv hadde han nett teke runden med forsikringane sine, eller rettare sagt: Runden hadde nett teke han. Han hadde forsikringar i Tryg, då If ein dag ringde og kom med eit tilbod.

Han var så inne og sjekka prisane sine hos Tryg, som låg 5000 over det If presenterte. Ikkje før hadde han logga ut av Tryg, før dei var på tråden: «Hei, me ser du har vore inne og sjekka forsikringane dine? Kva kan me gjera for deg?»

Kameraten min sa det som det var, at no hadde If kome med eit betre tilbod, og med berre nokre kjappe tastetrykk kunne Tryg gå endå lågare ned enn If.

– Så eg enda med å bli hos Tryg, til 7000 kroner mindre i året.

Litt snurt var han likevel, for er det slik at Tryg over tid har teke 7000 meir i året enn dei eigentleg trong? Han hadde i grunnen lyst å skifta berre for å straffa dei.

– For ei historie, utbraut eg medan eg leita etter ei tilsvarande eg kunne koma med.

Kva grep hadde eg eigentleg gjort?

– Me har slutta å kjøpa agurk i butikk. Han gjekk frå 18,90 til 24,90 – slik, sa eg og knipsa.

I staden kjøper me agurk i lausvekt, når det lèt seg gjera. Så før jærbuen kom nordover, bad eg han om å gå innom gardsutsalet på Skjæveland. Der har dei agurkar til 18 kroner kiloen. Ikkje slike store og rette som dei sel i butikken, men mindre og krøllete mikroagurkar, som sjølvsagt smakar like godt, om ikkje betre enn dei dyre.

Ein kan ikkje vera med på alle prishopp. Det er slike prisar som får sluttsummen på kassalappen til å verta synleg stor. Ein plass må ein setja strek, seia at nok er nok. Til dømes heiter det ikkje lenger Doc halslinser (nær 600 kroner kiloen) når eg har vondt i halsen. Frå no av heiter det Gul kamfer (rundt 180 kroner kiloen).

Revolusjonar har starta med høge matprisar. Det er som eg høyrer ein klang frå fortida: «Lat dei eta kamfer!»

Medan dei superrike flyttar frå landet, vert me andre att heime og kjempar som forbrukarar.

– Så har me sagt opp HBO Max, men tek nok ein månad når neste sesong av Succession kjem.

Eg samanlikna forsikringskostnadane mine med kameraten min, eg i Frende og han i Tryg, og såg at me kom nokolunde likt ut. Men bustadlåna våre, derimot, der kom eg til kort.

Han har lån i Bulder – «Norges råeste bankapp» – den hippe veslebroren til Sparebanken Vest. Eg har lån i Noregs nest eldste bank, nemleg storebroren Sparebanken Vest, og logga meg inn for å sjå aktiviteten.

Den flytande renta er vorten kraftig demd opp for det siste året. I februar i fjor var ho på 2,44 prosent. Då betalte eg 3604 kroner i avdrag og 3220 kroner renter. Saman med terminkostnaden på 65 kroner, altså det eg betaler kvar månad for å få lov til å betala ned på lånet mitt, trur eg, vart det i alt 6889 kroner den månaden.

No i februar betalte eg i alt 9303 kroner. Renta er på 4,69 prosent, som blir 6555 kroner. Avdraget denne månaden er berre på 2422 og terminkostnaden framleis på 65 kroner.

I skrivande stund har eg ei restgjeld på 1.734.001 kroner, av eit lån på totalt 1.800.000 kroner. Fylgjer eg nedbetalingsplanen til banken, er eg gjeldfri den 22. august 2051. Det passar i grunnen fint, for same år skal eg byrja å få pensjon.

Eg har vore fysisk i banken nokre gongar, éin gong for å oppretta bustadlånet då me kjøpte huset i 2015, og tre gongar for å auka det i samband med oppussing av bad, kjøken og sist taket i 2021. Kvar gong går me inn på eit kontor, rådgjevaren koplar ein leidning til laptopen sin, trykkjer litt på tastaturet, og all informasjon om økonomien min kjem opp på ein stor skjerm.

– Wow, May Linn, du har stålkontroll, seier ho.

– Du er jo kjempeflink til å spara!

Eg raudnar. Ingenting er som å få skryt frå tilsette i banken.

Då det hadde gått ein time utan at Lene hadde svara på e-posten min, ringde eg henne. Direktenummeret står under profilbiletet når eg loggar inn på nettbanken, og i løpet av året får eg fleire meldingar om at eg berre må ta kontakt om ho kan hjelpa meg med noko. Eg set pris på desse meldingane, sjølv om dei sikkert er masseproduserte, men eg har ikkje nytta meg av tilbodet før.

Det er den gode, imøtekommande rådgjevaren som svarar i andre enden.

– Du har god sikkerheit, seier ho, og igjen vert eg varm i brystet, rørt av meg sjølv og den økonomiske sansen min.

Sikkerheit har med evna å betala ned på lånet å gjera, og eg har aldri hatt behov eller lyst til å maksa lånet. Eg vil ikkje låna meir enn eg har råd til, og eg vert aldri for vaksen til å få ros frå Lene.

Men eg er for vaksen til å vera ung i bankrenteland, tydelegvis. Der er ein ung og får lågare rente til ein er 34 år. Ein kan òg få lågare rente om huset er energimerkt A eller B. Eg er vorten 36 utan å merka det og kan etterisolera det gamle huset så mykje eg vil, det vil aldri nå energimerke A eller B.

Eigentleg er ikkje renta mi så galen, fortel Lene. Utgangspunktet mitt, ifylgje prislista deira, er 5,05 prosent – den høgaste bustadrenta banken har.

– Du betaler i dag 4,69 prosent, eller eigentleg 4,49, etter at utbytet på 0,2 prosent vert trekt frå.

Stemmer, det. Banken min har dei siste åra slått stort opp at dei praktiserer utbyte på lån og innskot, og eg har fått nokre tusenlappar i retur. For litt sidan skreiv banken på Facebook:

«Styret går inn for REKORDSTORT kundeutbytte i år. [geipande smilefjes med dollarteikn i augo] Nå er vi nysgjerrige på hva DU vil bruke pengene til. Ferie? [palme-emoji] Oppussing? [hammar-emoji]»

Med mindre ein bruker utbytet til å betala ned på lånet, går det vel ikkje an å trekkja det frå på renteutrekninga? Å trekkja frå kundeutbytet vert som å ikkje rekna med panten når ein kjøper brus, og så panta flaskene for å kjøpa ny brus, og så bortetter.

Før eg i det heile teke kontaktar Lene, søkjer eg på nettet etter tips og triks for å pruta på renta. Det er mange råd der ute, som å henta inn tilbod frå andre bankar og bruka som pressmiddel, trua med å skifta bank eller berre skifta bank.

To til forveksling like avissjangrar er artiklane der psykologar oppdaterer oss på samlivsfronten og økonomar oppdaterer oss på bankfronten. Begge handlar om utfordringar i forholdet, kva du skal finna deg i og ikkje, og kva teikn du skal sjå etter før du stikk.

Finansportalen.no er ein slags Tinder for bustadlån. Du tastar inn alder, litt om økonomien din og kva du ser etter i eit lån, og får opp kven som passar deg best.

Til liks med talet på skilsmisser har talet på folk som skiftar bank, gått noko ned. Altfor få nordmenn, berre 5–6 prosent av oss, skiftar bank i løpet av eit år, seier spareekspert Hallgeir Kvadsheim, eit namn ein ikkje kan skriva utan å leggja til «kjend frå Luksusfellen».

Han har gjort det til eit levebrød å koma med pengetips, og på nettsida hans, Hallgeirkvadsheim.no, kan du booka seks ulike føredrag med utgangspunkt i privatøkonomi.

Prisen på føredraga er ikkje oppgitt. Fyrst må du koma med ein førespurnad, under fullt namn og med nummer, og haka av på at du ikkje er ein robot.

Me er for lojale mot banken vår, seier Hallgeir, og det kan kosta oss dyrt.

Eg får inntrykk av at eg kan velja og vraka, at eg er ungkarskvinna i ein roseseremoni, at bankane står i kø for å få lov til å husa meg og bustadlånet mitt.

Men eg tilhøyrer dei lojale 94–95 prosentane. Eg skiftar partnar oftare enn eg skiftar bank. Eg har halde meg til same banken heile livet. Men no er eg litt på hogget her. Samtidig som eg vil at Lene skal lika meg, vil eg ho skal vita at eg open for det meste.

Det kjem jo heilt an på denne renta, kjenner eg.

Eg trur ikkje berre kundane, men også dei som arbeider i bankane, les desse tipsa frå Luksusfelle-Hallgeir og dei andre samlivsekspertane. Lene kjenner til prutemønsteret. Difor er eg nøgd med dette direkte, men høflege spørsmålet eg har skrive ned og stiller henne når eg ringjer:

– Heilt uavhengig av kva vennane mine betaler på sine lån, eller kva andre bankar kan tilby, kor låg rente kan de gje meg i dag?

– Du høyrer frå meg i løpet av dagen, seier ho.

– Eg vil forhandla renta for deg.

Forhandla. Eg ser henne for meg der ho slår knyttneven i forhandlingsbordet og talar mi sak. Dette er ei smart kvinne! Ho har vore på Finansportalen.no
og veit at 4,69 prosent er blant dei dårlegaste satsane på marknaden. Kom an, me kan ikkje miste denne lojale kunden!

– Eg skal sjå kva eg får til, seier Lene før me legg på og eg får flashback til kvifor eg ikkje prutar.

For eg prutar ikkje. Det er iallfall det eg plar seie om meg sjølv. Eg tipsar alltid og prutar aldri, seier eg.

Eg er oppvaksen med å høyra prutarar prøva seg på mor, og som regel fekk dei gjennomslag. For i kjellaren heime, der ho dreiv rammeverkstad, kunne ikkje kunden få det billeg nok.

– No ringjer det på i kjellaren, sa mor og sprang frå den urørte middagstallerken og ned trappene.

For sjølv om det stod på skiltet at rammeverkstaden var open til 16.30, så kom kundar som oftast etter det, når dei sjølve var ferdige på arbeid og hadde ete middag.

Mor tok imot rullar med måleri som kunden hadde pruta ned til ein slant og ingenting frå gateseljarar i Syden. Då kunsten i seg sjølv var så billeg, ville dei ikkje leggja noko særleg i innramminga – så kor mykje vart det på?

Mor måla opp, rekna ut og runda ned, og når ho presenterte ein omtrentleg sluttsum på blind­ramme, list og oppheng, var det til store augo og gisp. «Oi, vart det såpass?» Det var jo meir enn kunsten kosta, og det skulle då teke seg ut om ramma kosta meir enn motivet! Hadde ho ikkje høve til å trekkja av litt til? Og endå litt?

– Eg skal sjå kva eg får til, var refrenget til mor, før den sydenbrune kunden gjekk vinnande ut døra og mor kom opp att og åt den kalde mid­dagen sin åleine.

På 1990-talet var det dyrtid heile tida, heime hos oss iallfall. Renta på bustadlånet låg og slumra på 13 prosent – det er ikkje noko eg har søkt opp og funne ut av i dag, men noko eg høyrde så mange gongar at det har brent seg fast.

Syster mi meiner det har gjeve henne varige mein å høyra om utgifter og rekningar som hopa seg, kor skulle dei ta pengane frå?

– Eg låg om natta og var redd for at me ikkje skulle ha råd til å fostra deg opp, har ho sagt når me vert sitjande og mimra om det tronge 90-talet, som eg støtt og stadig saknar litt.

Pling!

Melding frå banken. Rentesatsen for lånet mitt er endra, eg skundar meg til næraste datamaskin og loggar meg inn. 4,55 prosent, det er 0,14 lågare enn 4,69. Trekkjer eg frå panten, eg meiner kundeutbytet, vert renta 4,35. På nedbetalingsplanen utgjer dette ei innsparing på 145 kroner – litt meir enn fem agurkar – i månaden, 1740 kroner i året. Det er knapt nok til å oppgradera til Doc halslinser.

Eg har ikkje flørta med konkurrentane for siste gong.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis